BEDRIFTSBESØK, EKORNES ASA.
Video intro: https://www.stressless.com/nb-no
Referat frå bedriftsbesøk på Ikornnes, 28.11.2018:
Målet med besøket var å bli oppdaterte på bedrifta og
særleg på dei nye sy-robotane i produksjonen av Stressless. Prosjektingeniør
Leif-Jarle Aure og produksjonssjef Per Kjetil Våtmyr tok mot og losa oss
umiddelbart til den store møtesalen. Først på programmet sto ein «skrytefilm» på fem minutt frå Sykkylven
og næraste grannelaget, med stikkord som vakker og heftig natur, tiltaksame og aktive
innbyggarar, og ein verdsvid produksjon av kvalitetsprodukt frå Ekornes ASA. «The
Innovators of Comfort» skal retteleg kommuniserast til flest mogeleg på vår
runde jordklode! Stressless kvilestol/ Recliner er fremste produktet i så måte,
og ymse variantar av produkt med merkenamnet Stressless er å finne på alle
kontinent.
Nytt av året/
hausten 2018 er at kinesaren Ruihai Zaho, «Mr. Zaho», gjennom sitt selskap QuMei
Home Furnishings Group har kjøpt alle aksjane i Ekornes ASA, saman med Huatai. Samla
verdi: 5,1 milliardar kroner. Dermed vil vonleg den enorme kinesiske marknaden
også bli ein marknadsplass for Ekornes sine produkt, og sikre stabil og god
tilverknad i Sykkylven. QM si heimeside finn du her: http://new.qumei.com/english/
Per Kjetil viste
lysbilete med mykje informasjon, og berre ein liten del blir teke opp att her,
som at
·
Stressless ®
er kjent av 85 millionar menneske
·
IMG
er eit internasjonalt «discovered brand»
·
Svane ®
er merkevare for senger og madrasser i Nord Europa
·
4000
utsals-stader i 43 land verda rundt
·
18
sals-kontor i 11 land
·
9
fabrikkar i 4 land
·
Litt
over 2000 tilsette
·
Ekornes-produkt
for 3,1 milliardar kroner vart selde i 2017
Leif-Jarle, om cella med Sy-robotar: Prosjekt «Ny sømteknologi i møbelindustrien» kan førast attende til 2004, då Ekornes vende seg til TBL (Teknologibedriftenes Landsforening/ Forskningsrådet), med spørsmål om godkjenning og støtte til eit «Mann til Månen» prosjekt; unikt og banebrytande.
Prosjektet har sidan gått føre seg i
samarbeid med m.a. Amatec i Sykkylven, som frå 2005/2008 har hatt handa på
rattet i utviklingsfasen av verda sin første sy-robot. Vi snakkar her om unik
spisskompetanse i eit globalt perspektiv! Då SRK besøkte Amatec i slutten av
mai 2015, var prototypen av ein industrirobot for saum klar for installering i
fabrikken, og avdelingsleiar Tor Ronny Gjelstenli, automasjonsingeniør Terje
Riksheim og produkt- og marknadssjef Lars Einar Riksheim rekna med at resten av
året ville gå med til montering i juni og justering/ tilpassing resten av året.
Sidan den gongen er fire robotar installerte hos Ekornes, og dei fire arbeider «bak lås og slå»; bak trygge nettingveggar der dei fører sitt eige liv, utan å bli uroa av menneskehender.
Ein robot skal etter planen gjere jobben tilsvarande 2
årsverk x 2 skift = 4 årsverk. Poenget er å få ein nøyaktig saum som fester eit
porøst fiberlag med isolasjon/ vatt til hud, utan å skiple saumen, som ligg 5 millimeter
frå kanten. For å greie dette, blir systaden overvaka av eit kamera som tek meir
enn 30 bilete pr. sekund, fortalde Leif-Jarle. Eit bilete frå dette kameraet kombinert
med laser-teknologi blir «pr. omgåande» sendt til computeren, som i løpet av 30/1000
sekund, 30 millisekund, gir melding til synåla om korleis saumen skal
korrigerast! Her er det japansk teknologi som ligg til grunn. Prosessen går
sekund for sekund, minutt for minutt, time for time, år ut og år inn!
Merk: Symaskinen til venstre er i heva posisjon, for å gje plass til objektet som skal syast. Det blir ført på plass av robot-armen. Til høgre er maskina i senka sy-posisjon.
Ein operatør
overvaker heile cella med 4 sy-robotar. Med tid og stunder og ved behov vil
denne cella kunne gå 24 timar i døgnet. Om noko «skjer seg» på nattestid, vil vakthavande
operatør automatisk bli oppringd, slik at han eller ho kan korrigere systemet.
«Det som
imponerer meg, er den kompetansen vi har klart å bygge i denne fabrikken, og å administrere
teknologien. Etter kvart har det blitt mange utruleg flinke folk innan dette
feltet ved Ekornes, og eg vil også gje ros til Sykkylven vidaregåande skule for
deira evne til å «følgje med» og utvikle sine undervisningstilbod på ein måte
som gjer studentane interessante for å få seg arbeid hos oss.» Omtrent slik
ordla Leif-Jarle seg, i si rosande omtale både av dei fabrikk-tilsette og av
Sykkylven vidaregåande med sine studentar.
Per Kjetil Våtmyr, Greta Herje og Leif-Jarle Aure. Her viser Ingjerd Asbjørnsen og Per Kjetil oss døme på eit objekt ferdig sydd. Vi ser både skinnet/ huda øverst, og fiber/ vatt-laget under.
Programvare/
software til sy-robotane er det SINTEF Raufoss Manufacturing som har hand om, i
samarbeid med ekspertane hos Ekornes. Ny versjon programvare er nettopp utvikla,
og blei i installert i november 2018. Bak «fasaden» som vi kan sjå, skjuler seg
dei verkelege løyndomane som gir presis og nøyaktig produksjon av eit
Stressless kvalitetsprodukt frå Ekornes.
Grunder og fabrikkeigar Jens Ellingsen Ekornes, f. 20.01.1908, d. 25.11.1976.
Han grunnla i 1934 J. E. Ekornes Fjærfabrikk. Til venstre ser vi saum-operatør Renata. Ho kom frå Litauen for 12 år sidan, og fortalde at ho er svært glad i jobben sin på Ekornes.
Det
viktigaste poenget med heile automatiseringa/ digitaliseringa er å få ned produksjonskostnadene
i dei store møbel-seriane som Ekornes handterer, med omsetning på over 3
milliardar NOK. I ein slik målestokk vil sjølv ein prosjektkostnad på 120
millionar kroner kunne forsvarast. Ein god del av denne kostnaden er dessutan
blitt dekka gjennom tilførte midlar frå Forskningsrådet, som heile tida har
vore med på laget, og særs positive til det banebrytande arbeidet som har vore
utført gjennom 10-15 år.
Eit anna
godt poeng til forsvar for investeringa er betra arbeidsmiljø, der keisame og
einsformige prosessar bak symaskinene blir avløyste av ein overvakingsfunksjon
til ein prosess som ikkje går raskare, men minst like nøyaktig – og altså billegare.
Så langt Per
Kjetil og Leif-Jarle. President Greta
Herje takka dei to kunnskapsrike informantane for ein imponerande presentasjon
av eit imponerande arbeid som har blitt utført så langt. «Det er ikkje noko
rart at vi framleis har verdensmeisteren i sjakk frå vesle Norge, samtidig som
vi i vesle Sykkylven har ei «verdsmeister-bedrift» i digitalisering/
automatisering av produksjonsprosessing!» (fritt formulert av referent, etter
president Greta) Tusen, tusen takk for oppdateringa til Sykkylven Rotary Klubb!
Skrivar/ referent, Olav P
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.