Rotarymøte 29.08: Vibeke Evensen frå pilotbedrifta Lotics.

Les Vibeke sitt interessante og framtidsretta foredrag om korleis ein kan kombinere smoltproduksjon og dyrking av grønsaker.

Referat frå Rotarymøte 29.08.2018:

President Greta ønska vel møtt til dette rotarymøte 29. august. Kvelden sin gjest og foredragshalder var Vibeke Evensen som ville fortelle om sitt pilotprosjekt Lotics der ein nytter næringsrikt vatn frå settefiskanlegg til næring for planter.

Men først dagen i dag: Jone, Johan og Joar har navnedag, Johan er avleda av «Herren er Nådig».

Elles har vi feira kongelig gullbryllupsdag i dag. Kong Harald og dronning Sonja har vore gift i 50 år. Så vidt referent forstår, er det første gang i Norges historie at eit kongepar feirer gullbryllup.


Så langt tilbake i tida: I 1450 blei den såkalla «Bergenstraktaten» vedtatt. Den gjekk ut på at Norge og Danmark skulle vere eit udelt rike til evig tid. Denne traktaten blir sett på som ein fortsettelse av Kalmarunionen.

På denne dagen, i 1998, blei spekkhoggeren Keiko satt fri frå fangenskap. Som vi veit enda han sine dager på Nordmøre.

Michael Jackson blei født i 1958, og Beatles heldt sin siste konsert som gruppe i 1966.

Trubadur Olav er fortsatt på reisefot, og Odd fekk det tunge ansvaret å ta ut ein Rotarysang. Denne gangen blei det «Din tanke er fri».

Sekretær Knut Henning kunne forkynne at Asbjørn Klokk sin 71 års dag gjekk under radaren forrige veke. Men med Kai Otto er vi ajour, han blir 67 år 1. september.

Når det gjeld BUAS- besøk er det Geir B. og Steven sin tur.

Forrige møte var det 29 frammøtte. Det gav habile 69 % frammøte.

3- minutt

3- minutt var ved Hallstein. Så vidt referent forstår, hadde han tenkt å referere frå ein «guttetur», men eit innlegg i Sunnmørsposten om kollektivtilbudet på våre kanter, hadde provosert han så mykje at han bestemte seg for å snakke om samferdselstilbudet i staden for. Hallstein er ein av leierne i Fram, det fylkeskommunale busselskapet. Hallstein meiner at det aldri har vore bedre kollektivtilbud på våre kanter. Mellom anna går det buss frå Sykkylven til Ålesund kvar time på dagtid. Dessuten går det buss titt og ofte frå Magerholm. Som regel korresponderer avgangen her med ferja.

Kollektivtilbudet er avhengig av politisk vilje til finansiering. Slik det er no, finansierer det offentlige 60 til 70 % av driftsutgiftene.

Vi må finne oss i at busstilbuda er best der det bur mest folk. Å forvente at det skal gå buss frå Ramstaddalen som korresponderer med første fly frå Vigra er urealistisk. Derfor er sjølsagt busstilbudet i Ålesund mykje bedre.

Hallstein avslutta med at: «Bruk gjerne bilen, men skuld ikkje på manglande busstilbud».

Etter litt justering av serveringsordninga, var det klart for Rotarykaffe. Det er haust og epla begynner å bli modne. Kva passa då bedre enn å servere god eplekake?

Pilotprosjektet Lotics ved Vibeke Evensen

Så fekk Vibeke Evensen ordet. Ho har vore daglig leier for pilotprosjektet, Lotics. Det starta som ei studentbedrift ved NTNU i Ålesund. Dette gav førsteplass for studentbedrifter i Norge og 3. plass i EM.


Lotics held til i Stordal. Prinsippet for bedrifta er at næringsrikt vatn frå settefiskanlegg blir pumpa gjennom eit filter for rensing. Deretter  blir det pumpa over i kanaler med grønne planter. Dette vatnet inneheld masse næringsstoffer som grønsakene treng. Grønsakene står ikkje mold, men i rockwool.

I dag er det 250 landbaserte settefiskanlegg rundt om kring i landet. Dersom ein kunne utnytte det næringsrikevatnet vil potensialet for dyrking av grønsaker på denne måten vere svært stort.

I dag er vi kun sjølforsynte med 30 % av den maten vi treng her i landet.  Klimaet kan variere frå år til år, noko vi har erfart i år. Dette er ikkje alltid like gunstig for matproduksjon og avlinger kan slå feil. Jorda er etter kvart blitt meir utarma med m.a. mindre mengde  fosfor. Alt i alt er det begrensa ressurser vi rår over. Derfor er kreativitet ekstra velkoment. Ved disse to teknologiene, oppdrettsnæring og grønnsaksproduksjon vil ein få noko Vibeke kalte for sirkulær økologi, der det eine lever i symbiose med det andre. Ein får ein vinn – vinn situasjon.

Potensiale for produksjon er i alle fall stort. 310 – 320 mill. smolt vil kunne gi opptil 20000 tonn grønsaker i året.

Pilotprosjektet i Stordal er no over, og Vibeke håper  at settefiskbedrifter ser sin besøkelsestid og etablerer kombinasjonen smoltanlegg – grønsaksdyrking. Utfordringa er at det kreves mykje plass og store investringsbeløp. Vibeke antyda ca. 200 mill.

I alle fall har Lotics i Stordal vist at teknologien og kunnskapen er på plass, og at framtidas gartneri kan bli| basert på denne kunnskapen.

Eit veldig interessant fordrag om som viser at berre kreativiteten og visjonene er på plass, er det grenselause muligheter.

Etter ein spørsmålsrunde, blei Vibeke belønna av presidenten med den vanlige gode osten.


Så minte Greta om neste møte som er den første presidenten sin time i dette Rotaryåret.

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS