Rotarymøte 19.06.2019.




Referat frå Rotarymøte 19.06.2019:

Vårt nye rotaryven, Arild Sporsheim heldt sitt ego/yrkesforedrag. Foredraget var interessant og personlig. Arild viste bilder frå barndommen og heilt fram til våre dager. 3- minutt var ved Hallgeir Lade som fortalte om Trio Beslag.

President Greta ønska alle vel møtt til dette nest siste møte i Presidentperioden. Ingen gjester i dag, men vår nye rotaryven, Arild Sporsheim ville halde sitt ego/yrkesforedrag.

Først litt om dagen: Erling og Elling har namnedag. Namna er visst avleda av ætling eller etterkommer etter Jarl.

Så til «gamle dager»: I 1179 vann Sverre Sigurdson (kong Sverre) over Magnus Erlingson i slaget ved Kalveskinnet.

Bilder under: 3 eminente fysikere som har bursdag 19. juni: Aage Bohr, Niels Bohr og Blaise Pascal.


Bursdager: Filosof og fysiker, Blaise Pascal født i 1623. Den danske fysiker Aage Niels Bohr født i 1922. Han fikk Nobels fysikkpris i 1975. Aage er son av Niels Bohr. Arbeidet til Niels har vore av vital betydning for moderne fysikk.

I 1936 fikk vi «Lov om Arbeidsvern». Denne blei revidert i 1956, og blei til slutt «Arbeidsmiljølova» i 1977.

I 2001 blei vår store maler, Edvard Munch avbilda på 1000- kroners seddelen.


Litt romantikk til slutt: I 1976 gifta kong Carl Gustav seg med sin Silvia. I 1999 gifta prins Edvard i Storbritannia seg med sin Sofie.

Ord for dagen frå Salomo sine ordtak: «Lær oss å telle våre dager, så vi kan få visdom i hjartet».

Rotarysong: Sidan trubadur Olav  seiler på Donau, sørga vi for song sjølve: Det blei den fine og melodiske: « Det som eingong var». Denne er avleda av ein skotsk folketone.

I sekretæren sitt fråver, fortalte president Greta at ved bedriftsbesøket i Fausadalen var 18 frammøtte. Medrekna permisjonar og fritak gav dette ein frammøteprosent på 50. Elles ingen bursdager komande veke.

3- minutt ved Hallgeir: Han fortalte om arbeidsplassen sin Trio Beslag. Firmaet blei stifta i 2006, og frå 2008 har dei spesialisert seg på rekkverk, og særleg då glasrekkverk. Saman med eit firma i Molde er Trio eit av dei få norske firma i sitt slag.

I des. 2018, flytta dei til Hjellegjerdebygget der dei disponerer 600 m2. Det er ansatt 3 montører og ein mann i produksjonen. Hallgeir sjøl er som ein adm. dir. med ansvar for salg, innkjøp og administrasjon.

Trio har jevnt med arbeid året rundt, men i sommerhalvåret er det mest private kunder. Av større jobber, nemnte Hallgeir rekkverk til 70 altaner i ei sjukehusblokk på Åse.

Tilslutt fortalte Hallgeir at dei har ein litt spesiell jobb i sikte. Dei skal bygge trapper i stål og aluminium til eit kraftverk. Den blir ganske så bratt, heile 45 grader.

Hallgeir avrunda med at i fjor hadde dei omsetning på 10 mill. kroner, med 1 mill. i overskot etter skatt.

Grei og oversiktlig info frå Hallgeir.

Ymse: President Greta fortalte at vi nettopp har hatt styremøte. Det viste seg at det fortsatt mangla overnattingsplasser og sjåfører til Sommercamp 8. – 10. august. Til no er 5 av 12 plasser klare.

Coop tek over Sparebankbygget. Greta vil gå i forhandling om vi kan fortsette å nytte Sparebanksalen, og til same gunstige  vilkår. Eit sterkt forhandlingskort vil vere å tilby seg å flytte SRK sin konto til MEGA.:-)

Før Arild sitt foredrag fikk vi servert god både kaffe og sjokoladekaker. Fin innsats av serveringskomiteen.

Ego/yrkesforedrag:

Vår nye rotaryven, Arild opna med å vise bilde av stolte foreldre med nyfødt Arild (f. 21. april 1977). Mor er Julianne Myklebust frå Ørsta og far, Halvor Inge Sporsheim frå Gossen. Arild vaks opp i Vestnes, og etterkvart kom brorane, Inge i 1979 og Per Kristian i 1982. Til sist, kom den etterlengta jenta, Ann Kristin i 1989.

Arild fortel at han hadde ein fin og aktiv barndom i Vestnes. Han bodde ikkje så langt frå Vestneshallen der han dreiv med forskjellige aktiviteter. Men den store hobbyen var/er bygging av modellfly. Han har laga 500 eksemplar av ein flyvinge og desse har han selt mange av.

Under opphald på Internatskule i Torviktbukt, møtte han ho som seinare skulle bli kona, Grete. Ho er frå Fræna. Dei begynte å vere i lag som 16- åringer og gifta seg relativt unge som 20- åringer. Etter kvart kom barna, Daniel og Miriam. Og som med Arild sine foreldre, sørga Grete og Arild for ein attpåklatt, Simon. Til sist har familien tatt til seg ei fosterjente, Ellen. No er dei ein storfamilie på 6.


Bilde: Arild og Grete ved Årsfest 2019 og opptak av Arild som nytt Rotarymedlem.

Så vidt referent forstår, fortsetter Daniel den fine tradisjonen med tidlig giftemål, han vil gifte seg eller har gifta seg som 21- åring.

Grete og Arild har budd i Helledalen. Der fikk dei veldig god kontakt og hjelp av  medlemane i Vineyard. Seinare flytte dei til til Hans Lillevik-huset på Ørsneset. Her bur dei fortsatt, og med flott utsikt innover Sykkylvsfjorden og utover Storfjorden.

Når det gjeld yrkeskarriere, var det så vidt referent forstår, planer om å gå Teknisk Fagskule . Eg er ikkje sikker på om dette blei noko av. I alle fall begynte Arild på Hjellegjerde Fabrikker. Her starta han på «gølvet», men avanserte etter kvart til tillitsvalgt og til ei delt formannstilling. Videre blei han produktutvikler og produktutviklingssjef.

Trass i fin karriere ved Hjellegjerde, bestemte Arild seg for å søke stilling som Kyrkjeverge i Sykkylven i 2009. Han hadde bakgrunnskunnskap frå verv som medlem og leier i Soknerådet. I 2010 fekk han jobben. Etter dette har det, i følge Arild, vore ei bratt læringskurve. Men referent har inntrykk av at han trives i jobben. I 2017 supplerte han med å ta mastergrad i «Verdibasert ledelse». Dette studiet hadde då vart over 4 år. Arild har fått økonomisk støtte til studien, og føler elles at administrasjonen i kirka har vore veldig positive og velvillige til studiet.

Det har kome mange nye landmenn, og Arild har vore opptatt av å få til ein toveis integrering.

Det er ikkje fritidsproblem. Arild er verva som brannmann til Sykkylven Brannkorps. Kjekt, men det går mykje fritid. Elles har han båt som han nytter når han/dei har tid.

Avslutningsvis fortel Arild at han og familien, som ledd i sitt liv som kristne, årlig dreg på tur med campingvogn til Justøy Bibelcamping.

Arild gler seg til å bli bedre kjent med medlemmane i SRK. Særleg synes han det er verdifullt å få ein kommunikasjon over generasjonane. Arild er berre 42 år, så mange av oss, kunne for alderen sin del, vore far (eller mor) hans.

Arild har Jesus som forbilde og dei altruistiske ideala til Rotary samsvarer godt med dette forbilde.

Ei flott, interessant og frimodig foredrag. Referent trur han har dei fleste med seg når han skriv at SRK vil få stor nytte og glede av Arild i åra framover.


President Greta takka for det flotte foredraget, minte så om Presidentskifte neste onsdag, og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth 



 
Sykkylven Røde Kors

15. november 2024

Sykkylven Røde Kors

Onsdag 13. november fekk vi besøk av Sykkylven Røde Kors ved Jon Erdal som fortalde om alt det flotte arbeidet dei gjer for bygda både innan omsorg og i hjelpekorpset. Vi fekk eit godt innsyn i det viktige arbeidet dei gjer.

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

22. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Rotary held fram kampen mot polio –
Rotary-klubber verden over held fram kampen mot polio, og no har innbyggjarane i Stranda og Sykkylven ei unik moglegheit til å bidra. Ved å gi til lokalt Vipps-nummer 134399 kan du bidra.

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

20. oktober 2024

Høyr Bill Gates oppfordre oss til å bidra til Polioaksjonen

Hvert bidrag teller i kampen mot polio! Visste du at når du gir penger til Polio plus, tredobles effekten av din gave? For hver krone du gir, matcher Bill og Melinda Gates med to kroner. Sammen kan vi stoppe polio én gang for alle! Vipps til 134399

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

19. oktober 2024

Hjelp Rotary med å utrydde polio nå!

Fare for internasjonal spredning gjør fortsatt polio til en internasjonal folkehelsekrise, sier Verdens helseorganisasjon (WHO), som har som mål å utrydde polio innen 2027. Så lenge det fortsatt er i polio i verden, er det fare for spredning.

Anita gir polio et ansikt

17. oktober 2024

Anita gir polio et ansikt

«Polio er en fryktelig sykdom», sier Anita. Det er smerter, lammelser, operasjoner, seinskader. Kort sagt mye «tapt liv». «Vi må gjøre alt vi kan for å utrydde Polio!», fortsetter hun.

Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS