Rotarymøte 10.04.2019: Kathrine Glørsen Hole: "Ull og omtanke".



President Greta ønska vel møtt, takka for sist og for ein hyggelig Årsfest. Arild og Knut var til stades, no som fullverdige medlemmer, og ikkje som gjester.

Greta tok for seg hendinger nett denne datoen:

I 1814 kom riksforsamlinga saman på Eidsvoll: 112 medlemmer, mest frå hæren og embedsverket. Ingen frå Nord – Norge nådde fram i tide. I 1829 blei grunnleggeren av Frelsesarmeen, William Booth født. Den sovjetiske revolusjonleiaren, Vladimir Uljanov, bedre kjent som Lenin, født i 1870. Den svenske skuespelar, Max von Sydow, født i 1929. Den flotte skuespelaren, Omar Sharif, født 1930. Så til kringkasting: Nordens første radioprogram blei sendt frå Tryvann i 1923. Den første fargesendinga på TV blei sendt i 1972. 

Og til slutt, noko som både Kongehuset og vi som nasjon kan vere stolte av: Kong Haakon sa nei til tyskerane sitt krav om å utnemne Quisling til statsminister denne datoen i 1940.


Trubadur Olav hadde opprinnelig tenkt å bruke «Bæ, bæ, lille lam» som rotarysong sidan dette passa godt til kvelden sitt tema. Men det flotte vårveret inspirerte han til Elias Blix sin: «No livar det i lundar». Eit godt valg, etter referent si meining.

Ymse:

President Greta klaga over at ho ofte er litt seint ute med blomster til medlemmer som fyller rundt år. Denne gangen ville ho vere i forkjøpet: Ho kalla fram Bastian, som fyller 60 år om nokre dager. Ein flott blomsterbukett og ein god klem til Bastian.


3- minutt:

Visepresident Petter heldt 3- minutt: Han tok for seg noko som blir kalla REKO. Det står for Rettferdig Konsum. Dette er eit matnettverk, der m.a. Facebook blir nytta til å annonsere salg av lokalproduserte kjøttvarer. I kommentarfeltet kan ein bestille varene ein er interessert i. Det er to møteplasser i Ålesund der kjøttprodusent og mottakar møtes, og det blir utveksla varer og betaling. I Norge er det for øyeblikket 37 aktive REKO-ringer der 450 produsenter er tilknytta. Det er 2 REKO-ringer i Møre og Romsdal.

Petter fortalte at det er dei store kjedene som dominerer marknaden når det gjeld salg av landbruk- og kjøttprodukter. REKO er ein måte å gjere seg uavhenging av desse. På mange måter er dette ein Vinn – vinn situasjon der produsenten får auka lønnsemnd, med auka salg og større kundegrupper. Kunden får ferske kvalitetsvarer ved direkte kontakt med produsenten. Det er sosialt og lokale produsenter som blir støtta. Petter avslutta med: «Folket i verda blir det dei spiser».  

Kathrine Glørsen Hole og «Ull og omtanke»:

Kathrine er primus motor for "Ull og omtanke". Dei deler ut pledd satt saman av lapper av restegarn. Målgruppa for dette er kreftpasienter. Lappane blir montert til eit pledd ved hjelp av 5 dugandes montører. Det tek både lang tid og tolmodighet.

Etter rotarykaffe og gode sveler, var det Kathrine Glørsen Hole sin tur til å ta ordet. Ho innleia med at ho er frå Oslotraktene, men ho har funne seg ein solid velledaling. Derfor etternamnet, og derfor er ho busett seg i Velledalen.

Dei som strikker mykje (ikkje referent !) veit at det ofte blir mykje restegarn. Ei dame i Fredrikstad nytta dette til å strikke lapper etter eit visst mål, for deretter å få andre damer til å montere det til eit pledd. Dette gav ho videre til folk som hadde fått ein kreftdiagnose. Ei bivirkning ved cellegift er at pasienten frys mykje. Derfor er eit slikt pledd velkoment. Så vidt referent forstår, begynte desse damene å kalle seg «Ull og omtanke»

Kathrine synes dette var ein god ide og fekk til noko liknande her i Sykkylven. Av ullrestegarnet blei det strikka lapper etter eit spesifikt mål. Dette blir så levert Kathrine som setter dei saman etter som ho synes fargane passer. Deretter blir dette levert til 5 montører som setter dei saman til eit pledd. Det tek ca. 20 til 30 timer å montere eit slikt. Målet var 150 pledd på 4 år, men det er blitt 380. Rekn ut sjøl kor mange timer som er gått med til monteringa! Heilt gratis er det ikkje å lage desse pledda: Med forskjellige remedier og porto osv. blir det ca. 250 – 300 kr. pr. pledd. Dei blir så donert til folk som har fått ein kreftsjukdom. Dei betaler sjølsagt ingenting. For mange kan dette pleddet bety mykje. Enkelte har valgt å bli gravlagt i dei.

Sidan kreftsjukdommer er likt fordelt på kvinner og menn, er nok kvinnene overrepresenterte som mottakere: 80 % er kvinner. Elles er mottakarane i alle aldre.

Dersom vi gutta vil sette i gang med å produsere, er det berre å skaffe seg pinner nr. 5, skaffe seg garn eller restegarn av ull, og sette i gang!

Til å vere ein såpass (referent tillet seg å kalle det) feminin syssel, var det mange av karane som viste stor interesse for pledda som Kathrine hadde stilt ut.

Etterpå fekk foredragshaldar ein svært velfortjent gest i form av ein flott innpakka ost. Denne kom, i følge Kathrine neppe, til å vare lenge.


Presidenten takka av med å minne om fri i påska, og at første møtet etter påske er vår årlege dugnad ved Kyrkjeparken.

 

Referent

Jarle Svindseth





 
Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

25. mars 2017

Marit Akslen besøker Sykkylven Rotaryklubb.

Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

17. mars 2017

På besøk hos Torunn Kjemphol og hennar Galleri 2K

Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

10. mars 2017

Steinar Klokk held sitt ego/yrkesforedrag

Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.

Presidenten sin time:

2. mars 2017

Presidenten sin time:

Les referat frå Presidenten sin time 1. mars 2017.

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

23. februar 2017

Bedriftsbesøk hos Ove Straumsheim Glas og Fasader

Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

18. februar 2017

Velferdsteknologi ved komunalsjef Eli Otterlei

Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

3. februar 2017

Arne Hanssen orienterer om den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

3. februar 2017

Les referat frå Rotarymøte 25. januar:

Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

26. januar 2017

Bedriftsbesøk ved Peterson Emballasje

Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven

Politimester Ingar Bøen:

14. januar 2017

Politimester Ingar Bøen:

Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS