Referat frå Rotarymøte 17.10.2018:
President
Greta ønska alle vel møtt og spesielt kvelden sin gjest, søstera si, Ragnhild. Først opna ho med å fortelle litt om måneden og dagen i
dag, 17. oktober: Oktober rekna dei gamle romerne for å vere årets 8. måned.
Elles blei den her i Norden kalt sædmåneden eller slaktemåneden. No skulle også
avlinga vere i hus.
Navnedag har
Marta som er avleda av det hebraiske ord for husfrue. Marte er ei forkortning
for Margrete.
Så litt
kultur: Den polske komponisten Fredric Chopin døde i 1849, berre 39 år gamal. Den amerikanske forfatter og dramatiker, Arthur Miller født denne dato i 1915. Den vakre amerikanske skuespillerinna, Rita Hayworth født i 1918 og naturfilmfotograf og
sakprosaforfatter, Sverre M. Fjellstad født denne dato i 1930.
I 1880 brann
Domkirka i Kristiansand ned, og under 2. verdenskrig i 1944 beslutta den tyske
okkupasjonsmakta at Finnmark skulle evakueres og bebyggelsen brennes ned. Dette for å gjere
det vanskelig for dei russiske
invasjonsstyrkene.
Så litt nær
fortid: Denne datoen, i 1997, blei Kjell Magne Bondevik statsminister for 1.
gang. Samme dato i 2001 blei han statsminister for 2. gang. Og i 2005 blei Jens
Stoltenberg statsminister.
I trubadur
Olav sitt fråver, fekk Ove det ærefulle oppdrag å finne ein Rotarysong. Valget
falt på den vakre: «De nære ting».
Sekretær
Knut Henning hadde trossa ein travel kvardag, og kunne opplyse at det er Kristin
Grebstad og Kjell Heggdal sin tur til BUAS- besøk. Elles mangla han oversikt
over forrige manntall, men rekna med at ein eller anna hadde denne oversikta.
3- minutt
var denne gang ved Steinar Klokk: Han fortalte om ein «lønnsom» Oslotur kona og
han hadde gjort. Kona klaga over at det var vanskelig å finne briller som
passa. Derfor var det mykje strev med å bytte briller. I Oslo kontakta dei
Memira, som har spesialisert seg på augeoperasjoner. Etter 2 timer kom ho ut og
leverte frå seg brillene. Då hadde ho fått skifta linser på begge augene.
Operasjonen i seg sjøl tok berre 10 minutt, men av sikkerhetshensyn måtte ho
vente litt ekstra tid. Solskinnshistoria til Steinar er av dei få 3 minutt som
bokstavelig var 3 minutt.
Under posten
«Ymse» opplyste Greta at leier i TRF, Olaf og ho ville søke Distrikt Grant om
penger til Prosjekt Filippinene. For eks. overbygg over
oppstillingsplassen for barna eller kurs og videre utdanning for lærere ved skulen, Lola Day Care Center. Dersom prosjektet har ein begynnelse og slutt, kan det
bli godtatt som Rotaryprosjekt.
Elles har
D2305 90000,- i overskot, som kan delast ut til klubbene etter søknad. SRK vil
søke til eit speiderprosjekt der ein vil lage til bedre parkeringsplass for besøkende. Dette burde også kunne klassifiseres under Rotaryprosjekt.
Etter
Rotarykaffi og gode eplekaker, var vi spente på kva vårt nye medlem, Roald Mork
hadde å fortelle i sitt yrkes/egoforedrag.
Han begynte med
begynnelsen: født i Syvde i 1962. Flytta til Hareid og begynte på skule her i 7
–års alderen.
Tok 1. året
på Handel og Kontor i Syvde. Fortsatte dei 2 neste år på Vestborg. Deretter
militærtjeneste i Steinkjer.
Første
arbeidsplassen var Hjørungavåg Verkstad: Jobba her med lønninger og økonomi.
Frå 1989 til 1991 var han IT- ansvarlig. Då dette verkstedet gjekk konkurs,
flytta han over til Kåre Vadset Reknskapskontor.
I 1993
flytta han over til den Farstad Skipping. I dette rederiet hadde han sin
arbeidsplass fram til 2018. Jobba som regnskapsansvarlig og som IT- konsulent.
Då Farstad
først fusjonerte med Solstad, og sidan trakk seg ut av fusjonen, blei Roald
arbeidslaus. Men han benytta likevel sin kompetanse til å gi assistanse til
lokale selskap i Ålesundsområdet. Siste arbeidsplassen er Optimar på Valderøya.
Her jobber han også som IT- konsulent. Først ein 3 måneders tilsetting,
deretter 6 måneders tilsetting. Dette er eit stort firma med 450 ansatte, så
her burde vere nok jobb.
Roald
avslutta med å fortelle litt sosialt: Han er gift med Solveig og har 2 stedøtre
og 6 barnebarn. Dei bur på Helleskjerva.
Av
interesser nevnte han gåturer, ofte rundt Sessvatnet. Elles liker han å reise.
Har vore «down under» til Australia og til Brasil. Så vidt referent forstår, er
likevel yndlingsreisemålet Hellas.
Roald er
flink med kamera og viste flotte bilder, m.a. av noko referent kan styre si
begeistring for, nemlig ein stor hoggorm.
Han liker
godt å høyre på musikk, han nevnte m.a. Elg og Pink Floyd.
Eit
strukturert og interessant yrkes/egoforedrag av Roald. Han har ein virkelig rikhalding CV.
Etter å ha
takke så mykje for foredraget, minte president Greta om neste møte som er ved
Njell Hoftun og Sentrumsplanen.
Så ønska ho
alle vel heim.
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.