Referat frå Rotarymøte
25.05.2018:
President Bastian ønska vel møtt og spesielt til kvelden
sine to gjester: Roald Mork og kvelden sin foredragshaldar, Svein Even
Blakstad:
Først litt oppdatering om noko av det som har hendt denne
datoen opp igjennom historia:
1840: Den russiske komponisten Pjotr Tsjaikovskij født.
1917: Den amerikanske jazzsangerinna, Ella Fitzgerald født.
1940: Den amerikanske skuespiller, Al Pacino Født.
1974: Organisasjonen «Fremtiden i våre hender» stifta.
Trubadur Olav såg berre ein mulighet for Rotarysong siden
det nærma seg mai: «Kom mai du skjønne milde». Melodi av sjølvaste Mozart.
Sekretær forkynte at det er Olav E. og Jan F. sin tur til BUAS – besøk.
Frammøte forrige gang var 26 som gav habile 70 % frammøte.
Steinar Klokk heldt 3
minutt om Godleiksveka. Ei gjeng idealister i Kyrkja tromma sammen 60 til 70
organisasjoner her i Sykkylven. Det blei danna ei styringsgruppe som skulle
finne ut kva ein kunne glede folk med i staden for å krangle med kvarandre.
Som eksempel på dette hadde ein gjeng delt ut kaffe og boller i ferjekøa. Noko som
blei svært godt tatt i mot.
Ei oppfølging er planlagt neste år med dagskonferanse.
Sykkylven, opplyste Steinar er den første kommunen i landet som har med seg
heile organisasjonslivet i kommunen.
Etter rotarykaffi var det Svein Even Blakstad sin tur for foredrag
om bedrifta Griff Aviation. Dei held til i lokaler ved Vikøyra, og er litt av
ei grunderbedrift. Dei utvikler og produserer droner med stor løftekapasitet,
noko som er meint å erstatte helikopter.
Prototypen er Griff 135 som løfter lett 30 kg og med ein
totalvekt på opptil 135 kg.
Svein Even understreka at det er viktig at dronen er lett
handterbar. Den skal ikkje vere større enn at ein skal kunne frakte den i bil,
og den skal kunne monteres og gjøres klar til bruk på eit minutt. Den skal vere
logisk og intuitiv å bruke.
Det skal ikkje omsettes droner til våpenformål.
Områder der ein tenker seg dronen brukt er militært (?) –
jordbruk – energi (vindmøller) – maritimt område.
Korleis er så markedsutsiktene? Dei burde vere gode, etter
Svein Even si meining. Så vidt referent forstår, kan vel tilgangen på nok
kapital vere ei begrensning.
GRIFF Aviation er ei virkelige
kunnskapsbedrift her i Sykkylven som er verdensledende innen sitt felt.
Sykkylven Rotary ønsker dei all mulig hell og lykke !
Det formidla også president Bastian og takka av med den
sedvanlige flott innpakka osten.
Så minte han om neste «møte» som er dugnad i Kyrkeparken. Vi
møtes kl 18:00.
Referent
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.