Sykkylven Rotaryklubb besøker Montessoriskulen i Velledalen.

Les referat og sjå bilder frå besøket vårt på Montessoriskulen i Velledalen.


Referat frå Rotarymøte ved Montessoriskulen i Velledalen 21.03.2018:

Denne gangen var SRK på besøk hos Montessoriskulen i Velledalen. Det er ganske nøyaktig 5 år sidan forrige besøk, våren 2013.

Vår rotaryven og rektor ved skulen, Kristin innleia med ei lita orientering om Montessori og pedagogikken bak dette. Det var Italia sin første kvinnelige lege, Maria Montessori som er grunnleggeren. Kortfatta går denne pedagogikken ut på å undervise barna på deira eigne premisser, uten negativ fokusering. Barna skal sjøl søke kunnskap, og har gjerne lengre sammenhengende arbeidsøkter enn i vanlig skule. Det er aldersblanda grupper, og det er lite bøker, men til gjengjeld meir materiell. Arbeidet blir gjerne frå det konkrete mot det abstrakte. Ofte er det læring gjennom praktisk arbeid. Til siste, men ikkje minst, barna tek ansvar når dei får høve til det.

Maria Montessori (1870 - 1952): Grunnleggeren av Montessoripedagogikken

Etter denne innleiinga blei vi vist rundt i dei ulike klasseromma på skulen. Her hadde både lærer og fleire elever tatt seg bryet med å møte opp og vise oss kva dei jobber med og korleis skulen fungerer.   Sjå bilda frå omvisninga under:









Etter omvisninga, samla vi oss igjen. Rektor og rotaryven Kristin fortsatte så si orientering, samstundes som vi drakk kafe og åt aldeles fenomenalt gode sveler.

Kristin tok føre seg noko av dei utfordringene skulen har. Disse er forskjellige frå vi var her i 2013. Då var det spørsmål om nok godkjente lærere og å bygge opp ei stabil personalgruppe. Blir det nok elever?  Korleis blir samarbeidet med kommunen? Og sjølsagt mange skeptikere både til pedagogikken og til det private initiativ.

No opplever Kristin andre utfordringer: Er det nok areal? Korleis handtere venteliste? Er det nok kompetanse innen Montessipedagogikken? Ei utfordring er uforutsigbare statlige tilskot. Er styrekompetansen god nok ? Skulle også gjerne hatt ein Montessoribarnehage. Til sist, men kanskje noko som strir mot sjølve Montessoritanken: Aukande egoisme i samfunnet.

I tillegg til utfordringer, nevnte Kristin fordelene med å ha denne skulen i Velledalen: Den representerer 12 arbeidsplasser. Den skaper identitet og er ein viktig del av Velledalen Kulturpark og miljøet i Velledalen. Grendahuset har gode leigeinntekter, og det er eit anna pedagogisk tilbud til skapergledebygda Sykkylven.

Kristin kom inn på økonomi og ei masse tall som det blei mykje debatt rundt. Referent vil ikkje forsøke å gjengi dette. Det kan like godt bli feil som riktig.

Til slutt avslutta Kristin med at det no ligg inne søknad om å få utvide elevtallet til 90. At det vil bli utfordring arealmessig er vel ikkje utenkelig.

Som takk for den flotte orienteringa, den flotte omvisninga og ikkje minst den gode maten, overrakte president Bastian dei to sedvanlige ostene. Bastian veit at Kristin liker godt ost, så dei blir nok gjort ære på.

Så minte han til slutt om at neste rotarymøte blir Årsfesten 6. april kl 19:00. Så takka han for frammøte og ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS