Rotarymøte 05.06.2019:




Referat frå Rotarymøte 05.06.2019:

Dette var siste Presidenten sin time for Greta. Ho synes at eit år har gått fort. Ingjerd orienterte om Sommercamp i august og Greta som er styreleiar i Reuma - Sol gav oss ei orientering om dette senteret.

President Greta ønska alle vel møtt til dette som var hennar siste Presidenten sin time. Ho synes eit år har gått fort, noko referent samtykker i.

Som vanlig litt om dagen, 5. juni: Torbjørg og Torbjørn har namnedag. I 1813 var Danmark – Norge statsbankerott. 


I 1849 underteikna Fredrik 7. den nye Juni - grunnlova som førte Danmark frå einevelde til eit konstitusjonelt monarki. Fortsatt i Danmark: I 1915 fekk kvinnene almen stemmerett, 2 år etter Norge.

Til vår nære fortid: Denne datoen i 1967, begynte 6 – dagers krigen i Midt Austen med omfattande israelske flyangrep. I 1968 blei Robert Kennedy skoten av ein palestinsk immigrant. Han døde dagen etter.

Ord for dagen:

Greta hadde ikkje noko ord for dagen, men viste til eit råd ho hadde fått i eit radioprogram: Dersom ein skal bedre balansen, kan ein stå på ein fot og halde augene igjen og unngå å misse balansen. Ho ville ha ein kommentar frå den pensjonerte fysio;en til dette rådet. Han synes dette var i overkant vanskelig, men å  balansere på ein fot med augene åpne er også god trening.

 

Elles anbefalte han å stå med strake bein og gå opp og ned på tå. 10 ganger x 3. Sidan Greta ikkje hadde noko ord for dagen, kan referent prøve seg med eit, frå Salomo sine Ordtak: «Glede i hjarte gjev god helse, mismot tærer på marg og bein».


Rotarysong:

Som rotarysong hadde trubadur Olav valgt: «Home on the Range». Denne songen er faktisk Kansas sin «state song». At teksten er på engelsk gjorde ingen ting for den språkmektige forsamlinga.

I sekretæren sitt fråver, meldte president Greta at ved forrige møte var 25 frammøtte. Dette gav småpene 64 % frammøte.

Når det gjeld bursdager, blir Rolf 77 år, 9. juni.

Det er Ingjerd og Jan Kåre sin tur for BUAS – besøk.

CYEO Ingjerd:

I staden for 3 minutt, orienterte CYEO, Ingjerd om Sommercamp frå 5. til 15. august. Det er rotaryklubbane i Ålesund, Spjelkavik, Sykkylven og Sula som er vertsklubber for 12 ungdommer frå 12 ulike land. Vi har ansvaret frå 8. til 10. august. Referent vil sende ut programmet som Ingjerd presenterte, etter at ho og komiteen har foretatt nokre små endringer.


 Bilde: Frå Summercamp i 2012.

Ymse:

President Greta minte om at vår Klubb har fått 10.000 kr. frå Distrikt 2305 sitt overskot. Dette går til Speidarane og opparbeiding av parkeringsplass. I tillegg til Distriktet sitt bidrag, gir klubben vår 5000 kr, slik at den totale summen blir kr. 15000,-

Frå District Grant har klubben vår, og dermed Lola Day Care Center, fått kr. 12.084,-. Vi supplerer, slik at summen blir 15.000,-. Frå før er 10.000,- øyremerka Prosjekt Filippinene. Volda Rotaryklubb har gitt kr. 5.000, -. Den totale summen til Lola og toalettprosjektet der, blir den nette sum av kr. 30.000,-. Flott! 

Til Rotarykaffe og Vinlotteri fekk vi servert gode, gammeldagse tekaker. Ikkje så ofte ein får servert slike kaker no til dags.

Reuma - Sol:


Bilde: Reuma - Sol og styreleiar Greta med kollegaer:

Etter kaffen orienterte president Greta, som er styreleiar i  Reuma – Sol, om dette senteret. Det er Norges Reumatiker Forbund som eig og står for drifta. Det ligg på Costa Blancakysten i Alfaz, like nord for Benidorm. Her er det godt klima, med ca. 300 soldager i året.

Når det er Reumatikerforbundet som driv senteret, er det nærliggende å tru at det berre er denne gruppa som kan nytte seg av det. Men slik er det ikkje.  Her kan alle komme som vil ha ferie i trygt og sosialt miljø. Det passer fint å vere her vinterstid, då ein unngår snø og glatte/isete veger.

Reuma – Sol kan tilby både hotellrom og leiligheter. I resepsjonen snakker dei ansatte skandinavisk språk.

Senteret tilbyr: Turer, med besøk til næraste byer, eller berre spaserturer.

Videre bassengtilbud, og med med gym., viss ein ønsker.

Trening i treningssal individuelt eller i grupper.

Her er tilbud om fysioterapi, og dersom ein har med henvisning frå lege, vil behandlinga bli dekka økonomisk av Helfo i Norge.

Det er også ansatt sjukepleier, som i tillegg til sine tjenester, kan kontakte lege eller sjukehus dersom dette skulle vere nødvendig.

Elles er det også «sivile» funksjoner som restauranter, frisører, velværeavdeling og kurs/ konferanser.

For meir utfyllande info, sjå Greta sin flotte presentasjon: salgspresentasjon Reuma – Sol.

Då den årlige Gospelkonserten i Kyrkja begynte kl. 20, slutta møtet 10 minutt før vanlig tid.

Tilslutt minte president Greta om neste møte, om ei veke. Her er ikkje programmet heilt klarlagt endå, men kjenner referent Programkomiteen rett, blir det ei råd.

Så blei vi, som var igjen, ønska vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth

 


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS