Referat frå Rotarymøte
20.06.2018:
Så har vi kome til ei av dei store hendingene i
rotaryåret, presidentskifte. President Bastian vil overlevere Rotarykjedet til
visepresident Greta, som då blir den nye presidenten i 2018/2019.
Men først vanlige rutiner ved møta våre: Vi hadde den store ære å få besøk av distriktsleieren i TRF, John Stennes. Elles Arild Sporsheim og til sist, men ikkje minst Roald Mork som ved neste møte ikkje lenger er gjest, men medlem i Sykkylven Rotaryklubb. Klubben har nemlig den store ære å ta han opp som nytt medlem.
Av nyhende denne datoen, nevnte Bastian bl.a. at
Stavnsbåndet i Danmark blei oppheva i 1788. Ein god del år seinere, i 1928,
heitte det ikkje lenger riksmål og landsmål, men bokmål og nynorsk. Og til vår
tid: I 1991 blei Berlin hovedstad i det forente Tyskland.
Ved eit høgtidelig høve som Presidentskifte og opptak av
nytt medlem, passa det veldig godt å synge «Rotarysongen». Vi er så heldige å
ha to utgåver, den første skreven av Henrik Straumsheim, den andre av Kårstein
Blindheim. Straumsheim sin sang vi først, Kårstein sin litt seinere ut i
programmet.
Så var det høgtidelige stunda komen då vi kunne ta opp Roald
som nytt medlem. Først heldt Sindre ein liten presentasjon. Deretter fekk
president Bastian den store ære å overrekke Roald rotarynåla.
Når vi no hadde fått eit nytt medlem, passa det også veldig
godt at John Stennes held eit strukturert og veldig greit foredrag om Rotary. Både
korleis Rotary er organisert lokalt og internasjonalt. Sjøl om referent følte
han hadde høyrt ein del av dette tidligere, er det alltid greit å få ein
repetisjon. Nytt var opplysninga at kvinner først fikk adgang til organisasjonen
i slutten av 1980- talet. Dette etter at Høgsterett i USA hadde kjent praksisen
med berre menn ulovlig.
John fortalte også om imponerende mengde prosjekt under leiing
av klubbane i vårt distrikt. Det er prosjekt i Kenya, Armenia og Litauen, og
ikkje minst David School i Sierra Leone, som vårt AG -distrikt er sterkt
engasjert i.
Til slutt avslutta John med å gi SRK ros for å vere ein
veldreven klubb. Noko vi som klubbmedlemmer gjerne tar til oss.
Etter rotarykaffe, med aldeles fenomenanalt saftig og gode
sjokoladekaker, held president Bastian
ei lita oversikt over sitt Rotaryår og takka dei forskjellige komitene for godt
utført arbeid. Spesielt fikk den viktige Programkomiteen velfortjent ros for
flotte og aktuelle program.
Så kom den høgtidelig stunda då President Bastian overrekte rotarykjede
til Greta. Saman med kjede, også ein flott blomsterbukett. Den nye presidenten
takka så mykje og nytta høvet til å rose Bastian for å vere veldig lett å
samarbeide med og samstundes veldig tolmodig. Visepresidenttida hadde vore både
kjekk og lærerik, og ho gledde seg til å ta fatt på sitt rotaryår. Som takk for
eit kjekt og hyggelig samarbeid, kvitterte Greta med ein flott plante til den
avgående presidenten.
Elles fortalte ho litt om sine tanker for det kommende år.
Det blir ikkje nokon palassrevolusjon. Tanken er å følge opp dei planer og
prosjekt vi allereie har. Den einaste lille forandringa er at møteplanen følger
skuleåret, slik det blir fri haust og vinterferie. Dersom det er store
kulturhendinger på gang, vil oppmøte her erstatte ordinært møte. I alle fall
vil ho gjere sitt for at SRK skal vere ein synlig klubb.
Så kvelden sin store overraskelse: President Greta fann fram
fiolinen (fela) og spelte ein folkevisemelodi frå Velledalen. Imponerende! Kanskje kan vi få høyre fleire
framføringer frå Greta seinere?
Referent vil nytte høvet til å gratulere og ønske Greta lykke
til med presidentvervet. Tillet meg også å takke Bastian for vel utført jobb.
Etter referent si meining har du vore rolig, jovial, humoristisk (glimt i
auget) og lett å komme over ens med. Lykke til som leder i Medlemskomiteen.
Neste og siste møte i dette Rotaryår, blir bedriftsbesøk på
Spilka. Referent er ikkje heilt sikker på kor dette ligg hen, men det skal vi
finne ut. Vi møter opp 18:15 på Ørsneset og tek ferja kl 18:30.
Referent
Jarle svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.