Referat frå Rotarymøte
03.10.2018:
Så var det
tid for president Greta sin andre «Presidenten sin time». Ho hadde gløymt
manuskriptet, men med Greta sin gode hugs, var ho i stand til å rekapitulere
mykje av det ho hadde planlagt å sei:
Dagen sin dato, 3. oktober:
Evald og
Evelyn har namnedag. To sentrale politikere har bursdag denne dagen, «grand old
man», Kåre Willoch og Karl Erik Skjøtt Pedersen. Kåre fyller 90 år og Karl Erik
fyller 59 år.
1940: Etter
pålegg frå den tyske okkupasjonsmakta, blei det forbudt å be for Kongen under Gudstjenestene.
Problem med
lunefullt vær er heller ikkje av ny dato: 3. oktober 1905 gjekk mykje av
kornavlinga tapt pga. tidlig snøfall.
Litt i værmodus
var kvelden sin Rotarysong også: «Sønnavindsvalsen» av Prøysen og Amdahl.
Før Rotarykaffi
orienterte president Greta om Styremøtet som nettopp var blitt avvikla. M.a.
fortalte ho om utstillinga «Prosjekt Filippinene» ved
Distriktskonferansen i Molde. Her hadde den fått mykje fagnad, men blei ikkje
tatt med i vurderinga av beste utstilling, då prosjektet ikkje er genuint
Rotaryprosjekt.
Orientering om Facebook ved Hallstein
Etter Rotarykaffe
var det PR/Infogruppa som hadde fått ordet. Hallstein orienterte først litt om
bruken av Facebook. Det er vår aldersgruppe frå 40 – 50 år og oppover som er
brukere av dette. Yngre nytter andre medier. Hallstein meiner at annonser i
f.eks. Sykkylvsbladet er vel og bra, men sannsynligvis når vi adskillig fleire
ved å nytte Facebook og legge inn både referat og annonser her. Han oppmoda oss
alle til å trykke: «Lik» og «Del» ved dei forskjellige Rotaryinnlegga.
Elles
fortalte Hallstein ei litt kuriøs historie om at han hadde blitt kontakta av
ein journalist i Aftenposten ang. storsvindleren Viggo Ørbeck. Journalisten
hadde sannsynligvis søkt på dette navnet og kome til referatet frå Kjell Løseth
sitt foredrag på heimesida vår. Hallstein
formidla kontakt videre til Kjell, som sannsynligvis er temmelig oppøst
av å bli kontakta på denne måten.
Lagring og dokumentering av Rotarystoff ved Olav P
Olav P. er
ein svært allsidig mann og no hadde han tatt på seg «dataeksperthatten». Han
har i årevis vore CICO og tatt på seg å arkivere alt rotarystoff frå 2002(?).
Han fortalte
at i samband med utgivinga av 50 års jubileumshefte for SRK, hadde ein vore nødt
til å gå i gjennom masse papir arkivert i pappkasser. Noko som sjølsagt er
svært tidkrevende og slitsomt. Vår Rotaryven, Peder Myrstad fikk mykje fagnad
for dette arbeidet.
Olav har
vore leier i PR/Info gruppa i mange år, og fortalte at første tida var det Front
Page som blei nytta. Seinere ei Distriktsside, før noverande ordning med ein
global modell. Å overføre innhaldet til den siste sida, krevde veldig mykje
arbeid og her har Olav gjort ein stor innsats.
For å ta
vare på og dokumentere Rotarystoff kan ein sjølsagt nytte lagringsmedia i
«Skya», f.eks. Dropbox, Google og One Drive. Olav nytter ein så kalla Extern
disk «R». Denne har litt av ein kapasitet, heile 1 terrabyte, eller 1000
gigabyte. Atskillig med bøker ville få
plass her. Til no har vi nytta 47, 3 GB, så det er rom for dramatisk mykje meir
stoff. Denne «R» har ein heller beskjeden størrelse, anslagsvis 3 fyrstikkesker
lagt ved siden av kvarandre.
Ved sidan av
Externdisk, nytter Olav ein kraftig minnepinne på 16 GB. Dette blir nytta meir
som ei «kladdebok» der Olav legg inn og sletter stoff, alt etter kva som er
høvelig.
Olav nytter
noko som blir kalla Sync Toy Micro for synkronisering av filer og mapper i
Windows.
Olav vil
gjerne ha både litt assistanse og avlastning i dette kopieringsarbeidet.
Referent og noverende CICO vil få litt «voksenopplæring» av Olav i dette
arbeidet.
Tilslutt viste Olav ein bilder og referat frå rotarybesøk hos Kraftverket på Riksheim i slutten av august 2014. Om det har regna mykje den siste tida, så var det ikkje noko mindre då. Riksheimelva var flomstor, så då klaffa besøket ekstra godt.
Det var interessant å sjå tilbake. Den gangen var faktisk referent president i
Sykkylven Rotary. Uansett viser denne sekvensen kor viktig det er å ta vare på
og dokumentere Rotaryaktivitet for ettertida. Så kunne det tilslutt vore
interessant å vite på kor mange timer Olav har brukt på dette dataarbeidet
opp i gjennom tidene?
President
Greta takka til slutt for dagens møte og innsats, og minte om at neste onsdag
er det haustferie. Onsdagen etter er det Roald Mork som har yrkes/egoforedrag.
Vi gler oss til å høyre kva Roald har å fortelle oss.
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.