Guvernørbesøk, Intercitymøte på Stranda

Les referat frå møtet der Guvernør Arvid Blindheim besøkte Stranda og Sykkylven RK

Referat frå Guvenørbesøk 21.11.2018:

Såpass seint som 21. november, satte vi oss i bilane og køyrde over fjellet til Kulturhuset på Stranda, til det årlege Guvenørbesøket. Heldigvis var været optimalt med skin frå fullmåne og bare, tørre vegar.

Styret i Stranda Rotaryklubb hadde møte med Guvenøren kl. 17, og vi kl. 18. Og det møtet var slett inga skrekkoppleving. Arvid blei opplevd som venleg, blid, positiv og all gruing på førehand hadde vore heilt vekkasta.

Vi blei ferdige nokre minutt før planlagt tid, og samla oss så i fellesskap til festen. President Per Arne Helsem frå Stranda Rotaryklubb ønska alle vel møtt, og då spesielt guvenør Arvid Blindheim.


Denne gangen hadde Stranda Rotaryklubb, etter referent si meining, gjort noko lurt: Vi hadde matykta først, i staden for, det som har vore vanleg, som avslutning. Det er vel eit faktum at vi har lettere for å konsentrere oss på full mage enn på tom mage. Serveringa var ein aldeles nydelig gryterett med ris attåt.  Deretter god kaffe.

Etter at vi var mette og vel nøgde, fortsatte Stranda sin president det oppsatte programmet. Klubben hadde opptak av to nye medlemmar. Dessverre måtte den eine melde forfall, men guvenør Arvid delte ut Rotarynåla til Inge Gjerde. Så vidt referent forstår, hadde han vore innom Klubben ved eit par høve tidligere. Han håpa no at han skulle få bedre tid, og bidra til ein stabil oppmøtestatistikk.

Utdeling av Paul Harris Fellow kom som ei stor overrasking for vedkomande, frisørmester Petter Aambakk. Han fortalte at han pleide å bli spurt om å vere seremonimester ved dei ulike rotarymøta. Denne gongen blei han ikkje blitt spurt, men rekna med at dette var ei forgløyming. Men om det kom overraskende, så var det desto hyggeligere. Petter uttrykte at han var både beæra og stolt over prisen.

Eit høgdepunkt er guvenøren sin tale. Arvid fortalte at han er frå Sykkylven (referent: Blindheimsbakkane). Han har budd på Vestnes heile sitt vaksne liv. Han fortalte videre at han er gift med Anne Katrine og har 3 barn og 2 barnebarn. Er utdanna lærer, og har videreutdanning innanfor musikk. Vi kjenner han vel mest som Fylkeskultursjef. Denne jobben hadde han frå 1992 til 2014, då han pensjonerte seg.

I 1978 blei Arvid spurt om han kunne vere med å starte ein Rotaryklubb på Vestnes. Han samla kunnskap om Rotary, og synes for så vidt at organisasjonen hadde mykje for seg. Men det var to ankepunkt: For det første at ein måtte ha invitasjon for å vere med. For det andre, at kvinner på den tida, ikkje hadde adgang. Seinere har Arvid kome til at det med invitering kanskje har noko for seg likevel. Og, heldigvis, har kvinner no fått adgang, slik at dei i mange klubber utgjer ein stor prosentdel av medlemane.

Arvid forsatte videre med å fortelle litt om organiseringa av Rotary med 1,2 mill. medlemmer frå mest alle yrke. I vårt distrikt har vi 50 klubber og 1750 medlemmar. Ved sidan av at vi er ein yrkesorganisasjon, gir 4 spørsmålsprøva perspektiv på arbeidet og ideala våre.

Rotary var sentral då FN blei stifta i 1945. Den første generalsekretær i FN, Trygve Lie understreka ofte den viktige rollen Rotary spelte i grunnlegginga.

Eit ærerikt prosjekt for Rotary er  kampen mot Polio. Den starta i 1988; då var det 350 000 tilfelle på verdensbasis. I år, er det til no, registrert 11 utbrot i Afganistan og 3 i Pakistan. Det har vore eit ypperlig samarbeid med Bill Gates. Han har betalt inn 2 $, der Rotary har betalt 1 $.  

Men det er aktivitet i vårt distrikt også. Guvenør Arvid nemnte sanitærprosjektet til Hamar Vest som no er i ferd med å bli avslutta. Hareid Rotaryklubb er med i eit prosjekt i Armenia med eit sjukehus for mor – barn. Raufoss Rotaryklubb har avslutta eit prosjekt i Kenya der det er blitt bora etter vatn. Arvid fortalte at Gjøvik og Fræna Rotaryklubb saman med ein rotaryklubb i Litauen er blitt med på eit prosjekt for å redusere sjølmordsraten i landet.

Arvid fortalte om prosjekt i sin eigen klubb, Vestnes Rotaryklubb. Her hadde dei hatt eit mislykka og 3 vellykka. Av dei vellykka var ein gangsti og bygging av ein lavo. Eit Global Grant prosjekt hadde vore, i samarbeid med ein Rotaryklubb i Sao Paolo, å skaffe musikkinstrument til ein skule der.

Men vi har prosjekt her på berget også: Volda Rotaryklubb sin David School i Sierra Leone og vår klubb sin støtte til Lola Day Care Center på Filippinene. Stranda Rotaryklubb har tatt opp med AG Kjell Høydal om kva for prosjekt han synes dei burde støtte økonomisk. Raust nok, har han anbefalt at ein denne gong støtter Sykkylven sitt prosjekt med penger.

Dersom ein vil starte store, tunge prosjekt, anbefaler Arvid at fleire klubber går saman om desse.

Arvid fortalte litt frå Assembly i USA. Der får dei komande guvenørane får si opplæring. På førehand blei han blitt anbefalt å «trakke opp stien», slik at han neste dag visste kvar han skulle sitte osv. Det viste seg å vere heilt unødvendig. Det heile var grundig- og gjennomorganisert, slik at det å orientere seg ikkje var noko problem i det heile.

Den nye verdenspresidenten, Barry Raisin er frå Bahamas. Mottoet er: «Be the Inspiration». Men det kan vi ikkje vere aleine, så han tilføyde: «Together». Elles fokuserte Verdenspresidenten på bærekraftige prosjekt. Særlig dette med klima, gir eit dystert perspektivt. Dersom ein ikkje får bukt med den globale oppvarminga, vil Bahamas vere under vatn i 2100. Dette gir eit dystert, men samstundes meiningfullt perspektiv på prosjekta våre.

Guvernør Arvid avslutta med å gi både Stranda- og Sykkylven Rotaryklubb stor fagnad for å  vere veldrevne klubber.


Sykkylven Rotaryklubb v/ president Greta Herje, kvitterte med å dele ut vår sedvanlige gest, ost, til guvenøren.

President Per Arne runda så av møtet og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth


 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS