Referat frå Rotarymøte
24.10.2018:
Denne
kvelden var møtet flytta til kantina ved Brannstasjonen pga. vasslekkasje ved
lokala i Sparebanksalen. Men lokala til brannstasjonen var ei ypperlig
erstatning, og møtet blei avvikla etter vanlig rutine.
Først ønska
president Greta alle vel møtt, og spesielt kvelden sine 3 gjester, Arne Hanssen,
Petter Lyshol og kvelden sin foredragshaldar, Njell Hoftun.
FN- dagen
Men først
litt om dagen i dag: Det var FN- dagen og Greta markerte dette ved å minne om
at organisasjonen blei bestemt grunnlagt ved Jalta-konferansen i februar 1945.
Første møtet var 24. oktober same året. Organisasjonen har sitt hovedsete i New
York. I dag er det 193 land som er medlemmer. Den eineste sjølstendige staten
som ikkje er med er Vatikanstaten.
Greta minte
om at både barnehager og barneskuler markerer denne dagen.
Elles tillet
referent seg å minne om at verdenspresidenten i Rotary (Barry Rassin i
2018/2019) held tale i FN nett denne datoen.
Eilif og
Eivor har namnedag, og Greta avrunda med følgende kloke sitat: «Det er ikkje
penger i poesi, men heller ikkje poesi i penger».
Som
Rotarysong hadde trubadur Olav valgt ut den optimistiske «Allsang», der eit av
versa går ut på at ting går bedre dag for dag.
Sektretær
Sekretær
Knut Henning meldte at det er Rolf og Greta sin tur til BUAS- besøk. Så er det
ikkje mindre enn 3 bursdager komande veke: Per Ringdal blir 71 år 26. oktober.
Øyvind Østvik blir 76 år same dato, og Oddbjørn Ramstad blir 77 år 29. oktober.
3- minutt ved Jan
Då det ikkje
passa for dei to aktuelle kandidatene å halde 3 minutt, meldte Jan seg
frivillig. Han fortalte han ville halde dette 3 minuttet som eit apropos til
kvelden sitt tema om Den Nye Sentrumsplanen. Han tok utgangspunkt i ein
leierartikkel i Sunnmørsposten 17.10. der poenget var at ein må satse på byen
for å bremse sentraliseringa. Ei tilsynelatende sjølvmotseiing, men Jan
forklarte kvifor han meiner det ikkje er det. Han trur neppe er til å unngå at «ytterkommuner» blir meir
eller mindre avfolka. Korleis hindre dette hos oss her i Sykkylven? Han meinte området frå Flisneset til Magerholm
i framtida sannsynligvis vil ha like mange innbyggere som heile Sykkylven. Då
vil det vere naturlig å sjå dei to som ei eining. (Jan hengte opp kart.) Dette
vil ein få til, etter Jan si meining, med å la 3 elektriske ferjer gå i
kontinuerlig skytteltrafikk mellom Ørsneset – Magerholm. Den planlagte
Storfjordbrua hadde han ikkje noko tru på. Den ville gjere turen til Sykkylven
meir tungvint, og kanskje føre til at Sykkylven kjem inn i ei bakevje.
Aktuelt ved Presidenten
Så orienterte
president Greta litt om situasjonen med nye lokaler. Det fine lokalet i
Brannstasjonen får vi ikkje benytte permanent. Greta har forhøyrt seg om
Pensjonistsalen. Elles kom det fram forslag om 2. etasje ved Servicebygget ved
båthamna. Vi får følge med på e-posten.
Brev om
«Prosjekt Filippinene», der vi søker økonomisk støtte, er sendt til klubber og
AG rundt i distriktet. Også guvenør
Arvid Blindheim har motteke eit eksemplar, og han roser prosjektet for å vere i
Rotary si ånd.
Både
visepresident og president med fleire hadde virkelig lagt seg i selen for at
det ikkje skulle mankere noko i matveien. God kaffi og gode svelerJ
Den Nye Sentrumsplanen
Så var det
Njell sin tur til orientering om den nye sentrumsplanen. Dem gamle gjekk ut i
2017. og no måtte det utarbeides ein ny. Tidligere er det utarbeid ein generell
kommuneplan i 2013 og ein for Straumgjerde i 2017.
Arbeidet med
den nye sentrumsplanen, fortalte Njell, er meir krevende enn med den gamle. Der
var det meir rom for skjønn. Ved den nye blir det satt større krav til sjølve
prosessen. Dette gjeld framstilling av planen og auka krav til bedre
kunnskapsgrunnlag og bedre dokumentasjon. Den gamle planen var på nokre få
sider, medan den nye er på 75 sider + kart.
Kva er så
det overordna målet med ein sentrumsplan ? Det er å legge til rette for
etablering av fleire arbeidsplasser og for bustadbygging. Derved også auke
antall innbyggere i Sykkylven. Njell viste ei prognose som ikkje er særlig
optimistisk når det gjeld folketallsutvikling. Sjå bilde! Elles er det mange
andre moment som skal vere med: Folkehelse, sikkerhet, barn og unge, tilgjenge
for alle, klima og miljø, barn og unge, jordvern, kulturvern og naturmangfald. (sjå
bilde !)
Den nye
planen har med 177 da nytt boligareal og 190 da til næringsareal.
Høyringsfristen for å uttale seg om planen, er ganske snart, 29. okt. Særlig regner
Njell med at det vil kome motsegner frå jordbruksinteresser. Nærings- og
utviklingsutvalget skal uttale seg, og så må
planen evt. justeres. Kanskje må det mekling til før planen blir
behandla i kommunestyret. Så vidt referent forstår, skal også fylke ved
fylkesmannen uttale seg. I det heile tatt kan det bli utfordringer med alle
motsegnene som kan komme.
Ingen tvil
om at både Njell og kommunen har utfordringer i tida framover. Han får synge
strofa i kvelden sin Rotarysong: «Bedre og bedre dag for dag».
President
Greta takka Njell så mykje, og måtte innrømme at i kampen for nytt lokale,
hadde ho gløymt den obligatoriske
oppmerksomheta til foredragshaldarane. Men Njell har vore ein relativt hyppig
gjest så det blir vel ei råd med ein påskjønnelse seinere.
Så takka
president Greta for det gode frammøte og minte om at ved neste møte er det Trond Bonesmo som
vil orientere om Folkebadet.
Referent
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.