Ekornes Fabrikker kan bli oppkjøpt av kinesiske Qumei.

Kva no Ekornes? Les referat frå Olv holst Dyrnes sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb 30. mai.


Referat frå Rotarymøte 30.05.2018:

Denne gangen hadde vi vore så heldig at adm.dir. ved Ekornes Fabrikker tok kontakt og  tilbydde seg å  orientere om den aktuelle situasjon ved fabrikken etter at kinesiske Qumei har sagt seg interessert i å kjøpe 55 % av aksjene i konsernet. Dette møtet  hadde såpass almen interesse at klubben lyste ut ope møte. Med klubbmedlemer og gjester kom vi opp i 40 frammøtte.

Men rotarymøte er rotarymøte, og som vanlig nevnte president Bastian noko av det som har skjedd denne datoen opp i gjennom historia: Gard og Geir har navnedag. I 1431 blei den franske fridomsheltinna Jean D`Arc brent på bålet. I 1814 fikk vi den såkalte Paris - traktaten der Frankrike og dei «allierte» inngjekk fredsavtale. Napoleon blei forvist til øya Elba. I 1909 blei jazzmusiker Benny Goodman født.

Trubadur Olav hadde funne fram Evert Taube sin «Sjøsalavals» til Rotarysong. Denne gangen var det mange som kunne stemme i sangen og med Olav sitt gitarspel, lydde det riktig flott.

Med så mange gjester,  nytta Presidenten høvet til å gi ei kort orientering om Rotary og det organisasjonen og klubben driv med.

Det var sikkert ekstra strevsom for serveringshjelp Erik med så mange frammøtte, men det løyste han fin-fint med god kaffe og saftige sjokoladekaker som slett ikkje gjorde skam på klubben.

Vekas «snakkis» her i Sykkylven har vore kinesiske Qumei sitt bud på 55% av aksjene i Ekornes Fabrikker. Reaksjonene på dette har vore alt i frå entusiasme til stor- stor skepsis. Mange har vel Hjellegjerde Fabrikker og lagnaden til denne fabrikken, friskt i minne.

Adm.dir. Olav Holst Dyrnes har derfor sett det som si oppgåve og prioriert svært høgt å orientere og berolige både folk i bransjen og den «menige mann». Faktisk så blei Sykkylven Rotaryklubb beæra med at han sjøl tok kontakt tilbydde seg å halde orientering. Sjølsagt var presidenten og programkomiteen ikkje tungbedde og takka ja med stor entusiasme. Orienteringa blei vurdert til å vere av såpass almen interesse at Klubben lyste det ut som opent møte. Og sjelden har det vel vore så fullt ved noko møte, heile 40 frammøtte med rotarianarar og gjester.

Adm.dir Olav innleia med å fortelle at det opp igjennom tiden har vore mange interessenter både for aksjekjøp og samarbeid, uten at dei er blitt vurdert som seriøse. Forskjellen denne gang, er at den kinesiske fabrikken Qumei representerer bransjefolk og ikkje pengefolk som kun er ute etter fortjeneste.

Qumei har 4 fabrikker og har salg i 850 butikker i Kina. Omsetninga er på 2,5 mrd. årlig og denne vokser raskt. Den blei grunnlagt i 1987 av ein mann ved navn Ruhai Zhao. Videre blei den børsnotert i 2015.

Aksjonærene i Ekornes blei tilbydd kr 139,- pr aksje. For at handelen skal vere interessant, vil kineserne kjøpe  55,57 % av aksjene. 51 % til Qumei og 4,7 % til finansiell partner.

Så kvifor vil  dette oppkjøpet vere gunstig for Ekornes? Olav understrekte at sjøl om økonomen er god så har salg og dermed produksjon stagnert. Korleis auke salget? Ved overnemnte aksjeoppkjøp og samarbeid med Qumei, håper ein å få tilgang til det umettelige kinesiske markedet med 1,4 mrd. mennesker. Sjøl om slett ikkje alle har råd til ein Stressless,  er det likevel millionvis av velstående kinesere som vil kunne tenke seg ei slik merkevare.

Dersom det lykkes med auka salg, vil ein kunne auke produksjonen ved fabrikkene her i Sykkylven. Ein ville få maksimal kapasitetsutnytting, som igjen gir auka lønnsomhet og fleire arbeidsplasser. Tilslutt vil dette ha stor og svært viktig effekt for bygda.

Dir. Olav fortalte at han har positivt inntrykk av dei kinesiske leiarene og at dei virker genuint interessert i møbelproduksjon og samarbeid. Dei fortel til Olav at dei er imponert over fabrikken her i Sykkylven og korleis arbeiderne ser ut til å vere både arbeidsomme og glad i sin arbeidsplass.

Kva ønsker så Qumei? Dei er interessert i ei sterk merkevare og i den avanserte produksjonen ved fabrikkene her i Sykkylven. Ekornes og produkta vil dei introdusere i Kina og auke salget her. Dei understreker at dei ikkje er interessert i å flytte Ekornes og merkevarene til Kina. Dei ønsker å kjøpe kultur og vil ha kontinuitet. Styret i Ekornes fortsetter som no.

For Ekornes presiserer dir. Olav at dei har ingen hast og vil ha ein så grundig prosess som råd. Samstundes vil dei gjerne forstå Qumei og deira interesse for Ekornes. Det er ikkje snakk om utflagging, og merkevarene blir videreført og styrka. I det heile er det viktig å få til ein kulturell match og ei god løysing for alle parter.

Som ei oppsummering sa Olav at Ekornes er gode på stoppamøbler med ei sterk merkevare og ein effektiv og automatisk produksjon. Det er salg til 40 land. Dermed er dei store internasjonalt, men små i Kina.

Qumei har på ein måte komplementære «ferdigheter». Dei er store i Kina, men små internasjonalt. Dei selger mest platemøbler og presenterer gjerne komplette romløysinger i utsalga sine. Dei er sterke på digital markedsføring og nettsalg.

Til dei som er skeptiske tok Olav fram to eksempel på at kinesiske oppkjøp slett ikkje har vore noko negativt,  Elkem og Volvo. Dei siste selger biler som aldri før. 

Oppkjøpet av aksjer og prosessen rundt dette vil ta si tid. Derfor må vi kanskje vente til langt ut i september i år før ei endelig avgjerd.

Uansett, avslutta Olav, så er kontinuitet uansett viktig for Ekornes Fabrikker.

Det skulle vere interessant å kunne sjå 10 til 20 år fram i tida. Sykkylven Rotaryklubb ønsker dir. Olav og Ekornes Fabrikker all mulig hell og lykke i tida framover.

 

Referent Jarle Svindseth



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS