Summercamp ved
Sykkylven Rotaryklubb 8., 9. og 10 august -19.
Sykkylven Rotaryklubb fekk celebert besøk av 12 ungdomer frå 10 forskjellige land. Sjå bilder og les eit lite resyme av programmet ved Summercampen.
Sist SRK hadde besøk i samband med Summercamp var i 2012. No var det tid for eit nytt besøk. Denne gong 12 ungdomar frå 10 forskjellige land: Spania, Nederland, Italia, Belgia, Ungarn, Romania, Sveits, Taiwan, Tyrkia og Tjekkia. Som dei fleste i Klubben veit, er dette eit globalt rotaryprogram der dei ulike klubbane stiller opp med innkvartering og program. Sidan det er 33000 klubber i meir enn 200 land, blir det mange ungdomar som får seg ei stor oppleving i 2 veker. Og dette er fredsarbeid: Det er lite sannsynlig at ungdomar som har besøkt kvarandre i ulike land, vil gå til krig mot kvarandre ved seinare høve.
Her er dei 12 flotte ungdomane:
Bak frå ve.: Alba, frå Spania. Nadine, frå Nederland. Isabella, frå Italia. Cesar, frå Belgia. Tudor, frå Romania. Lukas frå Sveits. Framme: Evelien, frå Belgia. I-Husuan Li (Judy), frå Taiwan. Eda, frå Tyrkia. Petra, frå Ungarn. Kneståande: Jakub, frå Tjekkia og Riccardo frå Italia.
CYEO Ingjerd,med
komite, hadde lagt ned eit stort arbeid i planlegginga av 3 dagers
opphaldet.
Torsdag 8.
august stilte Hallstein med minibuss, og
ferda gjekk til Ørskogfjellet for å hente dei 12 som var innkvarterte ved
ei hytte der. Videre over fjorden til Stranda og Strandafjellet. Dessverre var
det litt tåkete, så utsikta var ikkje den beste då vi tok heisa opp til
Pavilliongen på Roalden. Her var det god lunsj med Pepperlaks og grønsaker. Alt
lokale og kortreiste råvarer, sjølsagt.
Bilde over: Alle samla ved Pavilliongen på Roalden 1046 m over havet.
Bilde i midten til ve.: Vardebygging på Roalden. Byggherrer: Cesar. Lukas og Tudor.
Bilde til hø.: Alba med venniner forsøker å slappe av, men litt kjøligere enn i Spania.
Bilde til ve.: President Petter må vi ha med, her saman med Lukas. Hø.: Av og til litt revne i tåka slik vi skimta Stranda.
Neste på
programmet var besøk ved Ekornes Fabrikker. Her fekk vi ei grundig og
interessant omvisning. Vi fekk følge Stresslessproduksjon frå stål og treverk
til stolen var heilt ferdiglaga og blei pakka og gjort klar til å sendast med
skip til det store utland. Ein svært flink omviser (referent trur han heiter
Martin og er frå Tyskland, men har budd i Norge i 10 år.)
Bilde over til ve.: Ved Ekornes Fabrikker. Hø:: Martin viser modell over Fabrikken.
Bilde under til ve.: Passer godt å teste liggekomforten. Hø.: Tudor og Petra ved grunderen Jens.
Klubben vår
hadde innkvarting privat, og dei ulike deltakarane blei fordelt mellom
vertsfamiliene. Då var det godt å kome i hus, få seg litt mat og slappe av.
Bilde: Litt mat må til, men ikkje for mykje, det er pizza seinere. Cesar, Riccardo og Lukas hos Jarle.
Ved slike
arrangement er det viktig å vere litt fleksibel. Det var planlagt tur til
Ramstadkaia same kveld, men då veret var heller grått og trist, fann Ingjerd,
Petter og Greta at ein kunne rokere på programmet. Neste dag var det meldt
flott ver, og det ville då høve godt å ta ein tur med grilling og fisking. Det
blei derfor pizzamiddag ved Berlihuset denne første kvelden. Referent la merke
til at stemninga mellom ungdomane var på topp. Dei gjorde såpass ære på maten
at vi diskuterte om vi skulle bestille meir. Etter råd frå ungdomane, slapp vi
det.
Bilde: Torsdagskvelden på Berlihuset med pizza. Den såg ut til å falle i smak. Bilde til hø.: Eda frå Tyrkia som no er på sin 4. summercamp.
Etter ei,
forhåpentligvis god natts søvn, var det besøk hos Griff Aviation på Vikøyra.
Også her veldig interessant orientering om dette pionerprosjektet. Dessverre
var vedkommende som kunne styre dronane heime med sjukt barn, slik at det mest
spetaktulære falt bort.
Så fortsatte
ferda over brua og fjorden. Vi hadde litt god tid og fekk sjå Jan sin flotte
trebåt og naust.
Bilde: "Gutta boys" utan for heimen til referent. Hø.: Ombord i Jan si flotte fiskeskøyte.
Referent
måtte her forlate Summercampen. Men det vidare programmet var lunsj ved
Bistroen, og for å forbrenne litt av kaloriane, var det tur til Vassætra.
Solide kneiker som måtte forserast. Men så vidt eg forstår, gjekk det greit for
dei fleste.
Ein virkelig
«høydare» var kveldsturen til Ramstadkaia med fisking og grilling. Her fikk ein
igjen for å vere smidig med programmet. Superflott ver. Heilt vindstille.
Fisking med kastetroe var visst heller ikkje resultatlaust. Om det var småsei
eller makrell veit ikkje referent, med sikkert ei kuriøs oppleving for mange.
Grillinga var i dei aller beste hender med proffe Olaf frå klubben vår.
Bilde: Frå Ramstadkaia med max ver for fisking og grilling. Sjå Olaf sin flotte mundur! (Bilder tatt av Oddhild).
Laurdag 10.
var avskjedsdagen då ungdomane blei sendt vidare til neste rotaryklubb over
fjorden. Men først litt program på tampen: Besøk i kirka vår med omvisning av kyrkjelydsarbeider,
Katrin Numme, og besøk ved Bronsealderhuset på Auremarka.
Bilde: Ingen tvil om kor ungdomane er: Frå ve.: Lukas (Sveits), Tudor (Romania), Jakub (Tjekkia), Eda (Tyrkia), Alba (Spania) Evelien (Belgia), Isabella (Italia), Petra (Ungarn), Nadine (Nederland), "Judy" (Taiwan), Cesar (Belgia) og Riccardo (Italia).
Etter
tilbakemeldingene å dømme var Summercampbesøket hos SRK usedvanlig vellykka.
Dette takka vere Ingjerd med komite som hadde gjort ein super jobb i
planlegginga. Programmet denne gongen kan ein sikkert nytte ved neste besøk om
nokre år.
Etter den
gode stemninga som var mellom ungdomane å dømme, trur eg det er lite sjanse for
at det blir noko konflikt mellom dei i framtida.
Referent
Jarle
Svindseth
3. mai 2016
Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.
24. februar 2016
I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no
20. oktober 2015
Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes
9. juli 2015
Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten
21. mars 2015
Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.