"Inn på tunet" og "Stall Moen"

Grete-Iren Moen, frå Stall Moen i Velledalen, besøkte oss i klubbmøtet på sjølvaste Frigjeringsdagen den 8. mai 2019. Ho fortalde og viste bilete frå prosjekt-garden. På biletet har ho fått vel fortent takk frå innkommande president Petter Velle. 


Sykkylven Rotary Klubb, møte 8. mai 2019. Banksalen kl 19. 

Skrivar: Olav Pileberg

 Innkommande president Petter Velle ønska vel møtt til møte den 8. mai 2019. Petter opplyste at etter som president Greta var i Oslo, hadde han fått hand om møteleiinga. Av same grunn vart Presidenten sin time flytta til neste onsdag, den 15. mai.

Petter ønska velkommen til gjesten Grete-Iren Moen, som ville orientere om «Inn på tunet» og om «Stall Moen» i Velledalen. Applaus. Ingen andre gjester.

Namnedag har Åge og Åke, med tydinga «forfader», etter gammaldansk og urnordisk rot. På denne dagen 8. mai 1945 tok 2. verdskrigen offisielt slutt i Noreg, etter som den tyske okkupasjonsmakta overgav seg, i ein seremoni på Akershus festning. Sjå bilete med tekst:



Fødselsdagar: Forfattar Nini Roll Anker, (03.05.1873-20.05.1942), President Harry S. Truman, (08.05.1884-26.12.1972), Coca-Cola (1886), Miljøverndepartement i Noreg (1972).

Ord for dagen, av Selma Lagerlöf: «Fred er for landet det samme som sunnhet for legemet».

Etter dette tok Olav P. over, med høveleg allsong for fridoms-dagen: Det går et festtog gjennom landet. Det vart som eit karaoke kor av oss, saman med kor og festleg korpsmusikk på YouTube.

Neste post på programmet sto sekretær Knut Henning for, med BUAS-besøk, bursdagar for Almar, Trygve og Olaf (applaus)  og frammøteprosent, som på dugnaden sist onsdag i Kyrkjeparken var på 56 prosent.

Så var tida komen for 3-minutt, som Greta raust hadde gitt som oppgåve til Jan Fredriksen. Han fortalde om ordninga med Bompengar som vi hadde kosta på oss her i landet. Slett ikkje noko nytt, men no er det blitt valpropaganda ut av dette. Eit «spesialparti» har dette som si hovudsak, og i Bergen har «Folkeaksjonen nei til mer bompenger», heile 17 prosent oppslutnad, i følgje siste gallup. Skal alle slike enorme utgifter dekkast av staten utanom Statsbudsjettet, – les: gjennom Oljefondet? Spørsmålet har vore oppe både i Fremskrittspartiet og Høyre. Tapet av KNM «Helge Ingstad» utgjer også eit aktuelt og vektig element i denne diskusjonen. Fredriksen meinte at dette var eit merkverdig syn på finansiering,-
«-for det er då ikkje slik vi jobbar…. Dette er å jobbe under bunnlinja,» sa Jan, mellom anna. Han kopla vidare dette opp mot El-bilar som til denne dag har køyrt gratis der bensin- og diesel-bilar lyt punge ut. Er dette med betalingsfritak – grovt sett – rettferdig og rett? Jan landa ikkje på eit endeleg svar. Problematikken er heller uklår, og løysinga deretter. Med stadig fleire El-bilar fell heile finansierings-modellen for dei store bompenge-prosjekta saman. Kanskje er ikkje forslaget frå Carl I. Hagen på Landsmøtet i FRP nyleg så «hakkande gale»: at staten tek 70 milliardar frå Oljefondet og løyser inn heile bompengeselskapet.  Den som lever, får sjå!

Rotary-kaffi med rundstykke følgde program-messig, og drøsen rundt borda sameleis, før Grete-Iren Moen fekk ordet.  

«Inn på tunet» og «Stall Moen».

"Inn på tunet" i Møre og Romsdal finn vi her: https://innpatunetmr.no/tilbydere/

Grete-Iren opna med å presentere seg sjølv, før ho fortalde om hovudoppgåva til deira engasjement ved Stall Moen i Velledalen: Å hjelpe barn, ungdom og vaksne som har særlege behov for alternative aktivitetar og undervisning. Dyra og livet på garden er læremidlane i så måte. Det enkle er ofte det beste, sa Grete-Iren.
Litt informasjon, kopiert frå PPT framsyninga:

      Kjøpte JØRNGARDEN på HJORTHOL i 2010,

      Bygd ny fjøs og lagt til rette for drift av sau og hest

      LAGT TIL RETTE FOR «INN PÅ TUNET», og VART GODKJEND IPT i 2016

       Har 64 vinterfora sau og 2 verar. Nokre hestar på oppstalling og nokre eigne, som vi nyttar til inn på tunet.

Særskilt tilrettelagde opplæringstiltak:

      Enkeltelever eller mindre grupper kan ha spesielle utfordringar med skuledagen og med timane/faga, eller sosialt med kameratar eller i klassa. ”Dei treng å skifte miljø” – få ein alternativ dag eller ein alternativ læringsarena.

      På garden kan det tilretteleggast etter den enkelte sine behov. Her er det nye menneske som ser deg på ein anna måte. Å vere saman med dyr har ein god og beroligande effekt på menneske, og det finst nok av praktiske oppgåver som utfordrar og gir meistring når eleven lykkast.

Å følgje livet på garden gjennom årstidene, å få nærkontakt med dyra gjennom å ri på hest, vere med på lamming, eller anna: dette er terapi av beste merke! Utagerande elevar, t.d., kan skifte heilt om, til å bli empatiske, til å vise omsorg og omtanke.

Alt dette, og meir til, vart formidla av Grete-Iren Moen enkelt og greitt til lydhøyrde og interesserte rotarianarar. Vårt klubbmedlem Bjørg driv med eit liknande opplegg på deira gard, Eliasgarden, med tilsvarande gode resultat på målgruppa. Etter at tilhøyrarane hadde fått tilfredsstillande svar på sine mange spørsmål, fekk Grete-Iren vel fortent takk og ei lita gåve. Deretter formidla Petter takk til alle for frammøtet, og vel heim. Somme av dei følgjande bileta er anonymiserte. Utvalet er frå Grete-Iren sin PowerPoint serie.



 På det rosa biletet ser vi sauebjøller. I følgje Grete-Iren er rosa standard farge, der det er behov for noko slikt. Ser det ikkje kjekt ut, vel? 

 

 



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS