Rotarymøte 05.12.18: Ordfører Odd Jostein Drotninghaug:

Referat frå Rotarymøte 05.12.18:

Les om status for Sykkylven Kommune 2018 og planer for 2019:

Denne gang var det visepresident Petter som leia oss gjennom rotarymøtet. Han ønska først alle vel møtt, og spesielt vår rotaryven, Odd Jostein, som ville opplyse om status i Sykkylven kommune desember -18.

Men først litt av opplysningane om 5. desember: Petter nemnte to bursdager: Walt Disney blei født denne dagen i 1901, og vår skuespillerdiva, Wenche Foss blei født i 1917. 


Til vår eiga tid: Dei fleste av oss husker at det i desember 1973 var køyreforbod i helgene. Referent tillet seg å opplyse at han, ein søndag før jul dette året, jogga til Straumgjerde og tilbake, midt i vegen, uten å møte ein einaste bil.

I sekretæren sitt fråver, blei det opplyst at frammøte, sist onsdag ved Ekornes, var på 22. Dette gav ein møteprosent på 52.

Det er ein bursdag neste veke, men den er til gjengjeld rund, Knut Vollstad fyller utrulig nok 80 år.

Det er Almar og Hallgeir sin tur til BUAS- besøk.

Rotarysong hadde trubadur Olav funne på side 5 i sangheftet, ein song som er litt ut av den årstid vi er inne i no, «Blåklokker».

3- minutt: Denne gang hadde referent tatt på seg «3- minutt hatten»: Han innleia med å fortelle at han gikk av med pensjon i august i år, etter opp mot 40 år som fysioterapeut. Sjølsagt hadde han lært seg mange undersøkelsesmetoder og behandlingsteknikker, men kanskje er det enkle det beste? Kva om ein fekk folk som er inaktive fysisk til å bli moderat aktive. Moderat aktiv kan vere så mangt, men noko som er veldig enkelt er  å gå. Å gå ein halvtime kvar dag slik at ein blir litt varm og sveitt, men ikkje nødvendigvis andpusten og sliten.

Ein dansk vitenskaplig us. frå 2005, viste at dette ville ha fenomenal effekt med færre konsultasjoner til lege, færre sjukehusinnleggingar, færre fråversdagar frå jobb og ikkje minst, færre  uføretrygda. I tillegg til den økte livskvaliteten som er vanskelig å måle. Desse opplysningene er frå boka «Gå» av Johan Kaggestad. Litt kuriøst var at topp -  nyhende kl. 08:30 same dag, var at det Amerikanske Helsedepartementet hadde kome til samme resultat av moderat gange og mosjon. Det som særlig overraska dei, var den gode effekten på husk og psyke.

Etter denne innleiinga, blei ein del av dei gunstige effektene presentert: Som nemnt, bedre husk pga. celledanning i eit område i hjerna som blir kalla hippocampus. (dette området er det May Brit og Edvard Moser forsker på.) Alzheimers sjukdom oppstår her, så positive forskningsresultat her vil kunne bli til veldig stor nytte.


Videre blei nemnt: God effekt på hjerte, lunge, fordøyelse, blodsukker, gunstig effekt på bein og ledd. Til sist, men ikkje minst, gunstig effekt på psyken.

Konklusjonen på det heile, var at dersom det fantes ein pille med desse gode effektene, ville vi alle gå på den. «Problemet» er at vi sjølve må gjere arbeidet.

Dersom nokon er interessert i korleis trim er gunstig for hjerna, anbefaler eg Ole Petter Hjelle: «Sterk hjerne med aktiv kropp.»

Til slutt blei det sitert frå andre som opp i gjennom tidene har framsnakka mosjon: Legekunstens far, Hippokrates, Søren Kierkegaard, Peder Chr. Asbjørnsen og til sist Olav H. Hauge med "Skeiserenn".

Serveringskomiteen hadde gjort seg stor flid og serverte førjulskost i form av lefser og julebrød med brunost. Sjølsagt med god kaffe til.

Status for Sykkylven kommune des. 2018 og planer for 2019:

Så var det rotaryven og ordfører Odd Jostein sin tur. Temaet var status for Sykkylven Kommune des. 2018 og litt om planer for 2019.


- Det er masse positivt som har hendt innværende år: Det vi alle kanskje merker best er at Sykkylvsbrua er blitt gratis etter at kommunenen hadde sagt frå seg rentekompensasjonen.

- Jarnes skule er riven og tomta lagt ut for salg.

- Noko som dei fleste synes er positivt, er at Godsterminalen er borte og innbuarane har fått ei veldig flott utsikt utover Storfjorden.

- «Jettegryta-kafe» er opna, til stor glede for bebuarane, og for dei som treng integrering og arbeidstrening.

- Sørstrandvegen og Svindsethvegen er blitt oppgradert og asfaltert. Det er også lagt asfalt til kaia i Ramstaddalen.

- Vegen til Øvre Tynes er under utviding, slik at den kan tåle tungtrafikken til J.P. Tynes.

- Det er kome bosskontainere på Fjellsætra, og det er anlagt skikkelig parkeringsplass ved Fausaskiftet.

- Det er planlagt eldrebustadar ved Solnørdalfabrikken.

- Busslomma ved Kyrkja er godkjendt.

- Bedre bussamband frå Magerholm.

- Fleire tyfoner, som varsler ved katastrofer og/eller krig, er under oppsetting.

- Til sist, for 2018, nemnte Odd Jostein at det blir jobba med sentrumsplanen, som er eit veldig viktig arbeid.

Dette er blitt utført, men kva med planene for komande år, 2019?:

- Sentrumsskulen: Sjølsagt er den nye Sentrumsskulen viktig her: Det er planlagt å redusere flateinnhaldet med 900 m2. Dette vil føre til at kostnadane blir redusert med 35 – 40 mill. Den nye kostnadsramma er no på kr 260 mill. Det er planlagt idrettshall til 11 mill. Her vil ein få spelemidler.  Ved sidan av idrettshallen, er det planlagt kulturskule til kr. 700 000.-.

- Barnetalsprognose: Odd Jostein viste ei interessant oversikt over venta prognose for antal barnehagebarn. Tidligere er det kun blitt sett på talet av fødsler, men ein må også ta høgde for nye tilflyttarar.  Talet for barnehagebarn er 438 for 2018. Prognosen tidligere var ein god del lavere.

Når det gjeld samferdsel, har tunnelen mellom Hole og Engeset høg prioritet. Mellom anna har Sparebanken gitt 1,2 mill. kroner til planlegging og Sykkylven kommune har gitt 100 000 kroner. Så vidt referent forstår, er det trasevalget som er viktig i første omgang.

- Kloakkplanen for Fjellsætra er til godkjenning hos Stranda Kommunestyre. Det er planlagt asfalt på vegen til Fausaskiftet. Dette vil kunne spare kommunen for utlegg i samband med at grusvegen har hatt ein tendens til å kollapse under verste påsketrafikken. Det blir avfallssluser ved Skisenteret, og til sist, men ikkje minst, er det løyvd 50 000 kr til skiløypetraseen rundt Nysæter- og Sætrevatnet.

- Kommunereformen kjem til å bli sentral i 2019. Det er allereie etablert faste møter mellom rådmenn og ordførere i Stranda og Sykkylven. Sentrale temaer blir arbeidsgiveravgift, avklaring av regionsentertilskot og gjennomgang av intensjonsavtalen mellom dei to kommunene.

- Utviklingsforum og Sunnmørsrådet: Til slutt runda Odd Jostein av med at Sykkylven Kommune er med i eit utviklingsforum for Ålesund Lufthamn/Vigra. Er også med i Sunnmørsrådet, der det er viktig å kunne influere over sjukehuspolitikk og samferdsel.

Grundig og oversiktlig presentasjon av Odd Jostein. Referent synes det er flott å få presentert positiv vinkling på kommunepolitikken, og ikkje berre  problematisering som blir presentert i media.

Velfortjent gest til Odd Jostein etter foredraget.

Så avslutta visepresident Petter med å minne om juleavslutning neste onsdag kl. 18:00, altså ein time før vanlig møtetidspunkt. Denne blir i Sparebanksalen, viss anna ikkje blir bestemt.

 Her kan du sjå gjennom Odd Jostein sin Presentasjon.

Referent

Jarle Svindseth  



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS