Sykkylven Rotary Klubb, bedriftsbesøk den 12. juni
2019.
Gardskjøkkenet, Fausadalen, Stranda, kl.19.
Skrivar:
Olav Pileberg
Innkommande president Petter Velle ønska vel møtt til dei mange frammøtte rotarianarane og gav vidare ordet til Kjell Roset, som brukte sin tilmålte halvtime på beste vis til å fortelje og svare på spørsmål om Gardskjøkkenet, http://www.matnorge.no/mr/Produsent.aspx?pid=26
bedrifta som han driv på farsgarden i Fausadalen saman med kona Iwona Uchal. Halkjellgarden 200, står det på det store, grå bustadhuset. Sonen
Emil har blitt «stor gut» og er snart for stor til å gå i barnehage i
Velledalen. Der likar han
seg så godt at foreldra nesten ikkje greier å halde han heime, sjølv om han er
sjuk! Men skulen står for døra. Lykke til, Emil!
Kjell Roset tykte det var triveleg at rotaryklubben
hadde «funne på å ta turen hit inn». Då faren vart sjuk for 25 år sidan måtte noko gjerast. Han
dreiv bedrift på Hellesylt, og den måtte avviklast. Kjell valde å ta over
garden på Fausa og bygge opp den. Litt attåtnæring fekk han som maskinkøyrar i
Sykkylven, i tillegg til å passe gard og grunn, og farte rundt og selje fisk.
Det var saktens nok å gjere! Gardsbedrifta var mellom dei første til å melde
seg inn i Bondens Marked, rett etter tusenårsskiftet,- for 16 år sidan. Det var
ikkje aktuelt å følgje opp ønske frå faren om eksport til utlandet. Som det er
no, sel Gardskjøkkenet veldig godt, i eit område frå Trondheim i nord til Oslo
i sør. Omsetnaden ligg på rundt 5 millionar kroner. Slett ikkje verst, for «produksjonslina»
Kjell, Iwona, Emil! I skrivande stund gjer Kjell den store sals-bilen klar for
å køyre til Lærdal, der Lærdalsmarknaden ventar: https://www.sognefjord.no/kva-skjer/laerdalsmarknaden-p1550953 Marknadsføringa går for det meste etter «munn til munn metoden». Kjell
møter mykje folk, og ordrane strøymer inn.
På andre
sida av den store driftsbygningen går ein stor flokk med ammegeiter. Desse får
nyte det gode liv ei tid, før dei lyt på bilen til Ole Ringdal, Hellesylt. Om
kvelden møter dei opp for å bli sleppte inn for overnatting. Garden har
framleis mjølkekvote for geit, men det er andre som brukar den.
Fisk,-
ørret, laks og vill-laks i sommarsesongen kjem frå lokale leverandørar, ferdig
slakta. Vill-laks frå kilenøter kan utgjere mellom 500-1000 kg i året. - Du
fileterer 1000 kilo på ein dag utan problem, men det skal gjerast, og avfallet
skal fraktast til godkjent mottak, seier Kjell. Produkt av vill-laks er ekstra
populært, men sesongvare. Storfjorden er dessutan ideell for oppdrettsanlegg.
Norsk Sjømat, Stranda, leverer det meste av oppdretts-fisken som vert foredla
på Gardskjøkkenet: Salta/ røkt, tørka, grava/ raka. Sjå heimeside frå linken
øvst i referatet. Her finn du sortiment og produkt «for einkvar smak»! Lista er
mykje, mykje lenger enn det referenten tek med i dette referatet.
På spørsmål om sal og produksjon opplyste Kjell at han og kona driv, handterer og står for det meste.
Biletet viser den eine av to dekorasjons-stolpar i eik; solide og vakre souvenirar frå ei av Kjell sine mange handelsreiser. Programsjef Kristin har treft blinken med bedriftsbesøket til Gardskjøkkenet!
"Fabrikken" der det meste av produksjonen går føre seg. Referenten er strålande nøgd etter dagens handel med Iwona: Varmrøykt krydderlaks.
Førebels er det ikkje aktuelt med å tilsetje fleire, etter som det
er lite vits i å hente inn folk på dårlege vegar, i konkurranse om
arbeidskrafta til pizzafabrikken på Stranda og Ekornes i Sykkylven! Etter
referenten si oppfatning er denne vesle bedrifta i Fausadalen eit strålande
døme på korleis det er mogeleg å oppretthalde eit lønsamt næringsliv i eit
grisgrendt land. Men infrastrukturen på kommunikasjon: gode vegar og godt
utbygd datanettverk, lyt vere på plass. Dette er basisfunksjonar som lyt ligge
i botnen for eit lønsamt næringsliv på 2000-talet. Det høyrer elles med til
historia at vegen til Fausadalen er under utbetring. Vi fekk køyre på nylagd
asfalt til Nysetra, og vegen vidare er under klargjering til fast dekke heilt
til enden, ved stupet mot Storfjorden! «Det er von i hangande snøre!»
Etter
orientering og smaksprøver av det høgst velsmakande og delikate slaget, var det
omvising i produksjonslokalet, der vognene sto med nyrøykt fisk, klar for
krydring og pakking. Emil var med heile tida, tydeleg nøgd med å få vere ekstra
lenge oppe med slike framandfolk på besøk. Petter (nesten President) takka vertskapet
for den overmåte interessante orienteringa og omvisinga i den vakre
sommarkvelden, og vi vel nøgde medlemmene frå Sykkylven Rotary Klubb sette
kursen heimover.
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.