Rotarymøte 06.03.2019:
President Greta var igjen på plass og ønska vel møtt til Presidenten sin time. Spesielt var det kjekt å ønske gjestene, Knut Molnes og Arild Sporsheim velkomne. Presidenten uttrykte håp om at dei vil bli medlem i klubben vår.
Så litt om dagen i dag: Anfrid og Andor har
namnedag. An er avleda av Arn som tyder ørn. Endinga –or kjem frå guden Tor.
Endinga –frid tyder venleik. Dermed skulle Anfrid tyde «ven ørn».
Gebursdager 6. mars: Italiensk renessansekunstner, Michelangelo f. i 1475.
Bilde: "Skapelsen" av Michelangelo.
Den norske
forfatteren Johan Bojer, f. i 1872. Kunstner, Arild Nyquist f. i 1937.
Forfatter Jan Kjærstad i 1953 og til slutt journalist og redaktør Per Egil
Hegge f. 1940.
I 1905
vedtok Stortinget å opprette eige norsk konsulatvesen. Dette blei byrjinga på
«skilsmissa» mellom Norge og Sverige.
I 1931 fikk
byen Nidaros, namnet Trondheim.
Til slutt ei
sak som vi i Sykkylven kan vere litt stolte av: 6. mars i 1959 blei det vedteke
( i Kyrkje og- Undervisningsdepartementet ?) at Ørsta, Sykkylven og Malm skulle
vere forsøkskommuner der realskulen blei erstatta av almen ungdomskule.
Så nokre ord
for kvelden: «Ei svale gjer ingen sommer». Aristoteles er visst opphavet til
dette visdomsordet.
Det andre
visdomsordet er av Mark Twain. Referent husker ikkje heilt ordlyden, men tydninga er: «Vi skal vere glade for at det fins dumme folk; det får oss
andre til å føle oss vellykka».
Rotarysong: Vi er i mars og trubadur Olav mana
fram vårkjensla med: « Å nei, høyr no lerka for fyrste gong i år». Vår eminente
trubadur har fått med seg folk som matcher seg når det gjeld tekst og melodi, Anders
Hovden og sjølvaste W.A. Mozart.
Sekretær Knut Henning kunne forkynne at det er Asbjørn R.
og Oddbjørn R. sin tur til BUAS – besøk.
SRK sin to
yngste fyller år, 9. mars: Sindre 42 år og Knut Henning 46 år. Gratulerer!
3- minutt var ved Asbjørn Riksheim:
Han tok
utgangspunkt i at det er tøffe tider i møbelbransjen. Denne er vi svært
avhengig av i Sykkylven. Ein fabrikk, som har byrja å slite økonomisk, er tradisjonsrike
L.K. Hjelle. Det er behov for ny kapital, og dermed har eit lokalt
investringsselskap med namn, «Råna Invest» kome på bana. Ved sidan av Asbjørn
sjøl med son, har Leif Jarle Aure og hans to soner, forsøkt å få inn kapital
for å hindre at fabrikken hamner på utenlandske hender. Det har lyktes i den
grad at 9 mill. kroner er samla inn. Dermed eig «Råna Invest» 40 % av aksjene i
L.K.Hjelle, medan utanbygds aksjeeigarar har 55 %. I tillegg til meir kapital,
er rutinerte Nils Fredrik Drabløs ansatt som styreformann. Det er også vore på
tale å ansette daglig leiar. Dette blir dyrt og er satt på vent inntil vidare.
Asbjørn konkluderer med at ein ved denne emisjonen får behalde LK Hjelle og
produksjonen her.
President Greta
fortalte at det fortsatt er plass ved Årsfesten
vår, 5. april. Påmeldingsliste blir sendt rundt.
Minnestund for Marta: President Greta tente eit lys og las
ei helsing frå vår no avdøde rotaryven, Marta Roald. Marta fortalte i brevet at
tida i SRK hadde vore veldig lærerik og givande. Ho var den første kvinnelige
presidenten i klubben, den tid då det var mange veteraner og sterke
personligheter. Men ho følte at ho fekk all den støtte og hjelp ho trengte.
Klubben si støtte til Prosjekt Filippinene, var det Marta som tok initiativ
til. Ho fekk gleda av å besøke staden for prosjektet på Filippinene. Ho gav
uttrykk for håp om at klubben vår vil fortsette å støtte Lola Day Care Center,
som i dag er ei vidareføring av det opprinnelige prosjektet. Marta avslutta med
at når ein er rotarianer, er ein det livet ut. Ei gripande helsing frå Marta.
Etter kaffe og vinlotteri, presenterte visepresident Petter (bilde), det nye styret for 2019/2020. Stort
sett same mannskap som før: President Greta blir leiar i medlemsskapskomiteen.
Kristin tek over som sekretær etter Knut Henning, og Bastian blir leiar i
Programkomiteen. Det forslag til det nye
styret blei vedteke ved akklamasjon.
Så
presenterte Petter forslag til medlemmer
i dei ulike komiteane. Desse forslaga var for så vidt greie, men Rolf kom
med følgande kommentar: «Matkomiteen har fått meir ansvar siste året. Dermed er
ein avhengig av dei einskilte medlemane i komiteen. Dersom ein eller fleire er
borte, blir matserveringa veldig sårbar». Rolf foreslår å utvide komiteen med 3
til 4 personer. På denne måten blir det kaker og kaffi, sjøl om folk er
bortreist.
Strategi: Visepresident Petter fortalte at vi
er pålagte frå sentralt hald å ha ein strategi for klubben vår. Denne er
allereie vedteke på forrige styremøte, 13. februar. Referent minner om dei 3
overordna prinsippa:
-
SRK
vil synliggjere klubben og klubben sine verdier i lokalmiljøet.
-
SRK
vil arbeide for medlemsutvikling, og for å auke antal medlemmer.
-
SRK
vil utvikle sin aktiviteter både lokalt, i distriktet og internasjonalt.
Møta våre vil
følge skuleruta. Du kan lese Petter sin presentasjon ved å klikke på linken:
Sykkylven Rotaryklubb 2019 – 2020.
President
Greta avrunda møtet ved å minne om neste møte med fengselsprest Erlend Lunde,
og så ønske alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.