Ekornes Marina

Les kva leier for Ekornes Marina hadde å fortelle oss på Rotarymøte 22. august:

Referat frå Rotarymøte 22.08.2018:

President Greta ønska alle vel møtt, og spesielt kvelden sin gjest og foredragshaldar, Bjørn Utgård. Greta har valgt å fortsette tradisjonen med opplysninger om dagens dato:

-          Harry og Harriet har navnedag.

-          Navnet på inneværende måned, august er frå keiser Augustus.

-          Denne dato, i 1905, fekk vi den såkalla Riksakten, der Stortinget oppmoda svenske styresmakter å innlede forhandlinger med Norge om frigjering frå unionen. Som vi veit enda dette godt, sjøl om det ei stund var nokså spent.

-          Kultur: Forfatter Amalie Skram født denne dato i 1846. Komponist Claude Debussy født i 1862. Og på denne dato i 1911 og 2004 skjedde det to tjuveri av svært kjente maleri. «Mona Lisa» i 1911 og «Skrik» og «Madonna» i 2004. Dei tre maleria kom etter kvart til rette.

Sekretær kunne fortelle at det er Ingjerd og Jan Kåre som står for tur til BUAS- besøk. Forrige gang var det 23 frammøtte, og med permisjoner og fritak, gav det ein frammøteprosent på 53.

Trubadur Olav er på reisefot. Odd fikk ansvaret for Rotarysong. Dette blei «Sår du blomster», med tekst som passer godt Rotary sine ideal.

3- minutt ved Bastian:

«Past President», Bastian fekk ikkje kvile på sine laurbær: Han heldt 3 minutt med eit svært aktuelt tema, nemlig forkrisa i landbruket etter den varme og nedbørsfattige sommeren. Vi må tilbake til 1947 for å finne tilsvarende.

 Bastian fortalte at  førsteslåtten ga avlinga for gras mellom 30 % og 70 %. Andreslåtten utgjorde ca. 30 % - 90 %. Når det gjeld korn er avlinga ca. halvparten av eit normalår. Dette gir ein krisesituasjon for landbruket, fordi det blir altfor lite vinterfor. Dei forskjellige bondeorganisasjoner har komme sammen for å forsøke å takle krisa. Felleskjøpet har bl.a. tilbydd ei kraftforblanding. Denne blir blanda med halm frå kornproduksjon. Dessuten har Landbrukssamvirke kjøpt inn 30000 rundballer med grovfor frå Island. Bøndene blir no oppmoda til å ta ein 3. slått der dette går an.

Så stilte Bastian spørsmålet om det har kome noko positivt ut av forkrisa: Ja, det har det faktisk: Areal  er blitt teke i bruk som ikkje har vore i drift siste åra. Den verste konsekvensen av krisa er at enkelte bønder må slakte ned halvparten av buskapen. Bastian er ikkje imponert over myndighetene: Dei hadde stort sett berre konstantert at veret hadde vore pent, og at ein får vente og sjå kva som  hender.

President Greta informerte elles om den nye ordninga med matservering: Kjellaug Roald tek seg av kakebaking og serveringskomiteen tek seg av kaffe og oppvask. Dette for å spare penger som vi evt. kan bruke til sosiale sammenkomster. I alle fall starta sesongen bra med gode sveler og kaffe.

Ekornes Marina ved Bjørn Utgård:

Så til kvelden sitt foredrag ved Bjørn Utgård. Temaet var Ekornes Marina. Han innleia med å fortelle at han kjem frå Hundeidvik, men flytta over eidet då kan fann seg ektefelle på Ikornnes. Han jobber no som markedsdirektør ved Langlo.


Ekornes Marina blei stifta i 1997 og blei då kalla Sørstranda Småbåtlag. 30 til 40 medlemmer gjekk på med frisk mot og fikk bygd eit klubbhus for «mekking» av bl.a. motorer. Då Ekornes Fabrikker utvida i 2003, gjekk ein del av badeplassen ved sjøen tapt. Som kompensasjon, fikk direktør Jens Petter  bygd eit svømmebasseng som er 25 langt og 10 m breitt. På det djupeste er det 170 cm. Bassenget blir varma opp med spillvarme frå fabrikken, noko som utgjer opptil 55000 kW pr. måned. Uten dette, hadde ein ikkje hatt råd til basseng, presiserte Bjørn.

Etter kvart har Marinaen blitt større og antall medlemmer auka. Det er blitt lagt ned utallig dugnadstimer. Klubbhuset, som var opprinnelig meint som hobbyhus, blei i 2003 omgjort til pub og selskapslokale. Lidvar Kurset stod for drifta. Her var det faktisk plass til selskap med opp mot 180 gjester. Referent tillet seg å nevne at då dei to døtrene hans gifta seg, feira dei bryllup i dette lokalet. Det var veldig vellykka.

Det blir årlig arrangert ein Båtfestival med opptil 70 besøkende båter. Siste åra har det vore litt færre båter, men til gjengjeld er dei større. Lidvar Kurset har forsøkt å få kjendisartister til festivalen. Same mann skal no slutte, men ein vil oppretthalde drifta og fortsette  cateringvirksomheten.

Drifta av bassenget går bra, men Bjørn kunne godt tenke seg at det kom fleire badegjester frå Auresida. Trass i manglende besøk herifrå, ligg besøkstala på mellom 2000 – 3500 gjester årlig, sjølsagt litt avhenging av veret. Sjøl med gratis varme, er det store utgifter med drifta. Berre det å tilføre klor til bassenget koster kr 90000,-.

Den totale omsetninga er på ca. 2 mill. for marinaen og ca. 5,5 mill. for Verkstaden. ,-. Total verdi  tilsvarer ca. 11 mill. og det er ikkje mindre enn 1100 dugnadstimer utført av 110 medlemer.

Bjørn avslutta sitt flotte foredrag med eit lite hjertesukk. Vi i Sykkylven bør bli mykje bedre på å samarbeide i staden for å ikkje unne kvarandre verken suksess og penger. Samarbeidet vil tjene alle og vere til felles beste.

Eit strukturert og interessant foredrag som president Greta belønna med sedvanlig fint innpakka ost.


Så minte ho om neste møte om ein veke og ønska alle vel heim.

 Referent

Jarle Svindseth




 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS