Referat frå rotarymøte
13.02.2019:
President Greta ønska alle vel møtt,
og spesielt våre to gjester, Rune Molnes og kvelden sin foredragshaldar, Åsne
Folstad.
Men
først litt om noko som har hendt denne
dato: Svanhild og Svanlaug har namnedag. Første del av namnet kjem av svane
og siste del strid.
I
1883 døde den tyske komponisten, Richard Wagner. George Simeneau, krimforfatter,
født 1903. Karoline Kruger, norsk sanger, født 1970. Robbie Williams, engelsk
artist født 1974.
Ellers
står denne datoen i Dei Olympiske Vinterleiker sitt teikn. Det er 25 år sidan vinterleikane
blei åpna i 1994 på Lillehammer. I 1952, ved Vinterleikane i Oslo, blei den
olympiske ild tent i Morgedal. Ikkje nok med det, dei olympiske vinterleikane i
Lake Placid og Calgary blei også opna denne datoen.
Kvelden
sitt sitat er frå Jean Paul Sartre: «Når dei rike kriger, er det dei fattige
som døyr.»
Greta
fortalte at ved forrige møte var det 51 % oppmøte. Olav Utgård fyller 69 år i
dag, medan John Henrik og Geir Løseth fyller år kommande veke.
Som
rotarysang hadde trubadur Olav funne
ein som virkelig stod i stil med datoen, nemleg «OL-floka». Etter litt teknisk
trøbbel, både sang vi og gjorde floker som det sømma seg denne sangen.
3- minutt var ved John
Henrik:
Han fortalte frå arbeidsplassen sin, Brunstad. Her har dei økonomiske
utfordringer. I 2017 var det eit 0- resultat, medan i 2018 var underskot. John
Henrik fortalte at dei kjøper puter av polyuretan frå Sandella. For om mulig å
bedre lønnsemda, vil no Brunstad støype ein del av putene sjøl. Det er allereie kjøpt inn former.
Investeringa er på 2 mill. kroner, men dei reknar med at dette er nedbetalt
over nokre få år. Men det er berre dei mest vanlige modellene som Brunstad vil
støype. Fortsatt vil Sandella produsere puter til andre modeller. Vi ønsker
Brunstad lykke til med dette tiltaket og håper at økonomien bedrer seg.
Orientering ved
president Greta: Ho fortalte at Sparebanken vil flytte ut av det noverende
bygget og til Nordea sine lokaler i Hjørnegården. Greta vil møte eigar av Sparebankbygget,
for å diskutere om vi får behalde den ordninga vi har i dag.
CYEO Ingjerd orienterte om
sommercamp (RoundTrip). I tida 8. til 10. august får vi besøk av 12 ungdommar.
Mottoet for vårt vertskap er «Fjord og fjell». Vår oppgåve blir å sy saman eit
program. Dessutan vil ungdommane overnatte hos dei enkelte rotarymedlemmane.
Klubben får 6000 kr til å dekke dei ulike utgiftene. Evt. kan ein forsøke å få
sponsorer til bidra.
Bilde til ve.: Forrige ungdomsutveksling i 2012. Til hø.: På veg til Sunndalen.
Men
ikkje berre skal vi ta i mot gjester, vi kan også sende ungdommer ut. Ingjerd tek
i mot evt. kandidater for orientering og utfylling av skjema.
Kvelden sitt foredrag: Åsne Folstad om SNU:
Etter
kaffe og gode sveler, var det Åsne
Folstad sin tur. Ho begynte i jobben som leiar SNU, Sykkylven NæringsUtvikling i desember i fjor. Innleiingsvis
fortalte ho litt om seg sjølv. Ho er den yngste av 5 jenter, og første 5 åra,
vaks ho opp i Drangedal. Dette er same kommunen som Rannveig, kona til vår rotaryven,
Odd kjem frå. Så vidt eg forstår, har Odd og Åsne mange felles kjente.
Elles
har Åsne allsidig yrkeserfaring med jobb i Trysil innan reiseliv og
maknadsføring. I Førde jobba ho i Innovation Norge med reiselivsutvikling. Då
ho kom til Ålesund, blei ho tilsatt hos Norwegian Rooms. Utom dette, har ho
styreverv i Singerleiren i Olden. Alt dette skulle tilseie god kompetanse i sin
jobb her i Sykkylven.
Når
det gjeld næringslivsstrategi ser ho både utfordringer og muligheter. Ho ser
for seg 4 satsingsområder:
-
Bistand og rådgivning i prosess med næringslivet.
-
Regionalt samarbeid og omdømme.
-
Tilflytting og bulyst.
-
Infrastruktur og velfungerende kommunikasjonar.
På
den positive sida i Sykkylven er folkevekst, god sysselsetning og lav
arbeidsløyse. På den andre sida har vi eit ensidig arbeidsliv med mykje
møbelindustri og ei hjørnesteinsbedrift, Ekornes. Vi ligg som nr. 2, etter
Årdal, på sårbarhetsliste.
Åsne
understreker at det er veldig viktig med samarbeid for å utvikle f.eks.
reiseliv. Her nemner ho Trysil som eit god føredøme, medan f.eks. Oppdal har
hatt større utfordringer med dette.
Av
konkrete tiltak, er ei nettside for Sykkylven: sykkylven.com. Ein må også vere
aktiv på sosiale medier. Handelsstanden må marknadsføre seg. Til sist noko som er blitt
arbeid mykje med siste åra, nemleg Designvegen. Her er møbelindustri og
møbeldesign sentral, medan naturopplevinger er viktig hos våre 3
samarbeidskommuner.
Men
Sykkylven har og flott natur, og Åsne har tru på naturbasert opplevings-design
godt krydra med lokalmat og lokal kulturhistorie.
Ho
fortel at det blir arbeid med ein masterplan for terrengsykling. Det ligg også
godt til rette for fot- og toppturer, i tillegg til rundreiser «(travel like
the locals)» Rundt omkring i bygda går forskjellige arrangement av stabelen,
f.eks. LAN. Dette er også noko ein kan bygge videre på og utvikle.
Tydeligvis
både utfordringer og muligheter for leiaren i SNU. Vi ønsker Åsne Folstad lykke
til.
For
det flotte foredraget, fekk ho SRK sin vanlige gest.
Så
gjenstod det for presidenten å minne om neste møte, 20. februar med Andreas
Hjellegjerde som vil fortelle oss om den nyopna restauranten, RAUS.
Referent
Jarle Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.