Presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb 26.06.2019

.


Referat frå Rotarymøte og presidentskifte 26.06.2019:

Då var det siste møtet til president Greta. No tek Petter over og vi kan titulere han som President Petter. Det heile blei feira med kaffe og marsipankake. Elles fortalte Olav frå turen sin på Donau. Les om dette i referatet.

President Greta ønske vel møtt til ein dag ho kanskje har sett fram til,  Presidentskifte. No var det siste gang ho kunne titulere seg som President i Sykkylven Rotaryklubb.

Vanlig møterutine: Litt om dagen i dag: Jenny, Johanne og Johnny har namnedag. I 1824 blei fysikeren Kelvin født. 0 (null) Kelvin er minus 273,15 grader Celcius. Då vil 0 grader Celcius bli 273,15 grader Kelvin. Så fleire fysiskere: Bjørn Johan Landmark født i 1927. Leia norsk romfart på 1980- talet. I 1937 blei første helikopter presentert av Focke - Wolf i Tyskland.

Så til noko som er viktig for Rotary: FN- pakta blei underskriven i 1945 i San Fransisco av 50 land. Rotary er som kjent tungt inne i danninga av FN.

Komponist Per Egil Hovland født i 1947.

Britisk Somaliland og Madagaskar fekk sjølstende i 1959.

Og til slutt i 1963 på denne dato: President John F. Kennedy sin legendariske: «Ich bin ein Berliner.» Bra han ikkje sa det samme om Hamburg.

Til slutt typisk dansk humor: «Den syke gjør et dårlig valg dersom han gjør sin lege til enearving.»

Trubadur Olav var tilbake etter seilas på Donau. Kva passer bedre ved Presidentskifte enn Rotarysong ved Henrik Straumsheim? Olav spela piano til den flotte sangen.

Så hadde sekretæren vår gjennom 6 til 7 år, Knut Henning trassa ein travel kvardag og kunne forkynne at det er Geir B og han sjøl som står for tur til BUAS-besøk. Forrige møtet var det 24 frammøtte med permisjoner gav det 54 % frammøte.

Ingen bursdager komande veke, men elles er juli, ein god bursdagsmånad: Roger 55 år, Ove 79 år, president Petter 68 år, Knut Jarle 55 år og til sist, men ikkje minst, avtroppende president Greta 70 år (!). Gratulerer på førehand!

Knut Henning blei takka av med velfortjente blomster. Sameleis med leieren i Programkomiteen, Kristin.


Olav hadde tatt på seg «turskildringshatten». Han har som nemnt nettopp kome heim frå ein seilas på sjølvaste Donau. Det hadde sjølsagt vore ein innhaldsrik tur. Derfor var det vanskelig i løpet av ei begrensa tid å ta for seg alt. Han valgte derfor ein tur på ei stor sluse, der båten «Leonora» blei senka ned 20 m. 


Slusanlegget blir kalla Gabicokovo – Nagymaros og kom til ved ein avtale mellom Slovakia og Ungarn. Seinare blei det dissens om denne avtalen. Ungarn forsøkte å trekke seg, men etter rettsaker heilt til Den Internasjonale Domstolen i Haag, blei det bestemt at landet ikkje kunne gjere dette. Slusanlegget blir nytta til kraftproduksjon og som flomvern. Olav viste video og bilder frå turen ved dette slusanlegget.

Ymse: CYEO Ingjerd orienterte om stoda ang. Sommercamp. Det begynner å lage seg til med overnattinger, men fortsatt mangler det sjåfører desse dagene. Men, så vidt eg forstår av Ingjerd, er dette også i ferd med å gå (køyre) seg til.

Til Rotarykaffi  spanderte president Greta  marsipankake og kaffi. Søtt og gødt.


Så var det tid for sjølve presidentskifte: Først held Greta ei lita oppsummering av sitt presidentår. Ho fortalte at ho for 4 år sidan kom til ein velfungerende klubb, og dette synes ho fortsatt er tilfelle. Ho er godt nøgd med sitt presidentår og ramsa opp dei ulike prosjekta vi har gående. Eit forhold, som kanskje vi kan jobbe med i framtida, er fleire samlinger saman med ektefeller/samboere. Elles, noko som referent erfarte i si tid som president, eit litt uoversiktelig og omstendelig dataopplegg i Rotary.


Så blei kjedet overrakt den nye president, Petter. Han takka så mykje og roste Greta for ein flott innsats som president. Han forkynte at det blir ikkje nokon palassrevolusjon i hans tid, men vil følge opp dei prosjekta vi allereie har. Han føler seg komfortabel med Rotary og dei ideala organisasjonen står for, men fortsatt at han ikkje har kome organisasjonen «under huda».

Verdig avslutning med Kårstein Blindheim sin «Rotarysong».

Pr/info- komiteen vil nytte høvet til å takke Greta for flott og proff innsats som President. Vi ønsker ho lykke til i sitt nye verv som assisterende guvenør i området Søre Sunnmøre.


Så ønsker vi Petter lykke til i sitt høge verv som President i Sykkylven Rotaryklubb!

 

Referent 

Jarle Svindseth


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS