Bedriftsbesøk til Gardskjøkkenet i Fausadalen, Stranda

Distrikts-Noreg på sitt beste: Vesle Emil, pappa Kjell Roset og mamma Iwona Uchal driv Gardskjøkkenet, ei blomstrande bedrift, takk vere energi, godt humør, pågangsmot og fagleg dugleik. Les vidare referat.

Sykkylven Rotary Klubb, bedriftsbesøk den 12. juni 2019.
Gardskjøkkenet, Fausadalen, Stranda, kl.19.

Skrivar: Olav Pileberg

Innkommande president Petter Velle ønska vel møtt til dei mange frammøtte rotarianarane og gav vidare ordet til Kjell Roset, som brukte sin tilmålte halvtime på beste vis til å fortelje og svare på spørsmål om Gardskjøkkenet, http://www.matnorge.no/mr/Produsent.aspx?pid=26

bedrifta som han driv på farsgarden i Fausadalen saman med kona Iwona Uchal. Halkjellgarden 200, står det på det store, grå bustadhuset. Sonen Emil har blitt «stor gut» og er snart for stor til å gå i barnehage i Velledalen. Der likar han seg så godt at foreldra nesten ikkje greier å halde han heime, sjølv om han er sjuk! Men skulen står for døra. Lykke til, Emil!


Kjell Roset tykte det var triveleg at rotaryklubben hadde «funne på å ta turen hit inn». Då faren vart sjuk for 25 år sidan måtte noko gjerast. Han dreiv bedrift på Hellesylt, og den måtte avviklast. Kjell valde å ta over garden på Fausa og bygge opp den. Litt attåtnæring fekk han som maskinkøyrar i Sykkylven, i tillegg til å passe gard og grunn, og farte rundt og selje fisk. Det var saktens nok å gjere! Gardsbedrifta var mellom dei første til å melde seg inn i Bondens Marked, rett etter tusenårsskiftet,- for 16 år sidan. Det var ikkje aktuelt å følgje opp ønske frå faren om eksport til utlandet. Som det er no, sel Gardskjøkkenet veldig godt, i eit område frå Trondheim i nord til Oslo i sør. Omsetnaden ligg på rundt 5 millionar kroner. Slett ikkje verst, for «produksjonslina» Kjell, Iwona, Emil! I skrivande stund gjer Kjell den store sals-bilen klar for å køyre til Lærdal, der Lærdalsmarknaden ventar: https://www.sognefjord.no/kva-skjer/laerdalsmarknaden-p1550953  Marknadsføringa går for det meste etter «munn til munn metoden». Kjell møter mykje folk, og ordrane strøymer inn.

På andre sida av den store driftsbygningen går ein stor flokk med ammegeiter. Desse får nyte det gode liv ei tid, før dei lyt på bilen til Ole Ringdal, Hellesylt. Om kvelden møter dei opp for å bli sleppte inn for overnatting. Garden har framleis mjølkekvote for geit, men det er andre som brukar den.


Fisk,- ørret, laks og vill-laks i sommarsesongen kjem frå lokale leverandørar, ferdig slakta. Vill-laks frå kilenøter kan utgjere mellom 500-1000 kg i året. - Du fileterer 1000 kilo på ein dag utan problem, men det skal gjerast, og avfallet skal fraktast til godkjent mottak, seier Kjell. Produkt av vill-laks er ekstra populært, men sesongvare. Storfjorden er dessutan ideell for oppdrettsanlegg. Norsk Sjømat, Stranda, leverer det meste av oppdretts-fisken som vert foredla på Gardskjøkkenet: Salta/ røkt, tørka, grava/ raka. Sjå heimeside frå linken øvst i referatet. Her finn du sortiment og produkt «for einkvar smak»! Lista er mykje, mykje lenger enn det referenten tek med i dette referatet.

På spørsmål om sal og produksjon opplyste Kjell at han og kona driv, handterer og står for det meste.


Biletet viser den eine av to dekorasjons-stolpar i eik; solide og vakre souvenirar frå ei av Kjell sine mange handelsreiser. Programsjef Kristin har treft blinken med bedriftsbesøket til Gardskjøkkenet!


"Fabrikken" der det meste av produksjonen går føre seg. Referenten er strålande nøgd etter dagens handel med Iwona: Varmrøykt krydderlaks. 

Førebels er det ikkje aktuelt med å tilsetje fleire, etter som det er lite vits i å hente inn folk på dårlege vegar, i konkurranse om arbeidskrafta til pizzafabrikken på Stranda og Ekornes i Sykkylven! Etter referenten si oppfatning er denne vesle bedrifta i Fausadalen eit strålande døme på korleis det er mogeleg å oppretthalde eit lønsamt næringsliv i eit grisgrendt land. Men infrastrukturen på kommunikasjon: gode vegar og godt utbygd datanettverk, lyt vere på plass. Dette er basisfunksjonar som lyt ligge i botnen for eit lønsamt næringsliv på 2000-talet. Det høyrer elles med til historia at vegen til Fausadalen er under utbetring. Vi fekk køyre på nylagd asfalt til Nysetra, og vegen vidare er under klargjering til fast dekke heilt til enden, ved stupet mot Storfjorden! «Det er von i hangande snøre!»

Etter orientering og smaksprøver av det høgst velsmakande og delikate slaget, var det omvising i produksjonslokalet, der vognene sto med nyrøykt fisk, klar for krydring og pakking. Emil var med heile tida, tydeleg nøgd med å få vere ekstra lenge oppe med slike framandfolk på besøk. Petter (nesten President) takka vertskapet for den overmåte interessante orienteringa og omvisinga i den vakre sommarkvelden, og vi vel nøgde medlemmene frå Sykkylven Rotary Klubb sette kursen heimover.  

 


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS