Referat frå
Guvenørbesøk 21.11.2018:
Såpass
seint som 21. november, satte vi oss i bilane og køyrde over fjellet til
Kulturhuset på Stranda, til det årlege Guvenørbesøket. Heldigvis var været
optimalt med skin frå fullmåne og bare, tørre vegar.
Styret
i Stranda Rotaryklubb hadde møte med Guvenøren kl. 17, og vi kl. 18. Og det
møtet var slett inga skrekkoppleving. Arvid blei opplevd som venleg, blid,
positiv og all gruing på førehand hadde vore heilt vekkasta.
Vi
blei ferdige nokre minutt før planlagt tid, og samla oss så i fellesskap til festen.
President Per Arne Helsem frå Stranda Rotaryklubb ønska alle vel møtt, og då
spesielt guvenør Arvid Blindheim.
Denne
gangen hadde Stranda Rotaryklubb, etter referent si meining, gjort noko lurt:
Vi hadde matykta først, i staden for, det som har vore vanleg, som avslutning.
Det er vel eit faktum at vi har lettere for å konsentrere oss på full mage enn
på tom mage. Serveringa var ein aldeles nydelig gryterett med ris attåt. Deretter god kaffe.
Etter
at vi var mette og vel nøgde, fortsatte Stranda sin president det oppsatte
programmet. Klubben hadde opptak av to nye medlemmar. Dessverre måtte den eine
melde forfall, men guvenør Arvid delte ut Rotarynåla til Inge Gjerde. Så vidt
referent forstår, hadde han vore innom Klubben ved eit par høve tidligere. Han
håpa no at han skulle få bedre tid, og bidra til ein stabil oppmøtestatistikk.
Utdeling
av Paul Harris Fellow kom som ei stor overrasking for vedkomande, frisørmester
Petter Aambakk. Han fortalte at han pleide å bli spurt om å vere seremonimester
ved dei ulike rotarymøta. Denne gongen blei han ikkje blitt spurt, men rekna
med at dette var ei forgløyming. Men om det kom overraskende, så var det desto
hyggeligere. Petter uttrykte at han var både beæra og stolt over prisen.
Eit
høgdepunkt er guvenøren sin tale. Arvid fortalte at han er frå Sykkylven
(referent: Blindheimsbakkane). Han har budd på Vestnes heile sitt vaksne liv. Han
fortalte videre at han er gift med Anne Katrine og har 3 barn og 2 barnebarn.
Er utdanna lærer, og har videreutdanning innanfor musikk. Vi kjenner han vel
mest som Fylkeskultursjef. Denne jobben hadde han frå 1992 til 2014, då han
pensjonerte seg.
I
1978 blei Arvid spurt om han kunne vere med å starte ein Rotaryklubb på
Vestnes. Han samla kunnskap om Rotary, og synes for så vidt at organisasjonen
hadde mykje for seg. Men det var to ankepunkt: For det første at ein måtte ha
invitasjon for å vere med. For det andre, at kvinner på den tida, ikkje hadde
adgang. Seinere har Arvid kome til at det med invitering kanskje har noko for
seg likevel. Og, heldigvis, har kvinner no fått adgang, slik at dei i mange
klubber utgjer ein stor prosentdel av medlemane.
Arvid
forsatte videre med å fortelle litt om organiseringa av Rotary med 1,2 mill.
medlemmer frå mest alle yrke. I vårt distrikt har vi 50 klubber og 1750
medlemmar. Ved sidan av at vi er ein yrkesorganisasjon, gir 4 spørsmålsprøva
perspektiv på arbeidet og ideala våre.
Rotary var sentral då FN blei stifta i 1945. Den første generalsekretær
i FN, Trygve Lie understreka ofte den viktige rollen Rotary spelte i
grunnlegginga.
Eit ærerikt prosjekt for Rotary er kampen mot Polio. Den starta i 1988; då var
det 350 000 tilfelle på verdensbasis. I år, er det til no, registrert 11
utbrot i Afganistan og 3 i Pakistan. Det har vore eit ypperlig samarbeid med
Bill Gates. Han har betalt inn 2 $, der Rotary har betalt 1 $.
Men det er aktivitet i vårt distrikt også. Guvenør Arvid nemnte sanitærprosjektet
til Hamar Vest som no er i ferd med å bli avslutta. Hareid Rotaryklubb er med i
eit prosjekt i Armenia med eit sjukehus for mor – barn. Raufoss Rotaryklubb har
avslutta eit prosjekt i Kenya der det er blitt bora etter vatn. Arvid fortalte
at Gjøvik og Fræna Rotaryklubb saman med ein rotaryklubb i Litauen er blitt med
på eit prosjekt for å redusere sjølmordsraten i landet.
Arvid fortalte om prosjekt i sin eigen klubb, Vestnes Rotaryklubb. Her
hadde dei hatt eit mislykka og 3 vellykka. Av dei vellykka var ein gangsti og
bygging av ein lavo. Eit Global Grant prosjekt hadde vore, i samarbeid med ein
Rotaryklubb i Sao Paolo, å skaffe musikkinstrument til ein skule der.
Men vi har prosjekt her på berget også: Volda Rotaryklubb sin David
School i Sierra Leone og vår klubb sin støtte til Lola Day Care Center på Filippinene.
Stranda Rotaryklubb har tatt opp med AG Kjell Høydal om kva for prosjekt han
synes dei burde støtte økonomisk. Raust nok, har han anbefalt at ein denne gong
støtter Sykkylven sitt prosjekt med penger.
Dersom ein vil starte store, tunge prosjekt, anbefaler Arvid at fleire
klubber går saman om desse.
Arvid fortalte litt frå Assembly i USA. Der får dei komande guvenørane
får si opplæring. På førehand blei han blitt anbefalt å «trakke opp stien», slik at han
neste dag visste kvar han skulle sitte osv. Det viste seg å vere heilt
unødvendig. Det heile var grundig- og gjennomorganisert, slik at det å
orientere seg ikkje var noko problem i det heile.
Den nye verdenspresidenten, Barry Raisin er frå Bahamas. Mottoet er:
«Be the Inspiration». Men det kan vi ikkje vere aleine, så han tilføyde:
«Together». Elles fokuserte Verdenspresidenten på bærekraftige prosjekt. Særlig
dette med klima, gir eit dystert perspektivt. Dersom ein ikkje får bukt med den
globale oppvarminga, vil Bahamas vere under vatn i 2100. Dette gir eit dystert,
men samstundes meiningfullt perspektiv på prosjekta våre.
Guvernør Arvid avslutta med å gi både Stranda- og Sykkylven Rotaryklubb
stor fagnad for å vere veldrevne
klubber.
Sykkylven Rotaryklubb v/ president Greta Herje, kvitterte med å dele ut vår sedvanlige gest, ost,
til guvenøren.
President
Per Arne runda så av møtet og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
6. januar 2018
Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.
6. januar 2018
Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.
28. oktober 2017
Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.
21. oktober 2017
Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.
12. oktober 2017
Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold
29. september 2017
Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb
23. september 2017
"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"