Referat frå Rotarymøte
19.06.2019:
Vårt nye rotaryven, Arild Sporsheim heldt sitt ego/yrkesforedrag. Foredraget var interessant og personlig. Arild viste bilder frå barndommen og heilt fram til våre dager. 3- minutt var ved Hallgeir Lade som fortalte om Trio Beslag.
President
Greta ønska alle vel møtt til dette nest siste møte i Presidentperioden. Ingen
gjester i dag, men vår nye rotaryven, Arild Sporsheim ville halde sitt ego/yrkesforedrag.
Først litt om dagen: Erling og Elling har namnedag.
Namna er visst avleda av ætling eller etterkommer etter Jarl.
Så til
«gamle dager»: I 1179 vann Sverre Sigurdson (kong Sverre) over Magnus Erlingson
i slaget ved Kalveskinnet.
Bilder under: 3 eminente fysikere som har bursdag 19. juni: Aage Bohr, Niels Bohr og Blaise Pascal.
Bursdager:
Filosof og fysiker, Blaise Pascal født i 1623. Den danske fysiker Aage Niels
Bohr født i 1922. Han fikk Nobels fysikkpris i 1975. Aage er son av Niels Bohr.
Arbeidet til Niels har vore av vital betydning for moderne fysikk.
I 1936 fikk
vi «Lov om Arbeidsvern». Denne blei revidert i 1956, og blei til slutt «Arbeidsmiljølova»
i 1977.
I 2001 blei
vår store maler, Edvard Munch avbilda på 1000- kroners seddelen.
Litt
romantikk til slutt: I 1976 gifta kong Carl Gustav seg med sin Silvia. I 1999
gifta prins Edvard i Storbritannia seg med sin Sofie.
Ord for dagen frå Salomo sine ordtak: «Lær oss å
telle våre dager, så vi kan få visdom i hjartet».
Rotarysong: Sidan trubadur Olav seiler på Donau, sørga vi for song sjølve:
Det blei den fine og melodiske: « Det som eingong var». Denne er avleda av ein
skotsk folketone.
I sekretæren sitt fråver, fortalte president
Greta at ved bedriftsbesøket i Fausadalen var 18 frammøtte. Medrekna
permisjonar og fritak gav dette ein frammøteprosent på 50. Elles ingen
bursdager komande veke.
3- minutt ved Hallgeir: Han fortalte om arbeidsplassen sin
Trio Beslag. Firmaet blei stifta i 2006, og frå 2008 har dei spesialisert seg på
rekkverk, og særleg då glasrekkverk. Saman med eit firma i Molde er Trio eit av
dei få norske firma i sitt slag.
I des. 2018,
flytta dei til Hjellegjerdebygget der dei disponerer 600 m2. Det er ansatt 3
montører og ein mann i produksjonen. Hallgeir sjøl er som ein adm. dir. med
ansvar for salg, innkjøp og administrasjon.
Trio har
jevnt med arbeid året rundt, men i sommerhalvåret er det mest private kunder.
Av større jobber, nemnte Hallgeir rekkverk til 70 altaner i ei sjukehusblokk på
Åse.
Tilslutt
fortalte Hallgeir at dei har ein litt spesiell jobb i sikte. Dei skal bygge
trapper i stål og aluminium til eit kraftverk. Den blir ganske så bratt, heile
45 grader.
Hallgeir
avrunda med at i fjor hadde dei omsetning på 10 mill. kroner, med 1 mill. i
overskot etter skatt.
Grei og
oversiktlig info frå Hallgeir.
Ymse: President Greta fortalte at vi nettopp
har hatt styremøte. Det viste seg at det fortsatt mangla overnattingsplasser og
sjåfører til Sommercamp 8. – 10. august. Til no er 5 av 12 plasser klare.
Coop tek over
Sparebankbygget. Greta vil gå i forhandling om vi kan fortsette å nytte
Sparebanksalen, og til same gunstige vilkår.
Eit sterkt forhandlingskort vil vere å tilby seg å flytte SRK sin konto til
MEGA.:-)
Før Arild
sitt foredrag fikk vi servert god både kaffe og sjokoladekaker. Fin innsats av
serveringskomiteen.
Ego/yrkesforedrag:
Vår nye
rotaryven, Arild opna med å vise bilde av stolte foreldre med nyfødt Arild (f. 21. april 1977). Mor er Julianne
Myklebust frå Ørsta og far, Halvor Inge Sporsheim frå Gossen. Arild vaks opp i
Vestnes, og etterkvart kom brorane, Inge i 1979 og Per Kristian i 1982. Til
sist, kom den etterlengta jenta, Ann Kristin i 1989.
Arild fortel
at han hadde ein fin og aktiv barndom i Vestnes. Han bodde ikkje så langt frå
Vestneshallen der han dreiv med forskjellige aktiviteter. Men den store hobbyen
var/er bygging av modellfly. Han har
laga 500 eksemplar av ein flyvinge og desse har han selt mange av.
Under
opphald på Internatskule i Torviktbukt, møtte han ho som seinare skulle bli kona,
Grete. Ho er frå Fræna. Dei begynte
å vere i lag som 16- åringer og gifta seg relativt unge som 20- åringer. Etter
kvart kom barna, Daniel og Miriam. Og som med Arild sine foreldre, sørga Grete
og Arild for ein attpåklatt, Simon. Til sist har familien tatt til seg ei
fosterjente, Ellen. No er dei ein storfamilie på 6.
Bilde: Arild og Grete ved Årsfest 2019 og opptak av Arild som nytt Rotarymedlem.
Så vidt
referent forstår, fortsetter Daniel den fine tradisjonen med tidlig giftemål,
han vil gifte seg eller har gifta seg som 21- åring.
Grete og Arild
har budd i Helledalen. Der fikk dei veldig god kontakt og hjelp av medlemane i Vineyard. Seinare flytte dei til
til Hans Lillevik-huset på Ørsneset. Her bur dei fortsatt, og med flott utsikt innover
Sykkylvsfjorden og utover Storfjorden.
Når det gjeld
yrkeskarriere, var det så vidt
referent forstår, planer om å gå Teknisk Fagskule . Eg er ikkje sikker på om
dette blei noko av. I alle fall begynte Arild på Hjellegjerde Fabrikker. Her starta
han på «gølvet», men avanserte etter kvart til tillitsvalgt og til ei delt
formannstilling. Videre blei han produktutvikler og produktutviklingssjef.
Trass i fin
karriere ved Hjellegjerde, bestemte Arild seg for å søke stilling som
Kyrkjeverge i Sykkylven i 2009. Han hadde bakgrunnskunnskap frå verv som medlem
og leier i Soknerådet. I 2010 fekk han jobben. Etter dette har det, i følge
Arild, vore ei bratt læringskurve. Men referent har inntrykk av at han trives i
jobben. I 2017 supplerte han med å ta mastergrad i «Verdibasert ledelse». Dette
studiet hadde då vart over 4 år. Arild har fått økonomisk støtte til studien,
og føler elles at administrasjonen i kirka har vore veldig positive og
velvillige til studiet.
Det har kome
mange nye landmenn, og Arild har vore opptatt av å få til ein toveis
integrering.
Det er ikkje
fritidsproblem. Arild er verva som brannmann til Sykkylven Brannkorps. Kjekt,
men det går mykje fritid. Elles har han båt som han nytter når han/dei har tid.
Avslutningsvis
fortel Arild at han og familien, som ledd i sitt liv som kristne, årlig dreg på
tur med campingvogn til Justøy Bibelcamping.
Arild gler
seg til å bli bedre kjent med medlemmane i SRK. Særleg synes han det er
verdifullt å få ein kommunikasjon over generasjonane. Arild er berre 42 år, så
mange av oss, kunne for alderen sin del, vore far (eller mor) hans.
Arild har
Jesus som forbilde og dei altruistiske ideala til Rotary samsvarer godt med
dette forbilde.
Ei flott,
interessant og frimodig foredrag. Referent trur han har dei fleste med seg når
han skriv at SRK vil få stor nytte og glede av Arild i åra framover.
President
Greta takka for det flotte foredraget, minte så om Presidentskifte neste onsdag,
og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
9. september 2017
Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".
5. september 2017
Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.
5. september 2017
Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.
29. juni 2017
Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.
26. juni 2017
Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.
17. juni 2017
Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".
13. juni 2017
Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.
22. april 2017
Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.
8. april 2017
Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.
1. april 2017
Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.