Presidenten sin time med Vinlotteri.

Les referat frå president Greta sin andre "Presidenten sin time"


Referat frå Rotarymøte 03.10.2018:

Så var det tid for president Greta sin andre «Presidenten sin time». Ho hadde gløymt manuskriptet, men med Greta sin gode hugs, var ho i stand til å rekapitulere mykje av det ho hadde planlagt å sei:

Dagen sin dato, 3. oktober:

Evald og Evelyn har namnedag. To sentrale politikere har bursdag denne dagen, «grand old man», Kåre Willoch og Karl Erik Skjøtt Pedersen. Kåre fyller 90 år og Karl Erik fyller 59 år.


1940: Etter pålegg frå den tyske okkupasjonsmakta, blei det forbudt å be for Kongen under Gudstjenestene.

Problem med lunefullt vær er heller ikkje av ny dato: 3. oktober 1905 gjekk mykje av kornavlinga tapt pga. tidlig snøfall.

Litt i værmodus var kvelden sin Rotarysong også: «Sønnavindsvalsen» av Prøysen og Amdahl.

Før Rotarykaffi orienterte president Greta om Styremøtet som nettopp var blitt avvikla. M.a. fortalte ho om utstillinga «Prosjekt Filippinene» ved Distriktskonferansen i Molde. Her hadde den fått mykje fagnad, men blei ikkje tatt med i vurderinga av beste utstilling, då prosjektet ikkje er genuint Rotaryprosjekt.

Orientering om Facebook ved Hallstein

Etter Rotarykaffe var det PR/Infogruppa som hadde fått ordet. Hallstein orienterte først litt om bruken av Facebook. Det er vår aldersgruppe frå 40 – 50 år og oppover som er brukere av dette. Yngre nytter andre medier. Hallstein meiner at annonser i f.eks. Sykkylvsbladet er vel og bra, men sannsynligvis når vi adskillig fleire ved å nytte Facebook og legge inn både referat og annonser her. Han oppmoda oss alle til å trykke: «Lik» og «Del» ved dei forskjellige Rotaryinnlegga.

Elles fortalte Hallstein ei litt kuriøs historie om at han hadde blitt kontakta av ein journalist i Aftenposten ang. storsvindleren Viggo Ørbeck. Journalisten hadde sannsynligvis søkt på dette navnet og kome til referatet frå Kjell Løseth sitt foredrag på heimesida vår. Hallstein  formidla kontakt videre til Kjell, som sannsynligvis er temmelig oppøst av å bli kontakta på denne måten.


Lagring og dokumentering av Rotarystoff ved Olav P

Olav P. er ein svært allsidig mann og no hadde han tatt på seg «dataeksperthatten». Han har i årevis vore CICO og tatt på seg å arkivere alt rotarystoff frå 2002(?).

Han fortalte at i samband med utgivinga av 50 års jubileumshefte for SRK, hadde ein vore nødt til å gå i gjennom masse papir arkivert i pappkasser. Noko som sjølsagt er svært tidkrevende og slitsomt. Vår Rotaryven, Peder Myrstad fikk mykje fagnad for dette arbeidet.

Olav har vore leier i PR/Info gruppa i mange år, og fortalte at første tida var det Front Page som blei nytta. Seinere ei Distriktsside, før noverande ordning med ein global modell. Å overføre innhaldet til den siste sida, krevde veldig mykje arbeid og her har Olav gjort ein stor innsats.

For å ta vare på og dokumentere Rotarystoff kan ein sjølsagt nytte lagringsmedia i «Skya», f.eks. Dropbox, Google og One Drive. Olav nytter ein så kalla Extern disk «R». Denne har litt av ein kapasitet, heile 1 terrabyte, eller 1000 gigabyte.  Atskillig med bøker ville få plass her. Til no har vi nytta 47, 3 GB, så det er rom for dramatisk mykje meir stoff. Denne «R» har ein heller beskjeden størrelse, anslagsvis 3 fyrstikkesker lagt ved siden av kvarandre.

Ved sidan av Externdisk, nytter Olav ein kraftig minnepinne på 16 GB. Dette blir nytta meir som ei «kladdebok» der Olav legg inn og sletter stoff, alt etter kva som er høvelig.

Olav nytter noko som blir kalla Sync Toy Micro for synkronisering av filer og mapper i Windows.

Olav vil gjerne ha både litt assistanse og avlastning i dette kopieringsarbeidet. Referent og noverende CICO vil få litt «voksenopplæring» av Olav i dette arbeidet.  

Tilslutt viste Olav ein bilder og referat frå rotarybesøk hos Kraftverket på Riksheim i slutten av august 2014. Om det har regna mykje den siste tida, så var det ikkje noko mindre då. Riksheimelva var flomstor, så då klaffa besøket ekstra godt. 


Det var interessant å sjå tilbake. Den gangen var faktisk referent president i Sykkylven Rotary. Uansett viser denne sekvensen kor viktig det er å ta vare på og dokumentere Rotaryaktivitet for ettertida. Så kunne det tilslutt vore interessant å vite på kor mange timer Olav har brukt på dette dataarbeidet opp i gjennom tidene?

President Greta takka til slutt for dagens møte og innsats, og minte om at neste onsdag er det haustferie. Onsdagen etter er det Roald Mork som har yrkes/egoforedrag. Vi gler oss til å høyre kva Roald har å fortelle oss.

 Referent

Jarle Svindseth



 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS