Referat frå Julemøte og
Årsmøte i Sykkylven Rotaryklubb 12.12.2018:
Julemøtet
og Årsmøte opna med brask og bram ved at trubadur Olav, tradisjonen tru, let Bach
sitt, Juleoratorium: «Jauchzet, frolocket» lyde over høgtalarane.
Etter
denne mektige opninga, ønske president Greta alle vel møtt, både til Julemøtet
og Årsmøte med valg av president for 2020/2021. Så satte trubadur Olav seg ved
pianoet, og vi sang Jakob Sande sin nydelige: «Det lyser i stille grender.»
Vår
Rotaryven Trygve held kvelden sitt kåseri: Han opna med å fortelle at han synes
jula inneheld meir og meir som ikkje har med julebuskapet å gjere: Det at Jesus
kom til verda i ein stall, i ei grotte, født av ei tenåringsjente utanfor
ekteskap. Dette var/er ein verdenssensasjon. Gud kom ned til oss. I andre
religioner må mennesket kome til Gud gjennom eigen prestasjon. Kristendomen
skil seg ut ved at Gud kjem til oss gjennom Jesus Kristus for å dele våre kår.
Etter
Trygve sine kloke og velvalgte ord, var det tid for nydelig julemat. Petter
stilte opp med velsmakande kuburgere, og elles var det masse godt med m.a.
røykelaks, eggerøre og salater. President, visepresident og serveringskomiteen
hadde virkelig gjort seg stor flid.
På
slutten av julemåltidet og masse god samtale, var det vinlotteri. President
Greta kunne opplyse at det kom inn 2650 kr. Eit flott resultatJ.
Vår
proffe kasserer, John Henrik, presenterte balanse og reknskap for rotaryåret
2017/2018. Dette året blei gjort opp med eit lite overskudd på kr 1710,- Vi har
svært solid økonomi med kr 124 000,- i egenkapital.
Valget
denne gang var raskt unnagjort: Petter hadde spurt vår rotaryven, Knut Jarle om
å stille som innkomande president i 2019/2020. Han svarte ja til dette. Så var
det spennende om rotarymedlemmene ville godta dette:Ikkje overraskende blei
han enstemming valgt ved akklamasjon.
Til
slutt reiste vi oss og sang, tradisjonen tru, «Deilig er jorden».
President
Greta minte om første møte, onsdag 9. januar, i 2019. Til slutt ønska ho alle riktig
God Jul!
Referent
Jarle
Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.