Referat frå Rotarymøte
20.03.2019:
President Greta ønska alle vel møtt, og spesielt
kvelden sin gjest, Arild Sporsheim. Greta kunne opplyse at Arild og Knut Molnes
blir tatt opp som medlemmer ved Årsfesten,
5. april.
Som vanlig litt om dagen sin dato: Joakim har
namnedag. Det betyr: «Jahve har
oppretta». Kim er ei avledning av Joakim.
I 1814 rømte
Napoleon tilbake til Frankrike frå øya Elba. Han tok over makta, men dette
varte ikkje så lenge. Etter 100 dager blei han beseira av ein felles europeisk
hær ved Waterloo. Blei så forvist til den fjerne øya St. Helena.
Vår store
dramatiker, Henrik Ibsen, blei født denne dato i 1828. I 1916 publiserte Albert
Einstein sin relativitetsteori. I 1942 blei 1200 lærere arrestert og depotert
til Kirkenes. Dette fordi dei nekta å bli med på nazifisering av norsk skule.
Tunisia blei sjølstendig i 1956. Bursdager denne dato: Minken Fossheim, født i
1956. Døde 7. juni i 2018. Alpinutøver, Hans Petter Buraas (Burre) født 1975.
Høgdepunktet i karriera er OL- gull i slalåm i 1998.
Ord for
kvelden av sjølvaste, Isaac Newton: «Mennesker bygger for mange murer og for få
bruer». Her har Jan sitt på det tørre.
Trubadur Olav hadde vore på konsert med Elisabeth
Andreassen (Bettan). Her hadde han lurt seg til å filme sangen, «Danse mot
vår». Men før denne blei avspelt, tillet han seg å minne om at denne datoen,
20. mars 2019 er det vårjevndøgn. Kl. 22:58 står sola loddrett på ekvator. Natt
og dag er like lange over heile jorda.
Sekretær Knut Henning opplyste at det er Ove og Sindre som
står for tur til BUAS-besøk. Forrige møte var det 18 frammøtte. Men sidan det
var mange permisjoner og fritekne for møteplikt, gav det likevel 51 % frammøte.
Kvelden sitt 3- minutt var ved Arvid Nordstrand: Han fortalte om arbeidsplassen sin, Nyborg.
Bilde: Nyborg til ve. og eit av produkta til hø.:
Her har Arvid jobba i 50 år. Det har
vore ei veldig utvikling frå Alfred Nyborg og far til Arvid starta verksemda i
ei løe på Nyborg, til dagen sitt store industribygg. I byrjinga blei det bygd
maskiner for industrien. Seinare vifteproduksjon for båter, noko som krevde
større lokaler. Virkelig fart på satsinga blei det då Magne Klokk tok over som
bedriftsleier og Harald Løseth som styreformann. Dei to meinte at dersom Nyborg
skulle ha ei framtid, måtte ein satse på storskala vifter. Produksjonen har vore
vifter til offshoreindustrien. Då det blei dårlegere tider, måtte ei finne ny
satsingsområder. No blir det m.a. produsert tunellvifter og varmerister til
skip som skal ferdast i polare strøk. Oljeindustrien har begynt å ta seg opp og
det blir no produsert aggregat til denne. Nyborg er ei bedrift som eksporterer
produkt til m.a. Frankrike, Korea, Spania og Nederland.
Omsetninga
ved Nyborg her i Sykkylven var på 72 mill. kr i 2018. Det er 30 ansatte. Det er
også to søsterbedrifter i Polen, Nyborg Mawent og NM Designoffice.
Eit
informativt og interessant 3 minutt ved Arvid.
Nils Arve om «Nofence».
Etter
Rotarykaffe og gode laksesmørbrød var det vår rotaryven, Nils Arve sin tur å
snakke om noko som heiter «Nofence». Kva er no dette? Det er, dersom ein
oversetter frå engelsk, «Ingen gjerde». Altså ikkje noko fysisk gjerde, men
derimot eit virtuelt.
For ca. 10
år sidan begynte Oskar Hovde Berntsen (bilde)
å utvikle dette. Det er etter kvart blitt veldig funksjonelt og anvendelig. Det
er mest geiter ein har brukt dette på. Ein klave med mottaker og sender, som er
delvis batteri- og delvis solcellepanel drevet, blir festa rundt halsen på
geita. Denne klaven får posisjonssignal frå GPS-satelitt. Denne posisjonen blir sendt vidare til mobilnettverket og Nofence-serveren,
som så sender signalet til geitebonden sin mobiltelefon.
Då vil bonden til ei kvar tid vite kvar dyret befinner seg.
Bonden kan
definere dyret sitt beiteområde. Dersom dyret går ut av dette, vil det først
motta ein lyd som så blir sterkere og sterkere etter kvart som dyret nærmer seg
grensa. Tilslutt vil dyret få strømstøt.
Når dette har skjedd eit par ganger, vil dyret trekke seg tilbake når
lydsignalet blir sterkere. På denne måten kan ein halde dyret innanfor eit
definert område. Det nesten magiske er at bonden kan utvide eller innskrenke
beiteområdet via skjermen på mobiltelefonen.
Sjå følgende
svært informative video på YouTube:
Nils Arve
bruker geitene til å halde skog og kratt i sjakk. For ca 5 år siden blei han
med i dette som eit pilotprosjekt. Han får tilsendt forbedra utstyr etter kvart
som det skjer utvikling. Han antyder ein pris pr. klave på ca. 2000,- til
3000,- kroner. I tillegg til dette ei årlig leige pr dyr. Sjøl om
dette blir nokre kroner, så sparer ein seg prisen på det fysiske gjerdet. I
tillegg alt arbeid med å sette dette opp og vedlikehalde det.
Referent kan
tenke seg at dersom ein kan utvikle klaven til å bli mykje mindre (noko som
ikkje er usannsynlig), kan dette i framtida nyttast til rovdyrforvaltning.
Altså feste ein liten klave på rovdyret og sette opp eit virtuelt gjerde slik
at dyret ikkje forviller seg inn på områder med husdyr.
I følge Nils
Arve er vi berre i begynnelsen av utviklinga av «Nofence».
Bilde: Nils Arve viser fram klaven til ve. og nærbilde av den til hø.:
Veldig
interessant foredrag. Denne gangen ikkje belønna med den sedvanlige gesten
sidan Nils Arve er ein av våre rotaryvener.
Etter mange
spørsmål, takka president Greta av med å minne om neste møte med RYLA-deltaker,
Erlend Lillevik, og ønska så alle vel
heim.
Referent
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.