Referat frå Rotarymøte
29.08.2018:
President
Greta ønska vel møtt til dette rotarymøte 29. august. Kvelden sin gjest og
foredragshalder var Vibeke Evensen som ville fortelle om sitt pilotprosjekt
Lotics der ein nytter næringsrikt vatn frå settefiskanlegg til næring for
planter.
Men først
dagen i dag: Jone, Johan og Joar har navnedag, Johan er avleda av «Herren er
Nådig».
Elles har vi
feira kongelig gullbryllupsdag i dag. Kong Harald og dronning Sonja har vore
gift i 50 år. Så vidt referent forstår, er det første gang i Norges historie at
eit kongepar feirer gullbryllup.
Så langt
tilbake i tida: I 1450 blei den såkalla «Bergenstraktaten» vedtatt. Den gjekk
ut på at Norge og Danmark skulle vere eit udelt rike til evig tid. Denne
traktaten blir sett på som ein fortsettelse av Kalmarunionen.
På denne
dagen, i 1998, blei spekkhoggeren Keiko satt fri frå fangenskap. Som vi veit
enda han sine dager på Nordmøre.
Michael
Jackson blei født i 1958, og Beatles heldt sin siste konsert som gruppe i 1966.
Trubadur
Olav er fortsatt på reisefot, og Odd fekk det tunge ansvaret å ta ut ein
Rotarysang. Denne gangen blei det «Din tanke er fri».
Sekretær
Knut Henning kunne forkynne at Asbjørn Klokk sin 71 års dag gjekk under radaren
forrige veke. Men med Kai Otto er vi ajour, han blir 67 år 1. september.
Når det
gjeld BUAS- besøk er det Geir B. og Steven sin tur.
Forrige møte
var det 29 frammøtte. Det gav habile 69 % frammøte.
3- minutt
3- minutt
var ved Hallstein. Så vidt referent forstår, hadde han tenkt å referere frå ein
«guttetur», men eit innlegg i Sunnmørsposten om kollektivtilbudet på våre
kanter, hadde provosert han så mykje at han bestemte seg for å snakke om
samferdselstilbudet i staden for. Hallstein er ein av leierne i Fram, det
fylkeskommunale busselskapet. Hallstein meiner at det aldri har vore bedre
kollektivtilbud på våre kanter. Mellom anna går det buss frå Sykkylven til
Ålesund kvar time på dagtid. Dessuten går det buss titt og ofte frå Magerholm.
Som regel korresponderer avgangen her med ferja.
Kollektivtilbudet
er avhengig av politisk vilje til finansiering. Slik det er no, finansierer det
offentlige 60 til 70 % av driftsutgiftene.
Vi må finne
oss i at busstilbuda er best der det bur mest folk. Å forvente at det skal gå
buss frå Ramstaddalen som korresponderer med første fly frå Vigra er
urealistisk. Derfor er sjølsagt busstilbudet i Ålesund mykje bedre.
Hallstein
avslutta med at: «Bruk gjerne bilen, men skuld ikkje på manglande busstilbud».
Etter litt
justering av serveringsordninga, var det klart for Rotarykaffe. Det er haust og
epla begynner å bli modne. Kva passa då bedre enn å servere god eplekake?
Pilotprosjektet Lotics ved Vibeke Evensen
Så fekk
Vibeke Evensen ordet. Ho har vore daglig leier for pilotprosjektet, Lotics. Det
starta som ei studentbedrift ved NTNU i Ålesund. Dette gav førsteplass for
studentbedrifter i Norge og 3. plass i EM.
Lotics held
til i Stordal. Prinsippet for bedrifta er at næringsrikt vatn frå
settefiskanlegg blir pumpa gjennom eit filter for rensing. Deretter blir det pumpa over i kanaler med grønne
planter. Dette vatnet inneheld masse næringsstoffer som grønsakene treng. Grønsakene
står ikkje mold, men i rockwool.
I dag er det
250 landbaserte settefiskanlegg rundt om kring i landet. Dersom ein kunne
utnytte det næringsrikevatnet vil potensialet for dyrking av grønsaker på denne
måten vere svært stort.
I dag er vi
kun sjølforsynte med 30 % av den maten vi treng her i landet. Klimaet kan variere frå år til år, noko vi har
erfart i år. Dette er ikkje alltid like gunstig for matproduksjon og avlinger
kan slå feil. Jorda er etter kvart blitt meir utarma med m.a. mindre mengde fosfor. Alt i alt er det begrensa
ressurser vi rår over. Derfor er kreativitet ekstra velkoment. Ved disse to
teknologiene, oppdrettsnæring og grønnsaksproduksjon vil ein få noko Vibeke
kalte for sirkulær økologi, der det eine lever i symbiose med det andre. Ein
får ein vinn – vinn situasjon.
Potensiale
for produksjon er i alle fall stort. 310 – 320 mill. smolt vil kunne gi opptil
20000 tonn grønsaker i året.
Pilotprosjektet
i Stordal er no over, og Vibeke håper at settefiskbedrifter ser sin
besøkelsestid og etablerer kombinasjonen smoltanlegg – grønsaksdyrking.
Utfordringa er at det kreves mykje plass og store investringsbeløp. Vibeke
antyda ca. 200 mill.
I alle fall
har Lotics i Stordal vist at teknologien og kunnskapen er på plass, og at
framtidas gartneri kan bli| basert på denne kunnskapen.
Eit veldig
interessant fordrag om som viser at berre kreativiteten og visjonene er på
plass, er det grenselause muligheter.
Etter ein
spørsmålsrunde, blei Vibeke belønna av presidenten med den vanlige gode osten.
Så minte
Greta om neste møte som er den første presidenten sin time i dette Rotaryåret.
Referent
Jarle
Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.