Referat frå Rotarymøte 14.03.2018:
President Bastian ønska vel møtt til dette Rotarymøte 14.
mars. Spesielt vel møtt til våre to gjester Solveig Gaundal og Andreas
Skjortnes Bøe. Dette var våre to deltakere til fjorårets RYLA.
Tradisjonen tru tok presidenten fram noko av det som har
skjedd denne datoen opp i gjennom historia:
1804: Komponisten av Radetzky - marsjen, Johan Strauss d.e.
født.
1879: Albert Einstein født. Fikk Nobelprisen i fysikk i 1921
for relativitetsteorien.
1895: Hjalmar Johansen og Fridtjof Nansen forlot skuta
«Fram» og ga seg i veg mot Nordpolen. Denne var dei imidlertid ikkje i stand
til å nå.
1993: Eit apropos til vinterens skihoppsesong: Espen
Bredesen vann Holmenkollhopprennet dette året.
Trubadur Olav synes at «Mot i brystet, vett i pannen» var
ein fin Rotarysong til dagens RYLA-deltakere. Det var tydelig at denne sangen
hadde vi sunge før. Den lydde både sterkt og friskt.
Sekretær Knut Henning kunne berette at ved forrige møte var
det 27 som møtte. Det gav habile 69 % frammøte. Når det gjaldt bursdager, så
fyller Karl Ramstad 75 år i dag, 14.mars. Sykkylven Rotaryklubb gratulerer J. Bjørg Welle og Petter
Velle står for tur til BUAS- besøk.
3- minutt var ved Almar Kylling. Han kalte innslaget sitt
«Betraktninger om ein bit av livet». Almar kjem frå yrke i næringslivet. Der
var/er forretningsutvikling (Buisness - Development) sentralt. Det er viktig
med prosjektplanlegging der ein setter seg mål og delmål. Denne erfaringa
skulle Almar få bruk for seinere. I 2010 fikk han ei alvorlig hjerneblødning.
Det blei 6 måneders sykehus- og rehabiliteringsopphold. Det var ein krevende og
lærerik periode, der han fikk nytte av erfaringa med prosjektplanlegging. Og no
var det ikkje penger som var prosjektet, men sitt eige liv. Almar fikk sette
seg mål og delmål på samme måte som i næringslivet. Etter kvart som
rehabiliteringa heldt fram, evaluerte
han framgangen eller graden av framgang. Almar måtte bokstavelig talt
lære seg å gå på nytt og ete med kniv og gaffel på nytt. Det blei mykje prøving
og feiling. Til slutt blei resultatet veldig bra. Almar fungerer fint, og så
vidt referent forstår, har han god livskvalitet. Mestring og motivasjon har i denne
prosessen vore veldig viktig. Oppsummeringa til Almar var: «Det er lov å vere
oppgitt, men ikkje gi opp». Eit gripende og lærerikt foredrag av Almar.
Etter Rotarykaffe og sedvanlig gode kaker, var det dei to
Ryla-deltakerne sin tur til foredrag. Solveig Gaundal er 25 år gammel og jobber
ved Ekornes Fabrikker her i Sykkylven. Ho er såkalla CSR- manager. Ho har
mastergrad i Energi Management. Andreas Skjortnes Bøe er 29 år. Er gift og har
eit barn. Han har fagbrev som automatiker og jobber ved Vedlikeholdsavdelinga
ved Ekornes Vestlandske. Disse to deltok ved RYLA – arrangement i Ulsteinvik 9 -11 nov. 2017.
Dei fortalte at dei innleiingsvis tok ein personlighetstest.
Kursholderne hadde klart resulatet av denne då kurset starta. Dette er ein
typologitest som går ut på å plassere dei ulike personlighetstypene langs 4
akser: Energidimensjon der aksen er extrovert – introvert. Opplevelsedimensjon
med sansing – intuisjon. Avgjørelsedimensjon med tenking – følelse. Og til
slutt Livsstildimensjon med aksen avgjørelse – opplevelse. Overraskende nok
hadde Andreas i Energidimensjonen blitt plassert mot introvert. Det er i alle
fall ikkje referent sitt førsteinntrykk.
Programmet var tettpakka og begynte torsdag under leiing av
Rolf Klock med to andre medhjelpere. Denne dagen var ein «bli – kjent» dag. Dei
25 deltakerne blei satt sammen i grupper på 5 og fikk, ved hjelp av ulikt
utstyr, i oppgave å lage til ein slags katapult som skulle skyte eit egg så
langt som mulig. Så vidt refent forstår, var dei ulike gruppen satt saman etter
kva typologi dei hadde. På denne måten skulle dei utfylle kvarandre. Det blei
vist ein liten videosnutt, og resultatet av den utskytninga representerte ingen
fare for omgivelsene.
Fredag var det meir om typologi, i tillegg til bedriftsbesøk
til Kleven Verft. Dette siste var midt i blinken for Andreas.
Laurdag var siste dag, og no lærte deltakerne om
kulturforskjeller og korleis makt påvirker makt. Solveig og Andreas fekk mykje
verdifullt ut av dette.
Som avslutning, fekk gruppene i oppgave å lage eit høgast
mulig spagettitårn. Gruppa til Andreas bygde det nest høgaste tårnet. Men,
fortalte han, det som vant stod akkurat dei 5 sekunda som skulle til for å bli
godtkjent. Like etter ramla det sammen. Forbedringspotensiale når det gjeld
ingeniørkunst med andre ord.
Solveig og Andreas oppsummerte kurset med at det hadde vore
lærerikt og at dei hadde fåtte lære mykje om seg sjøl. Dei fortalte at
deltakerne var frå heile Møre og Romsdal og representerte mange yrker. Nokre
studenter var det også. Kurset er fin anledning til nettverksbygging og å halde kontakt framover.
Som vanlig i møta våre, var det mange spørsmål som blei
besvart så godt dei kunne.
Eit flott foredrag av to flotte ungdomer som SRK ønsker all
mulig hell og lykke både privat og i yrkeslivet.
President Bastian var i det spandable hjørnet og overrakte
dei kvar sin doble ost.
Så runda Presidenten av møte med å minne om tur til
Montesorriskulen i Velledalen neste onsdag og ønska så alle vel heim.
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.