Bedriftsbesøk ved Spilka

Les og sjå bilder frå SRK sitt besøk ved Spilka på Emblem: Legg merke til at billedkavalkaden er under teksten:

Referat frå bedriftsbesøk ved Spilka 27.06.2018:

Sykkylven Rotaryklubb avslutta Rotaryåret med bedriftsbesøk hos Spilka på Emblem. Vi var litt i stuss kor denne fabrikken låg, men ca. 5 km frå Magerholm dukka ei stor raud bygning med navnet Spilka. Når referent tenker etter, har han nok sett den før.

Vi blei tatt vel  i mot av Kåre Stafset som er direktør for fabrikken. Vi sessa oss inn på møterommet, og fekk her ei grundig orientering om fabrikkens historie. Og den er i grunn litt artig. Den blei grunnlagt i 1933 og heitte då Spjelkavik barnevognfabrikk. Som navnet seier, produserte dei barnevogner. I tillegg til barnevogner, også trehjulssykler.

Imidlertid, på fredag 13. februar i 1948 brann denne fabrikken. Då blei det slutt på barnevognproduksjon, og då var sjølsagt navnet meiningslaust. Derfor blei den nye fabrikken kalla «Spilka», som visstnok er navnet på ei elv i Spjelkavik  No blei det produsert nesten alt mulig i metall, bl.a. sovesofabeslag til Emdal i Sykkylven og hyllebeslag til Ergo De Lux.

Men det som skulle hovedlevevegen til Spilka blei starta i 1959, produksjon av vindusbeslag til husmorvindu. Når vi opner husmorvindauget heime og snur det rundt, er det dette patentet frå Spilka som lager funksjonen. I tillegg til dette patentet, har Spilka også produsert karmer og sprosser i aluminium til dei samme vindauga.

Kåre og dei ansatte ved fabrikken har vore svært dugande  å utvikle verktøy og maskiner etter behov. Gjerne smartere og meir funksjonelle enn konkurrentene sine maskiner.

Den store raude fabrikken blei bygd i 1986. Før vi fekk omvisning i produksjonslokala, fortalte Kåre at det no jobber 60 ansatte ved fabrikken og omsetninga er på ca 100 mill. Stort sett har Spilka tjent gode penger på sitt patent, sjøl om både svensker og kinesere har forsøkt å etterlikne denne. Dette har gjort at arbeidsplassene stort sett har vore stabile, kun kortere perioder med permitteringer.

Så blei vi vist rundt i den imponerende produksjonshallen. Kåre forklarte masse om produksjonen og metodene rundt dette. Referent viser til bildekavalkaden under teksten:

Kåre kunne sikkert vist oss rundt til morgengry, men for å nå tilbake til Sykkylven i rimelig tid, var vi nødt til å avbryte og forsøke å nå ferga 20:50. Men vi hadde det ikkje meir travelt enn at Kåre fekk tildelt ein velfortjent ost som ein liten gest for den flotte omvisninga og orienteringa.

Dette var siste møtet i det gamle Rotaryåret 2017/2018 og ei svært verdig avslutning på dette året. Les elles Olav sin flotte artikkel i Sykkylvsbladet  neste veke om samme tema.

Referent ønsker på vegne av oss i PR/info- komiteen alle rotaryvener i Sykkylven Rotaryklubb riktig god sommer.

Sjå bilda under !!!!

Referent Jarle Svindseth

 








Referent 
Jarle Svindseth

 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS