Referat frå Rotarymøte 13.03.2019:
President Greta ønska vel møtt, og spesielt vår to
gjester, Knut Molnes og Arild Sporsheim. Begge har sagt seg villig til bli
medlem i klubben vår.
Så litt om dagen sin dato: Presidenten spurte kven
som hadde namnedag. Når ho spør slik, er det vel mistanke om at det er ho sjøl.
Ganske riktig: Greta og Grete har namnedag. Det kjem frå gresk og tyder
«perle».
Mars har
sitt namn frå den romerske krigs- og fruktbarhetsguden, mars.
Maler Hans Gude, mest kjent for «Brudeferden i Hardanger, blei født denne dato, i 1825.
I
1930 blei vår ytterste planet, Pluto oppdaga. I 1957 blei Kongsberg Gruver lagt
ned etter 334 års drift. Og i 2003 blei Robert Sørli første ikkje-amerikaner
til å vinne hundesledeløpet, Iditarod i Alaska.
Ord for dagen
er finsk og lyder: «Sit medan du er ung, så orker du å stå når du blir gammal».
Som fysioterapeut i 40 år, vil ikkje referent uten vidare gå god for dette, i
allefall ikkje viss ein tolker ordtaket fysisk.
Rotarysong: I trubadur Olav sitt fråver, valgte
presidenten den alltid aktuelle: «Draumen om fred» av Cornelius Vreeswijk og
Ivar Medaas.
I sekretæren sitt fråver, opplyste Greta
at Karl Ramstad blir 76 år, 14. mars. Ved forrige møte, 6.mars, var det 22
frammøtte som gav 55 % frammøte.
3- minutt var ved Knut Vollstad: Tema var «livets
gang». Han fortalte at livet i hans slekt stort sett har «gått på skinner»:
Folk har vakse opp og blitt så gamle som genene skulle tilseie. Dessverre har
familien opplevd unntak frå dette: Eine dottera har fått ei alvorleg diagnose,
og har i samband med dette, mottatt tøff medisinsk behandling. Eit alvorleg og tankevekkande 3 minutt som
illustrerer kor skjør helsa vår kan vere.
Erlend Lunde: Om jobben som
fengselsprest:
Etter rotarykaffe og gode smørbrød, heldt
Erlend Lunde, som er sokneprest i Ikornnes, eit innlegg om sin jobb som
fengselsprest ved Ålesund Fengsel (Kriminalomsorgen). Dette er ein 40 % jobb. Han
fortalte at soning i fengsel i dag er heilt annaleis enn i tidligere tider. Då blei den innsatte meir eller mindre isolert på ei mørk celle. Der skulle han/ho gjere bot og tenke over sitt brotsverk. På denne måten bli
eit bedre menneske.
I dag er det
heldigvis annaleis. Soninga er ikkje berre ei straff, men også ei
rehabilitering. Dette med tanke på at den innsatte skal komme tilbake til
samfunnet og fungere der. I samband med dette, er det ymse tilbud både når det
gjeld skulegang og trening. Erlend viste bilde frå ein yogatime. Det blir også snekra bord og benker som kan
plasseres i friluft. Derimot får dei innsatte ikkje lov å lage fluktstoler J.
Det er
helsetjeneste med lege ein gong pr. veke og sjukepleier to ganger pr.
veke.
Erlend
jobber to dager i veka. Då har både ansatte og innsatte høve til å snakke med
han. Så vidt referent forstår, blir Erlend mykje nytta til samtaler der den
innsatte får "lufte seg" og får ut det mentale trykket.
Det blir
arrangert Gudstjeneste ei gong i månaden, og deltakinga her er god.
Fengselet i
Ålesund er gammalt med enkle kår. Den innsatte har einerom (einecelle) med do
og av og til dusj. Luftegården er heller ikkje spesielt stor. I motsetning til
tidligere, har den einskilte celle vindu, men utsikta er ikkje all verden.
Det er vel
ingen tvil om at det er behov for eit nytt og moderne fengsel. Dette er tenkt
plassert på Digerneset, men er nok ei god stund fram i tid.
Virkelig
interessant å få innblikk i kvardagen til fengselsprest, Erlend.
Som vanlig
blei foredraget belønna med velfortjent gest. Erlend parerte med å overrekke
klubben ei bok om Ålesund Fengsel.
President
Greta takka for møtet og minte om at neste møte 20. mars er foreløpig uten
program, men, kjenner referent programkomiteen rett, så blir det ei råd.
Referent
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.