Rotarymøte 22.05.19: Råna Invest.


                                                                                                                                                                 


Referat frå Rotarymøte 22.05.2019:

Styreformann, Leif Jarle Aure fortalte om investeringsselskapet "Råna Invest" som blei stifta i 2010 ved ein intensjonsavtale mellom 20 bedrifter. Formålet var å stimulere til bulyst og frivillighet i Sykkylven og elles hjelpe næringslivet.


President Greta ønska oss vel møtt til siste møtet i mai, og spesielt til kvelden sin gjest og foredragshaldar, Leif Jarle Aure. Applaus!

Så fekk Greta sin samboer og vår rotaryven, Jan ordet og takka klubben for blomsterbuketten i høve sin 80 års dag. (utrulig, men sant). Greta presiserte at det var ein bukett med raude roser, etter Jan sin smak.

Dagen i dag 22. mai:

Dagen i dag, 22. mai, har Henny og Henning namnedag. Dagen blei kalla «Bjørnevåk», då ein rekna med at bjørnen kom ut av hiet. Elles blei dagen også kalla St. Bernhards Messe.

I 1875 blei metersystemet innført i Norge. I 1902 blei dødsstraff i fredstid avskaffa. I Chile, var det denne datoen i 1960, det kraftigaste jordskjelv som er registrert i historisk tid: 9,5 på Richter skala.

Fødselsdager: Den tyske komponisten, Richard Wagner blei født denne dato i 1830. Forfatteren av «Sherlock Holmes», Arthur Conan Doyle, født i  1859 og den norske komiker, Hege Skøyen og tekstforfatter, sanger og professor, Anne Grete Preus født 1957.


Ord for dagen var ved Arnulf Øverland: Referent husker ikkje heilt ordlyden, men meininga oppfatter han som: «Ein times omtanke for ein venn er aldri forgjeves».

Rotarysong:

Trubadur Olav fortalte at han i tråd med kvelden sitt tema, Råna Invest hadde to valg: Enten «Pengegaloppen» etter Invest, eller ein fjellsang etter fjellet Råna. Det blei det siste: «Dei gamle fjell i syningom» av Ivar Aasen. Olav losa oss, ved sitt pianospel, trygt gjennom alle fem versa. 

Sekretær Knut Henning:

Sekretær Knut Henning kunne forkynne at det er Bastian og John Henrik som står for tur til BUAS-besøk.

Fødselsdager: Jan Kåre fyller 64 år, 23. mai og Ingjerd 73 år, 27.mai. Applaus for Ingjerd.

Ved forrige møte, presidenten sin time, var det 18 frammøtte. Det gav den ikkje altfor imponerende 49 % frammøte. 

3- minutt:

Denne gang ved Roger Kornberg: Han fortalte at han er styreleier i eit lokalt forsikringsselskap med det flotte namnet: «Varig Forsikring Sykkylven Gjensidige». Dette etter krav frå hovedselskapet, Gjensidige for å unngå forvekslinger.

Det er no berre 14 såkalte slike brannkasser igjen i Norge, dei fleste på Nordvestlandet.

Roger fortalte at det er 4 fast tilsette,  og at ein begrenser seg til å selge forsikringer lokalt i Sykkylven. Forvaltningskapitalen er 107 mill. kroner. Medan hovedselskapet tek sikte på å selge forsikringer digitalt, satser Gjensidige her i bygda på forsikringer på relasjonsbasis. Altså ved personlig kontakt med kunden.

Roger fortalte at selskapet her i Sykkylven gjer ein stor innsats lokalt ved å gi kundeutbytte, og ved at 3 til 4 prosent av omsetninga går til almennyttige formål.

Ymse:

Etter Roger sitt informative 3-minutt, kunne presidenten under Ymse opplyse at Rotary Convention går føre seg i Tyskland frå 1. til og med 7. juni. Ingen av våre klubbmedlemmer er påmeldt, men det er mulig å logge seg på interessante foredrag via nettet.

Leif Jarle Aure og «Råna Invest»:

Etter Rotarykaffe og eplekake som smelta på tunga, var det det allsidige, Leif Jarle Aure sin tur til å halde foredrag. Denne gangen som styreleier i «Råna Invest». Dette investeringsselskapet blei stifta i 2010, så vidt referent forstår, litt på idealistisk grunnlag. Det var 20 bedrifter som inngjekk ein intensjonsavtale der det blei betalt inn 2000 kroner pr. ansatt pr. år. Seinare blei Kompetansesenter Møre (no Møbelkraft) stifta. Då blei Råna Invest midlertidig lagt på is.  


2018 blei likevel Råna Invest kontakta av L.K. Hjelle som hadde behov for ein emisjon.  Råna Invest og 11 aksjonærer gjekk inn med 9 mill. kr. Eit nytt styre blei valgt der styremedlemmane har komplementære ferdigheter. Styreformann er erfarne, Nils Fredrik Drabløs. Reknskapet i L.K. Hjelle viser balanse første del av dette året, og ein voner at det vil bli eit lite overskot innan året er omme.

Leif Jarle understreka sterkt behovet for samarbeid i åra framover. Bortsett frå Ekornes Fabr., er møbelfabrikkane i Sykkylven såpass små at dei i det lange løp vil få problem med å overleve økonomisk. Dersom ein derimot kunne samarbeide om f.eks. innkjøp, sysal osv. vil dette vere ein fordel for alle. Her kan Råna Invest, med sin kompetense, kome inn som rådgivende organ.

Eit anna område, Leif Jarle meiner er svært viktig for salget av møbler, er handel over nettet. Dette er til dels krevende og vil kreve såpass store ressurser at samarbeid er heilt nødvendig. Som eksempel på korleis han tenker seg netthandel vil fungere i framtida, viste han til tyske «Otto D E» Dei selger møbler over nettet, pluss mykje anna. Saman med netthandel, kan det også vere fordel å ha showrom der kunden får sjå møbel i sine rette miljø. Alternativt å drive såpass avansert handel på nettet at kunden digitalt kan sette møblene inn i sitt rette element. Så kan ein velge møbeltype, farge osv.

Dei forhandlere som er i dag, spår Leif Jarle kan få problem i framtida.

Som konklusjon for møbelindustrien her i bygda, meinte Leif Jarle at det ikkje nytter å konkurrere med lavprisland på pris, men på kvalitet, komfort og miljø. Men understreka han: «Samarbeid må til».

Det flotte og tankevekkande foredraget blei belønna med sedvanlig gest av president Greta.


Bilde: President Greta og styreformann i "Råna Invest", Leif Jarle Aure.

Ho minte elles om at neste møtet 29. mai går ut pga. det er Kr. Himmelfartsdag dagen etter. Så er det berre juni igjen av hennar president-tid. Konklusjonen er at eit år går fort.  Neste møte blir 5. juni, presidenten sin time.

Så blei vi alle ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth 




 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS