Referat frå Rotarymøte
07.03.2018:
President Bastian ønska vel møtt til Presidenten sin time,
og spesielt til kvelden sin gjest, Roald Mork.
Videre presenterte han litt av det som har skjedd denne
datoen, 7. mars, opp i gjennom historia:
Arild og Are har navnedag.
1714: Den Spanske Arvefølgekrig blei avslutta med freden i
Rastatt. Nederland blei sjølstendig frå Spania.
1904: I disse olympiske tider, kan også nevnes, at ein stor
olympier og skøyteløper, Ivar Ballangrud blei født på denne datoen. 4 VM, 4 EM,
4 OL- gull og 5 NM var resultatet av skøytekarriera hans.
1906: I høve dagen før kvinnedagen: I Finland fikk kvinnene
stemmerett. Dette var første land i verda. I Norge fekk kvinnene stemmerett i
1913.
1936: Tyskland marsjerte inn i Rhinland og braut dermed
avtale frå tida etter første verdenskrig.
Trubadur Olav lengter etter våren, og i det høve hadde han
funne fram ein riktig vårsang: «Å høyr no lerka». Tekst av presten Anders
Hovden etter melodi av sjølvaste Mozart.
Sekretær Knut Henning forkynte at det er Jarle og Olav
Utgård sin tur til BUAS- besøk.
Bursdager: Sindre, som referent trur er yngste medlem i SRK,
fyller 41 år 9. mars, og Knut Henning
sjøl fyller 44 år samme datoen..
Oppmøtet sist var ikkje så ille , 25 frammøtte, som med permisjoner og fritak ga 69 % frammøte.
Knut Henning fortsatte med dagens 3 minutt som han meinte
kom til å strekke seg til minst 5 minutt.
Han tok utgangspunkt i dei bygningene som er i ferd med å
reise seg ved båthavna her i Sykkylven (Aureosen Brygge). Dette er to bygninger som inneheld
leiligheter i andre og tredje etasje. Men det var ikkje dei han ville snakke
om.Det var innhaldet i første etasje. I den eine bygninga er det i ferd med å
bli ein restaurant. Denne vil få alle rettigheter, og ein vil kunne kjøpe seg
ein bedre middag her.
Men det mest interessante er nok det som ligg i 1. etasje i
den andre bygninga. Her er det planlagt leikeland med 4 meter høg buldrevegg.
Under vil det ligge ein tjukkas, slik at ein ikkje slår seg om ein ramler
ned. Videre er det planlagt ei Ninjaløype med forskjellig vanskegrad. Videre ei
småbarnsavdeling og ein liten kafe der ein kan få noko å bite i.
Knut Henning presenterte oss for følgende problemstilling:
Kva skal dette heite ? Er Randers eit godt forslag, eller er berre Ninjaparken
godt nok? Så vidt referent var i stand til å lodde stemninga, synes dei fleste
at Randers var ein god ide. Kristoffer Randers, som levde frå 1859 til 1917,
var ein ivrig fjellmann, og han skreiv Reisehåndbok for Sunnmøre. Denne boka er
kome i ikkje mindre enn, 4 opplag. I alle fall er Randers lett å sei, medan Ninjaparken
kanskje er litt tyngre. Kan muligens også virke avgrensende til ei bestemt
aldersgruppe. (7 – 14 år ?) Knut Henning ønsker derimot at ung og gammel skal delta i dei ulike aktivitetene. Uansett blir det spennende når parken
åpner til hausten.
Etter Rotarykaffe og fenomenalt gode eplekaker, orienterte
president Bastian frå Guvenørens månedsbrev for mars. Den noverende Guvenør, Wictor skriv korte brev så det er overkommelig å lese dette. Referent berre
nevner at det blir kurs for kommende presidenter (PETS) om to helger. Vår
visepresident Greta deltek sjølsagt.
Bastian nevnte også Styreseminar som blir arrangert 7 april
i Ålesund.
Årsfesten blir kvelden før, 6. april, og til no er det lovende, 35
påmeldte.
Tilslutt fekk visepresident Greta ordet: Ho ville gjerne ha
ein diskusjon og «input» om innhaldet i
det kommende Rotaryår.
Det var særlig 3 forhold ho ville ha synspunkt på:
1.
Årshjulet og møtefrekvens.
2.
Om vi skal delta i fleire samfunnsprosjekt og
engasjere oss meir i samfunnet.
3.
Innholdet i møta.
Etter innleinga til Greta, fekk kvart bord utdelt papir og
penn og så diskutere seg så fram til synspunkt på dei tre problemstillingene. Det
bordet, som referent satt ved, hadde i alle fall mange synspunkt. Olav førte
desse i pennen. Eg trur Greta vil få mange nyttige innspel for det komande
Rotaryår.
Til slutt takka president Bastian for eit godt frammøte, minte om
neste møte med RYLA- deltakere og ønska vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.