President Greta ønska vel møtt, takka for sist og for
ein hyggelig Årsfest. Arild og Knut var til stades, no som fullverdige
medlemmer, og ikkje som gjester.
Greta tok
for seg hendinger nett denne datoen:
I 1814 kom riksforsamlinga saman på Eidsvoll: 112 medlemmer, mest frå hæren og embedsverket. Ingen frå Nord – Norge nådde fram i tide. I 1829 blei grunnleggeren av Frelsesarmeen, William Booth født. Den sovjetiske revolusjonleiaren, Vladimir Uljanov, bedre kjent som Lenin, født i 1870. Den svenske skuespelar, Max von Sydow, født i 1929. Den flotte skuespelaren, Omar Sharif, født 1930. Så til kringkasting: Nordens første radioprogram blei sendt frå Tryvann i 1923. Den første fargesendinga på TV blei sendt i 1972.
Og til slutt, noko som både Kongehuset og vi som nasjon kan vere stolte av: Kong Haakon sa nei til tyskerane sitt krav om å utnemne Quisling til statsminister denne datoen i 1940.
Trubadur Olav hadde opprinnelig tenkt å bruke «Bæ,
bæ, lille lam» som rotarysong sidan
dette passa godt til kvelden sitt tema. Men det flotte vårveret inspirerte han til
Elias Blix sin: «No livar det i lundar». Eit godt valg, etter referent si
meining.
Ymse:
President
Greta klaga over at ho ofte er litt seint ute med blomster til medlemmer som
fyller rundt år. Denne gangen ville ho vere i forkjøpet: Ho kalla fram Bastian,
som fyller 60 år om nokre dager. Ein flott blomsterbukett og ein god klem til
Bastian.
3- minutt:
Visepresident
Petter heldt 3- minutt: Han tok for seg noko som blir kalla REKO. Det står for Rettferdig Konsum. Dette er eit matnettverk, der m.a. Facebook blir
nytta til å annonsere salg av lokalproduserte kjøttvarer. I kommentarfeltet kan
ein bestille varene ein er interessert i. Det er to møteplasser i Ålesund der
kjøttprodusent og mottakar møtes, og det blir utveksla varer og betaling. I
Norge er det for øyeblikket 37 aktive REKO-ringer der 450 produsenter er
tilknytta. Det er 2 REKO-ringer i Møre og Romsdal.
Petter
fortalte at det er dei store kjedene som dominerer marknaden når det gjeld salg
av landbruk- og kjøttprodukter. REKO er ein måte å gjere seg uavhenging av
desse. På mange måter er dette ein Vinn – vinn situasjon der produsenten får
auka lønnsemnd, med auka salg og større kundegrupper. Kunden får ferske
kvalitetsvarer ved direkte kontakt med produsenten. Det er sosialt og lokale
produsenter som blir støtta. Petter avslutta med: «Folket i verda blir det dei
spiser».
Kathrine Glørsen Hole og «Ull og
omtanke»:
Kathrine er primus motor for "Ull og omtanke". Dei deler ut pledd satt saman av lapper av restegarn. Målgruppa for dette er kreftpasienter. Lappane blir montert til eit pledd ved hjelp av 5 dugandes montører. Det tek både lang tid og tolmodighet.
Etter rotarykaffe og gode sveler, var det
Kathrine Glørsen Hole sin tur til å ta ordet. Ho innleia med at ho er frå
Oslotraktene, men ho har funne seg ein solid velledaling. Derfor etternamnet,
og derfor er ho busett seg i Velledalen.
Dei som
strikker mykje (ikkje referent !) veit at det ofte blir mykje restegarn. Ei dame
i Fredrikstad nytta dette til å strikke lapper etter eit visst mål, for
deretter å få andre damer til å montere det til eit pledd. Dette gav ho videre til
folk som hadde fått ein kreftdiagnose. Ei bivirkning ved cellegift er at
pasienten frys mykje. Derfor er eit slikt pledd velkoment. Så vidt referent forstår, begynte desse damene å kalle seg «Ull og omtanke»
Kathrine
synes dette var ein god ide og fekk til noko liknande her i Sykkylven. Av
ullrestegarnet blei det strikka lapper etter eit spesifikt mål. Dette blir så
levert Kathrine som setter dei saman etter som ho synes fargane passer.
Deretter blir dette levert til 5 montører som setter dei saman til eit pledd.
Det tek ca. 20 til 30 timer å montere eit slikt. Målet var 150 pledd på 4 år,
men det er blitt 380. Rekn ut sjøl kor mange timer som er gått med til
monteringa! Heilt gratis er det ikkje å lage desse pledda: Med forskjellige
remedier og porto osv. blir det ca. 250 – 300 kr. pr. pledd. Dei blir så donert
til folk som har fått ein kreftsjukdom. Dei betaler sjølsagt ingenting. For
mange kan dette pleddet bety mykje. Enkelte har valgt å bli gravlagt i dei.
Sidan
kreftsjukdommer er likt fordelt på kvinner og menn, er nok kvinnene
overrepresenterte som mottakere: 80 % er kvinner. Elles er mottakarane i alle
aldre.
Dersom vi
gutta vil sette i gang med å produsere, er det berre å skaffe seg pinner nr. 5,
skaffe seg garn eller restegarn av ull, og sette i gang!
Til å vere
ein såpass (referent tillet seg å kalle det) feminin syssel, var det mange av karane som viste stor interesse for pledda som Kathrine hadde stilt ut.
Etterpå fekk
foredragshaldar ein svært velfortjent
gest i form av ein flott innpakka ost. Denne kom, i følge Kathrine neppe,
til å vare lenge.
Presidenten
takka av med å minne om fri i påska, og at første møtet etter påske er vår
årlege dugnad ved Kyrkjeparken.
Referent
Jarle
Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.