Fønixhuset
– der det meste er frivillig
Sykkylven Rotary Klubb (SRK) har starta
opp att etter ferien, og for ei veke sidan var klubbmedlemmene på innstig i
Fønixhuset, - aktivitetshuset i Sykkylven, - der Morten Oksavik tok mot og
orienterte. Morten har vore dagleg leiar der, tilsett av kommunen, sidan januar
i år, då han tok over etter Marit Winsrygg.
Frivilligsentralen
med frivillig innsats
Historia om Fønixhuset kan lesast på huset
sine nettsider, og her nemner vi berre at nesten alt vedkommande drifta er
basert på frivillig innsats, medan Sykkylven kommune står for faste utgifter.
Då det for ei tid sidan vart bestemt at «Oskarbilen» burde skiftast ut, vart
bilen fullfinansiert med frivillige bidrag i løpet av kort tid. I løpet av ein
månads tid vil han vere operativ i Sykkylven. Ikkje så rart ettersom Noreg ligg
omtrent på verdstoppen i gåveglede og frivillig innsats! Kommunen betaler
drivstoff, medan sjåførane køyrer frivillig og gratis. Morten nemnde spesielt
Per Vemøy, som trass i høg alder framleis er stø og pålitande sjåfør. – Dette
er den kortaste dagen i veka!, var tilbakemeldinga frå ein av passasjerane. Imponerande!
Sist torsdag sto Kjellaug Roald føre «ballje-middag», servert frå klokka halv
eitt. Gjestene, rundt 20 i talet, som stakk innom for eit solid og godt middagsmåltid,
betalte – også frivillig – for middagen, utan noko fastare pris enn hundre
kroner i utgangspunktet. Meir eller mindre, heilt frivillig. På mange måtar kan
vi godt seie at Fønixhuset vert drive heilt etter Rotary International sitt
motto «Service Above Self» - å gagne andre. Dagleg leiar fortel om «…enorm
givarglede og interesse for saka».
Gjester på dagtid
Frivilligsentralen er open for alle, i
alle aldrar. Ettersom dei eldre dominerer på gjestelista, spør Morten også
etter andre alders- og brukargrupper: - Kvar er uføretrygda, langtidssjukmelde,
skift- og for turnusarbeidarar, studentar som er heime av og til? Tysdag,
onsdag og torsdag er opningsdagane, og då er det alltid sett ut skilt ved
inngangen. Alle er velkomne. Elevar frå barnehagar, barneskular og ungdomsskule
er av og til innom og får tilbod om meir eller mindre skreddarsydd opplegg. Då
vil begge etasjane vere til disposisjon, til dømes med praktisk produksjon av
bil, båt, fly for dei yngste, eller strukturerte kurs ved Per Grønli i
kunstmåling for dei noko eldre. Tilbakemeldingane er gode, både frå elevar og
ivrige lærarar! Foreldra til 8. klasse-elevane vert i samarbeid med Inger
Riksheim i Storhallen utfordra til teneste som natteravnar . Dette er godt i gang for kommande sesong, som startar
opp i september. Fønixhuset fungerer altså som ein katalysator for godt og
byggjande, frivillig arbeid i Sykkylven. Huset er ope for alle, frå
barnehagenivå til pensjonistar på 90. President Greta Herje i SRK kunne med
handa på hjartet takke dagleg leiar Morten Oksavik både for kake, kaffi og særs
interessant informasjon.
Epilog, ikkje i avisa:
Så langt
Sykkylvsbladet. Det høyrer sjølvsagt også med til
historia at president Greta ønska velkommen til møtet på Fønixhuset, før ho gav
ordet til vidare til dagleg leiar. Til slutt oppmoda ho Rotary sine medlemmer
om å nytte huset av og til, og gjerne prøve seg med ein torsdagsmiddag. Ho opna
også opp for å invitere Stranda RK til intercitymøte, lagt til Fønixhuset.
Ingen dum idé!
Neste møte 22. august blir på vanleg stad, og då vil Bjørn Utgård snakke om
Ekornes Marina.
Skrivar,
Olav P
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.