For Sykkylvsbladet, 2018-05-04. Tekst og
foto: Olav Pileberg, 2. mai 2018
Dugnad
i Kyrkjeparken
Vakre vårkveldar kallar på innsats
utandørs, og sist onsdag var det Sykkylven Rotaryklubb som mobiliserte til den
årvisse dugnaden i kyrkjeparken og langs vegane i området.
Konfirmasjonar, nasjonaldag, kyrkjelege
tenester og jamn trafikk av barn og vaksne på leikeplassen, gjer behovet for
eit vakkert og ryddig miljø ekstra stort. Rusk og rask har ingen plass på
trivelege friareal! Rusken-programmet i Oslo skriv seg heilt tilbake til 1976,
og har til og med sin eigen app for å organisere arbeidet! Heldigvis: lysta til
å rydde er generell og spreidd over heile landet! Rotary sin innsats i
Sykkylven er tradisjon frå mange år attende, og arbeidet går alltid med liv og
lyst. Med Geir Brekke som «bas» er opplegget i gode hender. Det er ingen ting
som heiter «godt» eller «dårleg» ver. Onsdagsvêret denne veka var i alle fall
heilt ideelt, og stemninga mellom dei 21 frammøtte var særs god, ikkje minst
når sjølvaste president Bastian Weiberg-Aurdal saman med Rotary-servitør Erik
Solheim baud på kaffi og kakestykke til å bite i! Kai-Otto Roald stilte med
traktor og vekk-køyring, og til slutt vart det eit velfylt lass å frakte vekk. Rotary følgjer opp sitt motto «Service Above
Self» om å gagne andre, til beste for både kyrkja og dei mange i området.
Bildetekst
til Rebusløp:
Russen har travle tider både dag og natt
no framover. Vi fanga opp denne flokken i næraste grannelaget med glade russejenter,
og med sjølvaste politistudent Lars
Bakkom som pålitande organisator og resultatskrivar. Oppgåva var ein del av eit
Rebusløp for russen, som politiet, NAF, helsesøster og Røde Kors sto bak. På
biletet smiler mot oss, i alfabetisk orden: Amanda Tandstad, Julie-Andrea Aure
Fjeldberg, Kristine Strand, Martha Kristina Bakken, Thea Hovet Brustuen, Vanja
Årnes Norvik. I politiuniform, Lars Bakkom.
Bilde
med trillebår:
Stakkars ugras i rundkøyringa når
hage-ekspertane Ingjerd Asbjørnsen og Olaf Ellingsen tek tak! Knut Jarle Vik
står klar med trillebåra.
Bilde
med traktorhengar:
Ove Straumsheim, Geir Løseth og
traktoreigar Kai-Otto Roald syter for skikkeleg opplasting på hengaren.
Ved
kakebordet:
Arbeidsbas Geir Brekke og Almar Kylling
får god servering av Rotary-servitør Erik Solheim. Bak skimtar vi Odd Holen,
Jarle Svindseth og Geir Løseth.
Gruppebilete
ved 1000-års steinen:
Etter 10 år frå førre, liknande fotovinkel,
er det på tide med oppdatering. Av 21 som møtte til dugnad, ser vi frå venstre:
Rotary President Bastian Weiberg-Aurdal, Kai-Otto Roald, Ove Straumsheim,
Oddbjørn Ramstad, Ingjerd Asbjørnsen, Odd Holen, Roger Kornberg, Bjørg Dyrkorn
Velle, Asbjørn Klokk, Geir Løseth, Petter Velle, Almar Kylling, Arvid
Nordstrand, Geir Brekke, John Henrik Welle, Jarle Svindseth, Knut Jarle Vik,
Olav Pileberg, Olaf Ellingsen, Sindre Stuen. Øyvind Østvik måtte gå før
fotograferinga. Erik Solheim tok biletet.
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.