Referat frå Rotarymøte
14.11.2018:
Minneord over Marta Riber Roald
Vår
rotaryven, Marta Roald er gått bort. President Greta heldt minneord og fortalte
mellom anna at Marta i 2006/2007 var den første kvinnelige president i klubben
vår. Ho var også initiativtaker til samarbeid med May Brit Tynes om «Prosjekt
Filippinene». Vi avslutta med 1 minutts stillhet.
Orientering om dagen i dag, 14. nov.
Så over til
faste poster: Denne datoen har Fredrik og Freddy namnedag.
Når det gjeld
bursdager denne datoen, internasjonalt, nemnte Greta: Claude Monet, Astrid
Lindgren og ikkje minst arveprins
Charles i Storbritannia som fylte 70 år denne dagen.
Greta
siterte også ein artikkel i Aftenposten frå 1905 om folkerøysting i Norge. Den
første var om Norge fortsatt skulle vere i union med Sverige. Det blei eit
overveldende fleirtal for oppløysing . 184 for Unionen og 371 911 mot denne.
Seinere krevde prins Carl folkeavstemning om monarki. Her var ikkje fleirtalet fullt
så overveldende, men 260 000 stemte for og 69 000 mot. Prins Carl av
Danmark blei då kong Haakon av Norge.
Etter
trubadur Olav sin plan, skulle vi synge 4. sang i sangboka vår, men president
Greta gjorde unntak denne gongen. Det blei «Mellom bakker og berg». Ingen dårlig
erstatning.
3- minutt om mobbing i skulen
3 minutt var
ved Bjørg. Ho jobber i skulen og tok opp eit alvorleg tema, mobbing. Dette har
dessverre dei fleste av oss erfaring med , enten som mobber eller mobbeoffer.
I ei
undersøking har det vist at heile 50 000
elever i dagens skule har opplevd seg mobba.
Det er siste
åra blitt stadig meir fokus på dette. Opplæringslova seier at det skal lagas
ein plan for å korleis mobbing skal håndteres. Dersom dette blir forsømt, kan dei
einskilte sakene bli klaga til Fylkesmannen. Skulen kan få bøter, og vi veit at
mobbeoffer har søkt om og fått erstatning etter mange år.
Kva er
definisjonen på mobbing? I følge Bjørg er dette ei ond handling som har
foregått over tid og der styrkeforholdet er ulikt.
Det er mange
måter å mobbe på: Verbal, sosial, materiell, psykisk, fysisk, og ikkje minst,
noko som dessverre er svært aktuelt i vår tid, digital mobbing.
For at
mobbing skal ha effekt, er den avhengig av passive tilskuere. Mobbeoffer har i
etterkant fortalt at passiviteten mellom tilskuerne var det verste.
Bjørg streka
under at mobbesakene ofte er både komplekse og vanskelig å løyse. Dessverre er
det ingen «kvikk fix» for dette.
Eit 3-
minutt til ettertanke om eit altfor aktuelt tema.
Orientering ved Presidenten
Før
rotarykaffe, kunne president Greta fortelle at Erlend Lillevik hadde vore vår
deltaker på Ryla.
Videre orienterte
ho om at neste onsdag, 21. nov. er det Guvenørbesøk på Stranda. Styret møter kl. 18:00. medan sjølve fellesmøtet blir
kl. 19:00. Stad er Stranda Kulturhus.
Sykkylven Videregående Skule (sjå bilde av rektor og skulen under)
Etter
rotarykaffen, orienterte så rektor
Barbro Midtgård om Sykkylven Videregående Skule. Her er det 270 elever med
ganske omfattende undervisningstilbod: Helse- og sosial, TIP (teknikk og
industriell produksjon), elektrofag – automasjon, studiespesialisering og eit
tilbud der elevene kan gå to år i yrkesfag og så avslutte med eit år med såkalla
«Påbygging». Dette gir generell studiekompetanse. Derimot krev enkelte studier
fordjupning i realfag. Då blir det krevd 3- årig almenfag, eller at eleven tek
dei faga han mangler i etterkant av skulen.
Nye tilbod
Nytt av året
er ei friluftslinje som kan kombineres med vanlig undervisning. Dessuten har
skulen fått klarsignal for Robot- og digitaliseringslinje. Videre noko som
Barbro kalla Fab.Lab som legg vekt på skaperglede. Dette er utdanninger som vil
bli etterspurt i åra framover.
Entreprenørskap
Barbro fortalte
at ho er stolt over entreprenørskapet ved skulen. Ved fylkesmønstring, var 30 %
av bedriftene frå Sykkylven Videregående
Skule. Ei av desse gjekk videre til Oslo og nasjonal finale. Lokalt næringsliv
har vore flinke til å støtte entreprenørskapet.
Internasjonalisering
Internasjonalisering
i skulekvardagen er ganske omfattende. Det er 5 prosjekt som går føre seg. M.a.
eit utvekslingsprosjekt Belgia – Norge.
Det blir
arrangert ei internasjonal veke med fokus på «fake news». England, Spania og
Island deltek samen med oss.
Det er
samarbeid med Danmark om Helse- og oppvekst.
Veldig
interessant er samarbeid med Island om
automasjon og geokraftverk.
Interessant
for Rotary er Erasmusprosjektet med utveksling av elever frå ulike land.
Kanskje kan skulen og vi samarbeide om eit utvekslingsprogram.
Til slutt
nemnte Barbro at det er starta eit skuleprosjekt for å yte hjelp til ein
flyktningeleir i Vest – Sahara. Samarbeidet om skuleprosjektet i Etiopia er no
avslutta.
Trivsel
Det blir
gjort mykje for at både elever og lærere skal trives. Barbro viste bilder av
ulike trivselstiltak med lesesal, samtalehus, skulekantine og «Pusterommet» på
Aure. Det blir gjort mykje for at elevene skal engasjere seg i elevdemokrati.
Og til sist, men ikkje minst, viste Barbro bilde av eit flott lærerrom.
Sjølsagt møblert med Ekornesmøbler.
Grundig og
flott foredrag av rektor Barbro. Skulekvardagen er nok litt annaleis i dag enn
då referent gjekk på gymnas i Ålesund i byrjinga av 1970- talet.
Velfortjent
og sedvanlig gest til Barbro etterpå.
Til sist
sang vi bursdagssangen til Kristin som fyller rundt år, neste dag 15. nov. Sjøl
om ein ikkje skal nemne ei kvinne sin alder, tek likevel referent sjansen på å
fortelle at ho fyller 50 år.
Så ønska
president Greta flest mulig vel møtt til Guvenørbesøk på Stranda neste onsdag.
Referent
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.