Rotarymøte 12.12.18: Julemøte og Årsmøte

Les ein liten rapport frå Årsmøte og Julemøte i SRK.

Referat frå Julemøte og Årsmøte i Sykkylven Rotaryklubb 12.12.2018:

Julemøtet og Årsmøte opna med brask og bram ved at trubadur Olav, tradisjonen tru, let Bach sitt, Juleoratorium: «Jauchzet, frolocket» lyde over høgtalarane.

Etter denne mektige opninga, ønske president Greta alle vel møtt, både til Julemøtet og Årsmøte med valg av president for 2020/2021. Så satte trubadur Olav seg ved pianoet, og vi sang Jakob Sande sin nydelige: «Det lyser i stille grender.»

Vår Rotaryven Trygve held kvelden sitt kåseri: Han opna med å fortelle at han synes jula inneheld meir og meir som ikkje har med julebuskapet å gjere: Det at Jesus kom til verda i ein stall, i ei grotte, født av ei tenåringsjente utanfor ekteskap. Dette var/er ein verdenssensasjon. Gud kom ned til oss. I andre religioner må mennesket kome til Gud gjennom eigen prestasjon. Kristendomen skil seg ut ved at Gud kjem til oss gjennom Jesus Kristus for å dele våre kår. 

Etter Trygve sine kloke og velvalgte ord, var det tid for nydelig julemat. Petter stilte opp med velsmakande kuburgere, og elles var det masse godt med m.a. røykelaks, eggerøre og salater. President, visepresident og serveringskomiteen hadde virkelig gjort seg stor flid.

På slutten av julemåltidet og masse god samtale, var det vinlotteri. President Greta kunne opplyse at det kom inn 2650 kr. Eit flott resultatJ.

Vår proffe kasserer, John Henrik, presenterte balanse og reknskap for rotaryåret 2017/2018. Dette året blei gjort opp med eit lite overskudd på kr 1710,- Vi har svært solid økonomi med kr 124 000,-  i egenkapital. 

Valget denne gang var raskt unnagjort: Petter hadde spurt vår rotaryven, Knut Jarle om å stille som innkomande president i 2019/2020. Han svarte ja til dette. Så var det spennende om rotarymedlemmene ville godta dette:Ikkje overraskende blei han enstemming valgt ved akklamasjon. 

Til slutt reiste vi oss og sang, tradisjonen tru, «Deilig er jorden».

President Greta minte om første møte, onsdag 9. januar, i 2019. Til slutt ønska ho alle riktig God Jul!

Referent

Jarle Svindseth



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS