Rotarymøte 13.02.2019: Åsne Folstad:

Les referat frå Åsne Folstad sitt møte i Sykkylven Rotaryklubb, der ho fortalte oss om SNU (Sykkylven Næringsutvikling) og fokus ein har på framtida.


Referat frå rotarymøte 13.02.2019:

President Greta ønska alle vel møtt, og spesielt våre to gjester, Rune Molnes og kvelden sin foredragshaldar, Åsne Folstad.


Men først litt om noko som har hendt denne dato: Svanhild og Svanlaug har namnedag. Første del av namnet kjem av svane og siste del strid.

I 1883 døde den tyske komponisten, Richard Wagner. George Simeneau, krimforfatter, født 1903. Karoline Kruger, norsk sanger, født 1970. Robbie Williams, engelsk artist født 1974.

Ellers står denne datoen i Dei Olympiske Vinterleiker sitt teikn. Det er 25 år sidan vinterleikane blei åpna i 1994 på Lillehammer. I 1952, ved Vinterleikane i Oslo, blei den olympiske ild tent i Morgedal. Ikkje nok med det, dei olympiske vinterleikane i Lake Placid og Calgary blei også opna denne datoen.



Kvelden sitt sitat er frå Jean Paul Sartre: «Når dei rike kriger, er det dei fattige som døyr.»

Greta fortalte at ved forrige møte var det 51 % oppmøte. Olav Utgård fyller 69 år i dag, medan John Henrik og Geir Løseth fyller år kommande veke.

Som rotarysang hadde trubadur Olav funne ein som virkelig stod i stil med datoen, nemleg «OL-floka». Etter litt teknisk trøbbel, både sang vi og gjorde floker som det sømma seg denne sangen.  

3- minutt var ved John Henrik: Han fortalte frå arbeidsplassen sin, Brunstad. Her har dei økonomiske utfordringer. I 2017 var det eit 0- resultat, medan i 2018 var underskot. John Henrik fortalte at dei kjøper puter av polyuretan frå Sandella. For om mulig å bedre lønnsemda, vil no Brunstad støype ein del av  putene sjøl. Det er allereie kjøpt inn former. Investeringa er på 2 mill. kroner, men dei reknar med at dette er nedbetalt over nokre få år. Men det er berre dei mest vanlige modellene som Brunstad vil støype. Fortsatt vil Sandella produsere puter til andre modeller. Vi ønsker Brunstad lykke til med dette tiltaket og håper at økonomien bedrer seg.

Orientering ved president Greta: Ho fortalte at Sparebanken vil flytte ut av det noverende bygget og til Nordea sine lokaler i Hjørnegården. Greta vil møte eigar av Sparebankbygget, for å diskutere om vi får behalde den ordninga vi har i dag.

CYEO Ingjerd orienterte om sommercamp (RoundTrip). I tida 8. til 10. august får vi besøk av 12 ungdommar. Mottoet for vårt vertskap er «Fjord og fjell». Vår oppgåve blir å sy saman eit program. Dessutan vil ungdommane overnatte hos dei enkelte rotarymedlemmane. Klubben får 6000 kr til å dekke dei ulike utgiftene. Evt. kan ein forsøke å få sponsorer til bidra.


Bilde til ve.: Forrige ungdomsutveksling i 2012.               Til hø.: På veg til Sunndalen.

Men ikkje berre skal vi ta i mot gjester, vi kan også sende ungdommer ut. Ingjerd tek i mot evt. kandidater for orientering og utfylling av skjema.    

Kvelden sitt foredrag: Åsne Folstad om SNU:


Etter kaffe og gode sveler, var det Åsne Folstad sin tur. Ho begynte i jobben som leiar SNU, Sykkylven NæringsUtvikling i desember i fjor. Innleiingsvis fortalte ho litt om seg sjølv. Ho er den yngste av 5 jenter, og første 5 åra, vaks ho opp i Drangedal. Dette er same kommunen som Rannveig, kona til vår rotaryven, Odd kjem frå. Så vidt eg forstår, har Odd og Åsne mange felles kjente.

Elles har Åsne allsidig yrkeserfaring med jobb i Trysil innan reiseliv og maknadsføring. I Førde jobba ho i Innovation Norge med reiselivsutvikling. Då ho kom til Ålesund, blei ho tilsatt hos Norwegian Rooms. Utom dette, har ho styreverv i Singerleiren i Olden. Alt dette skulle tilseie god kompetanse i sin jobb her i Sykkylven.

Når det gjeld næringslivsstrategi ser ho både utfordringer og muligheter. Ho ser for seg 4 satsingsområder:

-         Bistand og rådgivning i prosess med næringslivet.

-         Regionalt samarbeid og omdømme.

-         Tilflytting og bulyst.

-         Infrastruktur og velfungerende kommunikasjonar.

På den positive sida i Sykkylven er folkevekst, god sysselsetning og lav arbeidsløyse. På den andre sida har vi eit ensidig arbeidsliv med mykje møbelindustri og ei hjørnesteinsbedrift, Ekornes. Vi ligg som nr. 2, etter Årdal, på sårbarhetsliste.

Åsne understreker at det er veldig viktig med samarbeid for å utvikle f.eks. reiseliv. Her nemner ho Trysil som eit god føredøme, medan f.eks. Oppdal har hatt større utfordringer med dette.

Av konkrete tiltak, er ei nettside for Sykkylven: sykkylven.com. Ein må også vere aktiv på sosiale medier. Handelsstanden må  marknadsføre seg. Til sist noko som er blitt arbeid mykje med siste åra, nemleg Designvegen. Her er møbelindustri og møbeldesign sentral, medan naturopplevinger er viktig hos våre 3 samarbeidskommuner.

Men Sykkylven har og flott natur, og Åsne har tru på naturbasert opplevings-design godt krydra med lokalmat og lokal kulturhistorie.

Ho fortel at det blir arbeid med ein masterplan for terrengsykling. Det ligg også godt til rette for fot- og toppturer, i tillegg til rundreiser «(travel like the locals)» Rundt omkring i bygda går forskjellige arrangement av stabelen, f.eks. LAN. Dette er også noko ein kan bygge videre på og utvikle.

Tydeligvis både utfordringer og muligheter for leiaren i SNU. Vi ønsker Åsne Folstad lykke til.

For det flotte foredraget, fekk ho SRK sin vanlige gest.


Så gjenstod det for presidenten å minne om neste møte, 20. februar med Andreas Hjellegjerde som vil fortelle oss om den nyopna restauranten, RAUS.

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS