Presidenten sin time med vinlotteri:

Les referat frå Presidenten sin time, 6. mars.

Rotarymøte 06.03.2019:

President Greta var igjen på plass og ønska vel møtt til Presidenten sin time. Spesielt var det kjekt å ønske gjestene, Knut Molnes og Arild Sporsheim velkomne. Presidenten uttrykte håp om at dei vil bli medlem i klubben vår.

Så litt om dagen i dag: Anfrid og Andor har namnedag. An er avleda av Arn som tyder ørn. Endinga –or kjem frå guden Tor. Endinga –frid tyder venleik. Dermed skulle Anfrid tyde «ven ørn».

Gebursdager 6. mars: Italiensk renessansekunstner, Michelangelo f. i 1475. 


Bilde: "Skapelsen" av Michelangelo.

Den norske forfatteren Johan Bojer, f. i 1872. Kunstner, Arild Nyquist f. i 1937. Forfatter Jan Kjærstad i 1953 og til slutt journalist og redaktør Per Egil Hegge f. 1940.

I 1905 vedtok Stortinget å opprette eige norsk konsulatvesen. Dette blei byrjinga på «skilsmissa» mellom Norge og Sverige.

I 1931 fikk byen Nidaros, namnet Trondheim.

Til slutt ei sak som vi i Sykkylven kan vere litt stolte av: 6. mars i 1959 blei det vedteke ( i Kyrkje og- Undervisningsdepartementet ?) at Ørsta, Sykkylven og Malm skulle vere forsøkskommuner der realskulen blei erstatta av almen ungdomskule.

Så nokre ord for kvelden: «Ei svale gjer ingen sommer». Aristoteles er visst opphavet til dette visdomsordet.

Det andre visdomsordet er av Mark Twain. Referent husker ikkje heilt ordlyden, men tydninga er: «Vi skal vere glade for at det fins dumme folk; det får oss andre til å føle oss vellykka».

Rotarysong: Vi er i mars og trubadur Olav mana fram vårkjensla med: « Å nei, høyr no lerka for fyrste gong i år». Vår eminente trubadur har fått med seg folk som matcher  seg når det gjeld tekst og melodi, Anders Hovden og sjølvaste W.A. Mozart.

Sekretær Knut Henning kunne forkynne at det er Asbjørn R. og Oddbjørn R. sin tur til BUAS – besøk.

SRK sin to yngste fyller år, 9. mars: Sindre 42 år og Knut Henning 46 år. Gratulerer!

 Ved møtet, 20. februar var det 22 frammøtte som gav 22 %.

3- minutt var ved Asbjørn Riksheim: 


Han tok utgangspunkt i at det er tøffe tider i møbelbransjen. Denne er vi svært avhengig av i Sykkylven. Ein fabrikk, som har byrja å slite økonomisk, er tradisjonsrike L.K. Hjelle. Det er behov for ny kapital, og dermed har eit lokalt investringsselskap med namn, «Råna Invest» kome på bana. Ved sidan av Asbjørn sjøl med son, har Leif Jarle Aure og hans to soner, forsøkt å få inn kapital for å hindre at fabrikken hamner på utenlandske hender. Det har lyktes i den grad at 9 mill. kroner er samla inn. Dermed eig «Råna Invest» 40 % av aksjene i L.K.Hjelle, medan utanbygds aksjeeigarar har 55 %. I tillegg til meir kapital, er rutinerte Nils Fredrik Drabløs ansatt som styreformann. Det er også vore på tale å ansette daglig leiar. Dette blir dyrt og er satt på vent inntil vidare. Asbjørn konkluderer med at ein ved denne emisjonen får behalde LK Hjelle og produksjonen her.

President Greta fortalte at det fortsatt er plass ved Årsfesten vår, 5. april. Påmeldingsliste blir sendt rundt.

Minnestund for Marta: President Greta tente eit lys og las ei helsing frå vår no avdøde rotaryven, Marta Roald. Marta fortalte i brevet at tida i SRK hadde vore veldig lærerik og givande. Ho var den første kvinnelige presidenten i klubben, den tid då det var mange veteraner og sterke personligheter. Men ho følte at ho fekk all den støtte og hjelp ho trengte. Klubben si støtte til Prosjekt Filippinene, var det Marta som tok initiativ til. Ho fekk gleda av å besøke staden for prosjektet på Filippinene. Ho gav uttrykk for håp om at klubben vår vil fortsette å støtte Lola Day Care Center, som i dag er ei vidareføring av det opprinnelige prosjektet. Marta avslutta med at når ein er rotarianer, er ein det livet ut. Ei gripande helsing frå Marta.    


Etter kaffe og vinlotteri, presenterte visepresident Petter (bilde), det nye styret for 2019/2020. Stort sett same mannskap som før: President Greta blir leiar i medlemsskapskomiteen. Kristin tek over som sekretær etter Knut Henning, og Bastian blir leiar i Programkomiteen.  Det forslag til det nye styret blei vedteke ved akklamasjon.

Så presenterte Petter forslag til medlemmer i dei ulike komiteane. Desse forslaga var for så vidt greie, men Rolf kom med følgande kommentar: «Matkomiteen har fått meir ansvar siste året. Dermed er ein avhengig av dei einskilte medlemane i komiteen. Dersom ein eller fleire er borte, blir matserveringa veldig sårbar». Rolf foreslår å utvide komiteen med 3 til 4 personer. På denne måten blir det kaker og kaffi, sjøl om folk er bortreist.

Strategi: Visepresident Petter fortalte at vi er pålagte frå sentralt hald å ha ein strategi for klubben vår. Denne er allereie vedteke på forrige styremøte, 13. februar. Referent minner om dei 3 overordna prinsippa:

-         SRK vil synliggjere klubben og klubben sine verdier i lokalmiljøet.

-         SRK vil arbeide for medlemsutvikling, og for å auke antal medlemmer.

-         SRK vil utvikle sin aktiviteter både lokalt, i distriktet og internasjonalt.

Møta våre vil følge skuleruta. Du kan lese Petter sin presentasjon ved å klikke på linken: Sykkylven Rotaryklubb 2019 – 2020.

President Greta avrunda møtet ved å minne om neste møte med fengselsprest Erlend Lunde, og så ønske alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 


 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS