Referat frå Rotarymøte
05.12.18:
Les om status for Sykkylven Kommune 2018 og planer for 2019:
Denne gang
var det visepresident Petter som leia oss gjennom rotarymøtet. Han ønska først alle
vel møtt, og spesielt vår rotaryven, Odd Jostein, som ville opplyse om status i
Sykkylven kommune desember -18.
Men først litt av opplysningane om 5. desember: Petter nemnte to bursdager: Walt Disney blei født denne dagen i 1901, og vår skuespillerdiva, Wenche Foss blei født i 1917.
Til vår eiga tid: Dei fleste av oss husker at det i desember 1973 var
køyreforbod i helgene. Referent tillet seg å opplyse at han, ein søndag før jul
dette året, jogga til Straumgjerde og tilbake, midt i vegen, uten å møte ein
einaste bil.
I sekretæren
sitt fråver, blei det opplyst at frammøte, sist onsdag ved Ekornes, var på 22.
Dette gav ein møteprosent på 52.
Det er ein
bursdag neste veke, men den er til gjengjeld rund, Knut Vollstad fyller utrulig
nok 80 år.
Det er Almar
og Hallgeir sin tur til BUAS- besøk.
Rotarysong hadde trubadur Olav funne på side 5 i sangheftet, ein song som er
litt ut av den årstid vi er inne i no, «Blåklokker».
3- minutt: Denne gang hadde referent tatt på seg «3- minutt hatten»: Han innleia med å fortelle at han gikk av med pensjon i august i år, etter opp mot 40 år som fysioterapeut. Sjølsagt hadde han lært seg mange undersøkelsesmetoder og behandlingsteknikker, men kanskje er det enkle det beste? Kva om ein fekk folk som er inaktive fysisk til å bli moderat aktive. Moderat aktiv kan vere så mangt, men noko som er veldig enkelt er å gå. Å gå ein halvtime kvar dag slik at ein blir litt varm og sveitt, men ikkje nødvendigvis andpusten og sliten.
Ein dansk vitenskaplig
us. frå 2005, viste at dette ville ha fenomenal effekt med færre konsultasjoner
til lege, færre sjukehusinnleggingar, færre fråversdagar frå jobb og ikkje
minst, færre uføretrygda. I tillegg til
den økte livskvaliteten som er vanskelig å måle. Desse opplysningene er frå
boka «Gå» av Johan Kaggestad. Litt kuriøst var at topp - nyhende kl. 08:30 same dag, var at det Amerikanske Helsedepartementet hadde kome til samme resultat av moderat gange
og mosjon. Det som særlig overraska dei, var den gode effekten på husk og
psyke.
Etter denne
innleiinga, blei ein del av dei gunstige effektene presentert: Som nemnt, bedre husk pga. celledanning i eit område i hjerna som blir kalla hippocampus.
(dette området er det May Brit og Edvard Moser forsker på.) Alzheimers sjukdom
oppstår her, så positive forskningsresultat her vil kunne bli til veldig stor nytte.
Videre blei
nemnt: God effekt på hjerte, lunge, fordøyelse, blodsukker, gunstig effekt på
bein og ledd. Til sist, men ikkje minst, gunstig effekt på psyken.
Konklusjonen
på det heile, var at dersom det fantes ein pille med desse gode effektene, ville
vi alle gå på den. «Problemet» er at vi sjølve må gjere arbeidet.
Dersom nokon
er interessert i korleis trim er gunstig for hjerna, anbefaler eg Ole Petter
Hjelle: «Sterk hjerne med aktiv kropp.»
Til slutt
blei det sitert frå andre som opp i gjennom tidene har framsnakka mosjon:
Legekunstens far, Hippokrates, Søren Kierkegaard, Peder Chr. Asbjørnsen og til
sist Olav H. Hauge med "Skeiserenn".
Serveringskomiteen
hadde gjort seg stor flid og serverte førjulskost i form av lefser og julebrød
med brunost. Sjølsagt med god kaffe til.
Status for Sykkylven kommune des. 2018 og planer for 2019:
Så var det
rotaryven og ordfører Odd Jostein sin tur. Temaet var status for Sykkylven
Kommune des. 2018 og litt om planer for 2019.
- Det er masse
positivt som har hendt innværende år: Det vi alle kanskje merker best er at
Sykkylvsbrua er blitt gratis etter at kommunenen hadde sagt frå seg
rentekompensasjonen.
- Jarnes skule
er riven og tomta lagt ut for salg.
- Noko som dei
fleste synes er positivt, er at Godsterminalen er borte og innbuarane har fått
ei veldig flott utsikt utover Storfjorden.
- «Jettegryta-kafe»
er opna, til stor glede for bebuarane, og for dei som treng integrering og
arbeidstrening.
- Sørstrandvegen
og Svindsethvegen er blitt oppgradert og asfaltert. Det er også lagt asfalt til
kaia i Ramstaddalen.
- Vegen til
Øvre Tynes er under utviding, slik at den kan tåle tungtrafikken til J.P.
Tynes.
- Det er kome
bosskontainere på Fjellsætra, og det er anlagt skikkelig parkeringsplass ved
Fausaskiftet.
- Det er
planlagt eldrebustadar ved Solnørdalfabrikken.
- Busslomma
ved Kyrkja er godkjendt.
- Bedre
bussamband frå Magerholm.
- Fleire
tyfoner, som varsler ved katastrofer og/eller krig, er under oppsetting.
- Til sist, for
2018, nemnte Odd Jostein at det blir jobba med sentrumsplanen, som er eit
veldig viktig arbeid.
Dette er
blitt utført, men kva med planene for komande år, 2019?:
- Sentrumsskulen: Sjølsagt er
den nye Sentrumsskulen viktig her: Det er planlagt å redusere flateinnhaldet
med 900 m2. Dette vil føre til at kostnadane blir redusert med 35 – 40 mill.
Den nye kostnadsramma er no på kr 260 mill. Det er planlagt idrettshall til 11 mill.
Her vil ein få spelemidler. Ved sidan av
idrettshallen, er det planlagt kulturskule til kr. 700 000.-.
- Barnetalsprognose: Odd Jostein
viste ei interessant oversikt over venta prognose for antal barnehagebarn.
Tidligere er det kun blitt sett på talet av fødsler, men ein må også ta høgde
for nye tilflyttarar. Talet for
barnehagebarn er 438 for 2018. Prognosen tidligere var ein god del lavere.
Når det
gjeld samferdsel, har tunnelen mellom Hole og Engeset høg prioritet. Mellom
anna har Sparebanken gitt 1,2 mill. kroner til planlegging og Sykkylven kommune
har gitt 100 000 kroner. Så vidt referent forstår, er det trasevalget som er
viktig i første omgang.
- Kloakkplanen
for Fjellsætra er til godkjenning hos Stranda Kommunestyre. Det er planlagt
asfalt på vegen til Fausaskiftet. Dette vil kunne spare kommunen for utlegg i
samband med at grusvegen har hatt ein tendens til å kollapse under verste
påsketrafikken. Det blir avfallssluser ved Skisenteret, og til sist, men ikkje
minst, er det løyvd 50 000 kr til skiløypetraseen rundt Nysæter- og
Sætrevatnet.
- Kommunereformen
kjem til å bli sentral i 2019. Det er allereie etablert faste møter mellom
rådmenn og ordførere i Stranda og Sykkylven. Sentrale temaer blir
arbeidsgiveravgift, avklaring av regionsentertilskot og gjennomgang av
intensjonsavtalen mellom dei to kommunene.
- Utviklingsforum og Sunnmørsrådet: Til slutt
runda Odd Jostein av med at Sykkylven Kommune er med i eit utviklingsforum for
Ålesund Lufthamn/Vigra. Er også med i Sunnmørsrådet, der det er viktig å kunne influere
over sjukehuspolitikk og samferdsel.
Grundig og
oversiktlig presentasjon av Odd Jostein. Referent synes det er flott å få
presentert positiv vinkling på kommunepolitikken, og ikkje berre problematisering som blir presentert i media.
Velfortjent
gest til Odd Jostein etter foredraget.
Så avslutta visepresident
Petter med å minne om juleavslutning neste onsdag kl. 18:00, altså ein time før
vanlig møtetidspunkt. Denne blir i Sparebanksalen, viss anna ikkje blir
bestemt.
Referent
Jarle
Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.