Rotarymøte 09.01.2019

Referat frå Rotarymøte 09.01.2019:

Første rotarymøte i SRK i 2019 med Presidenten sin time og vinlotteri:

President Greta ønska alle vel møtt til dette første rotarymøte i 2019. Samstundes nytta ho høve til å ønske alle eit godt nytt år.

Men sjøl om året er nytt, så er møterutinene dei same som før: Greta tok for seg noko av det som har hendt nett denne datoen:

Gunn og Gunnar har namnedag. Forbausande mange av våre fornamn har krigersk betydning, og desse to er ingen unntak: Dei er avleda av strid og krig.

Greta siterte frå ein artikkel i Aftenposten i 1906. Denne lovprisa det fine fiske nordpå, frå Røst og nordover.

I 1324 døde Marco Polo. Han hadde m.a. budd 24 år i Kina, og var elles ein tidlig eventyrer oppdagingssreisande.


I 1863 blei den første undergrunnsbana i London opna.

Så til ein kar som er aktuell i media, maler Håkon Bleken. Han fyller 90 år denne datoen. Er altså født i 1929.


På denne datoen, også i 1929, blei penicillin brukt for første gang.  

Så til vår tid, i 2003, byrja EØS- forhandlingene mellom Norge og EU.

Presidenten avslutta med eit ord for dagen: «God dømmekraft kjem av erfaring, men erfaring kjem av dårleg dømmekraft».

Trubadur Olav har gjort det til ein tradisjon å nytte: «For det som eingong var, min ven …» som rotarysong første møtet i det nye året. Slik også denne gong. Olav spela piano og vi song med etter beste evne.

Sekretær Knut Henning kunne forkynne at det er Hallstein og Geir Løseth som står for tur til BUAS- besøk. Elles fyller den samme Hallstein 55 år, 14. januar. Forrige møte, julemøte var godt besøkt, 27 frammøtte, som gav pene 73%.

3 – minutt  ved Ove: Han las eit humoristisk dikt av Johan Hjorthol, «Dalen vår». Så vidt referent forstod diktet, var det ein hyllest til folk i  Velledalen, på bekostning av innbuarar  i Straumegjerde. Innleiingsvis forklarte Ove dei spesielle dialektutrykka som er/var karakteristisk for folk «fram i dala.» Dessuten forklarte han kven dei ulike personene i diktet var. Så leste Ove diktet med så tjukk Brunstad - dialekt han kunne. Eit riktig artig dikt som kanskje er blitt til i samband med fest i Ungdomslaget.

Så var det sterk og god rotarykaffi og gode rundstykker med kvitost og paprika. Under matykta organiserte visepresidenten vinlotteri.

Orientering ved president Greta: (klikk på linken for å sjå gjennom Greta sin presentasjon):

President Greta brakte videre ei helsing frå Verdenspresident, Barry Rassin. Han bad oss evaluere det første rotaryhalvåret, om alt hadde gått som planlagt. Han minte også om Convention i Hamburg 1. til 5. juni. Dette skal vere «Be the inspiration», som er hans motto for verdenspresidentåret.

             Videre tok Greta for seg planer for det neste halvåret. Først medlemsverving, der vi blir oppmoda til å invitere vener til møta våre. Dessutan framsnakke Rotary i sosiale sammenhenger. Spesielt er det viktig å få med fleire kvinner. Dersom vi har forslag eller ideer, er leier i medlemsskapskomiteen, Bastian, rette mann å henvende seg til.

             Guvernør Arvid Blindheim hadde gitt ei veldig positiv tilbakemelding etter besøket i november. Han oppmoda også klubbane i vårt distrikt til å støtte Prosjekt Filippinene.

             8 – 10 august i år er det ei viktig hending. Då er Sykkylven Rotaryklubb vertskap for Sumarcamp. Vi får besøk av, og er vertskap for, anslagsvis 8 til 10 utanlandske ungdomar.  Greta oppmoda oss å vere i lag med dei og ho tek gjerne i mot forslag til program.


Bilde til ve.: Frå sommercampbesøk hos SRK i 2012.         Bilde til hø.: To tyrkiske jenter som budde hos Jarle.

            Program ved møta våre er planlagt ut januar: Neste møte, 16. får vi besøk av Terje Aurdal som vil fortelle og vise bilder frå turen der han gjekk Norge på langs. 30. januar kjem Egil Ulvestad og vil fortelle om «Sunnmørsalpene skiarena, Fjellsæter.»

             Årsfesten er planlagt til enten 22. mars eller 5 april. Lokale er Odd Fellow i Straumgjerde.

             Til sist ei veldig hyggelig nyhende: President Greta Herje har tatt på seg det ledige vervet som AG (assisterende guvenør) for vår del av D2305. Referent gratulerer med vervet og ønsker lykke til  J

Så minte Greta om neste møte og ønska alle vel heim.

 Referent

Jarle Svindseth   




 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS