Bedriftsbesøk til Ekornes-fabrikken på Ikornnes

Les referat frå Sykkylven RK sitt bedriftsbesøk til Ekornes ASA, onsdag 28. november 2018.

BEDRIFTSBESØK, EKORNES ASA.
Video intro: https://www.stressless.com/nb-no

Referat frå bedriftsbesøk på Ikornnes, 28.11.2018:

Målet med besøket var å bli oppdaterte på bedrifta og særleg på dei nye sy-robotane i produksjonen av Stressless. Prosjektingeniør Leif-Jarle Aure og produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr tok mot og losa oss umiddelbart til den store møtesalen. Først på programmet sto ein «skrytefilm» på fem minutt frå Sykkylven og næraste grannelaget, med stikkord som vakker og heftig natur, tiltaksame og aktive innbyggarar, og ein verdsvid produksjon av kvalitetsprodukt frå Ekornes ASA. «The Innovators of Comfort» skal retteleg kommuniserast til flest mogeleg på vår runde jordklode! Stressless kvilestol/ Recliner er fremste produktet i så måte, og ymse variantar av produkt med merkenamnet Stressless er å finne på alle kontinent.


Nytt av året/ hausten 2018 er at kinesaren Ruihai Zaho, «Mr. Zaho», gjennom sitt selskap QuMei Home Furnishings Group har kjøpt alle aksjane i Ekornes ASA, saman med Huatai. Samla verdi: 5,1 milliardar kroner. Dermed vil vonleg den enorme kinesiske marknaden også bli ein marknadsplass for Ekornes sine produkt, og sikre stabil og god tilverknad i Sykkylven. QM si heimeside finn du her: http://new.qumei.com/english/

Per Kjetil viste lysbilete med mykje informasjon, og berre ein liten del blir teke opp att her, som at

·        Stressless ® er kjent av 85 millionar menneske

·        IMG er eit internasjonalt «discovered brand»

·        Svane ® er merkevare for senger og madrasser i Nord Europa

·        4000 utsals-stader i 43 land verda rundt

·        18 sals-kontor i 11 land

·        9 fabrikkar i 4 land

·        Litt over 2000 tilsette

·        Ekornes-produkt for 3,1 milliardar kroner vart selde i 2017

Leif-Jarle, om cella med  Sy-robotar: Prosjekt «Ny sømteknologi i møbelindustrien» kan førast attende til 2004, då Ekornes vende seg til TBL (Teknologibedriftenes Landsforening/ Forskningsrådet), med spørsmål om godkjenning og støtte til eit «Mann til Månen» prosjekt; unikt og banebrytande. 


Prosjektet har sidan gått føre seg i samarbeid med m.a. Amatec i Sykkylven, som frå 2005/2008 har hatt handa på rattet i utviklingsfasen av verda sin første  sy-robot. Vi snakkar her om unik spisskompetanse i eit globalt perspektiv! Då SRK besøkte Amatec i slutten av mai 2015, var prototypen av ein industrirobot for saum klar for installering i fabrikken, og avdelingsleiar Tor Ronny Gjelstenli, automasjonsingeniør Terje Riksheim og produkt- og marknadssjef Lars Einar Riksheim rekna med at resten av året ville gå med til montering i juni og justering/ tilpassing resten av året.

Sidan den gongen er fire robotar installerte hos Ekornes, og dei fire arbeider «bak lås og slå»; bak trygge nettingveggar der dei fører sitt eige liv, utan å bli uroa av menneskehender. 


Ein robot skal etter planen gjere jobben tilsvarande 2 årsverk x 2 skift = 4 årsverk. Poenget er å få ein nøyaktig saum som fester eit porøst fiberlag med isolasjon/ vatt til hud, utan å skiple saumen, som ligg 5 millimeter frå kanten. For å greie dette, blir systaden overvaka av eit kamera som tek meir enn 30 bilete pr. sekund, fortalde Leif-Jarle. Eit bilete frå dette kameraet kombinert med laser-teknologi blir «pr. omgåande» sendt til computeren, som i løpet av 30/1000 sekund, 30 millisekund, gir melding til synåla om korleis saumen skal korrigerast! Her er det japansk teknologi som ligg til grunn. Prosessen går sekund for sekund, minutt for minutt, time for time, år ut og år inn!


Merk: Symaskinen til venstre er i heva posisjon, for å gje plass til objektet som skal syast. Det blir ført på plass av robot-armen. Til høgre er maskina i senka sy-posisjon.

Ein operatør overvaker heile cella med 4 sy-robotar. Med tid og stunder og ved behov vil denne cella kunne gå 24 timar i døgnet. Om noko «skjer seg» på nattestid, vil vakthavande operatør automatisk bli oppringd, slik at han eller ho kan korrigere systemet.  

«Det som imponerer meg, er den kompetansen vi har klart å bygge i denne fabrikken, og å administrere teknologien. Etter kvart har det blitt mange utruleg flinke folk innan dette feltet ved Ekornes, og eg vil også gje ros til Sykkylven vidaregåande skule for deira evne til å «følgje med» og utvikle sine undervisningstilbod på ein måte som gjer studentane interessante for å få seg arbeid hos oss.» Omtrent slik ordla Leif-Jarle seg, i si rosande omtale både av dei fabrikk-tilsette og av Sykkylven vidaregåande med sine studentar.


Per Kjetil Våtmyr, Greta Herje og Leif-Jarle Aure.  Her viser Ingjerd Asbjørnsen og Per Kjetil oss døme på eit objekt ferdig sydd. Vi ser både skinnet/ huda øverst, og fiber/ vatt-laget under.

Programvare/ software til sy-robotane er det SINTEF Raufoss Manufacturing som har hand om, i samarbeid med ekspertane hos Ekornes. Ny versjon programvare er nettopp utvikla, og blei i installert i november 2018. Bak «fasaden» som vi kan sjå, skjuler seg dei verkelege løyndomane som gir presis og nøyaktig produksjon av eit Stressless kvalitetsprodukt frå Ekornes.


Grunder og fabrikkeigar Jens Ellingsen Ekornes, f. 20.01.1908, d. 25.11.1976.
Han grunnla i 1934 J. E. Ekornes Fjærfabrikk. Til venstre ser vi saum-operatør Renata. Ho kom frå Litauen for 12 år sidan, og fortalde at ho er svært glad i jobben sin på Ekornes.


Det viktigaste poenget med heile automatiseringa/ digitaliseringa er å få ned produksjonskostnadene i dei store møbel-seriane som Ekornes handterer, med omsetning på over 3 milliardar NOK. I ein slik målestokk vil sjølv ein prosjektkostnad på 120 millionar kroner kunne forsvarast. Ein god del av denne kostnaden er dessutan blitt dekka gjennom tilførte midlar frå Forskningsrådet, som heile tida har vore med på laget, og særs positive til det banebrytande arbeidet som har vore utført gjennom 10-15 år.

Eit anna godt poeng til forsvar for investeringa er betra arbeidsmiljø, der keisame og einsformige prosessar bak symaskinene blir avløyste av ein overvakingsfunksjon til ein prosess som ikkje går raskare, men minst like nøyaktig – og altså billegare.


Så langt Per Kjetil og Leif-Jarle.  President Greta Herje takka dei to kunnskapsrike informantane for ein imponerande presentasjon av eit imponerande arbeid som har blitt utført så langt. «Det er ikkje noko rart at vi framleis har verdensmeisteren i sjakk frå vesle Norge, samtidig som vi i vesle Sykkylven har ei «verdsmeister-bedrift» i digitalisering/ automatisering av produksjonsprosessing!» (fritt formulert av referent, etter president Greta) Tusen, tusen takk for oppdateringa til Sykkylven Rotary Klubb!


Skrivar/ referent, Olav P


 
Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

21. oktober 2017

Hjerte- lungeredning: Ved spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde:

Spesialsjukepleier Lisbeth Berit Gjerde heldt ei bokstavelig livsviktig foredrag om hjerte og lungeredning ved Rotarymøte 18. oktober.

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

12. oktober 2017

Guvenøren sitt årlige besøk hos Stranda og Sykkylven Rotaryklubb:

Sykkylven og Stranda Rotaryklubber fekk besøk av guvenør for D2305: Wictor Sandvold

Presidenten sin time 4. oktober.

6. oktober 2017

Presidenten sin time 4. oktober.

Les referat frå Presidenten sin time 4. oktober.

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

29. september 2017

Direktør ved Formfin Møbler, Vibeke Aanning Aarseth

Les referat frå Vibeke sitt møte med Sykkylven Rotaryklubb

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

23. september 2017

Spesialsjukepleier Mariann Urke frå Hjerterehabiliteringa ved Ålesund sjukehus

"Fysiske og psykiske reaksjoner ved hjerteinfarkt"

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS