Rotarymøte 21.08.19: Kreftkoordinator i Sykkylven: Tone Tandstad

Referat frå Rotarymøte 21.08.19:

Kreftkoordinator i Sykkylven, Tone Tandstad heldt eit interessant og opplysende foredrag i Sykkylven Rotaryklubb. Ho fortalte at jobben er å vere kontaktledd mellom pasient, sjukehus og fastlege.

Dette var første møte til president Petter. Han ønska vel møtt, og spesielt til kvelden sin gjest og foredragshaldar, Tone Tandstad. Applaus!

Dagen sin dato:

Tradisjonen tru, tok president Petter for seg noko av det som har hendt denne datoen: Ragnvald og Ragna har namnedag. Vi er inne i august og namnet kjem frå keiser Augustus som var første keiseren i Romerriket. Han starta si gjerning 7 f. Kr. Vi kjenner han frå Juleevangeliet. Han var keiser då Jesus blei født.

I 1847 blei St. Olavs Orden stifta av Oskar 1. Så nokre bursdager for følgende musikere: Jazzpianist Count Basie f. 1904. Bodil Niskin f. 1954 og Leif Ove Andsnes f. 1970.

Så ei lokal historie: I 1931 blei det, utanfor Brønnøysund, arrestert ein båt med ikkje mindre enn 20000 liter sprit.  Ein fann også papirer på denne store bestillinga som var underteikna av Martin Welle. Både båt og mannskap blei satt i arrest, og både dei og Martin Welle fekk, etter pengeverdien den tid, ei gigantisk bot på heile 30000 kr. Men Martin såg ikkje mørkt på dette. Han sa til retten: «Dåkke skal få kvar ei krone så snart eg får mjølkepengane». Sett på bakgrunn av at han hadde kun ei ku, var vel betalingsevna litt optimistisk.

Sekretær:

Vår nybakte sekretær, Kristin kunne forkynne at det er Odd Jostein og Trygve sin tur til BUAS-besøk. Ingen bursdagar komande veke. Kristin følte seg såpass fersk i «gamet» at ho ikkje tok sjansen på å rekne ut frammøteprosenter. Opplæring til dette vil sikkert forhenværende sekretær, Knut Henning ta seg av.

3- minutt:

Kristin stod også for kvelden sin 3 minutt: Ho er leier for fotballgruppa i VRF. Kristin skisserte følgende problemstilling: Det blir færre og færre barn som spelar fotball i bygda. Då er det logisk at dei ulike laga i bygda slår seg saman. Men fotballkretsen vil ikkje at ein klubb skal bestå av blanda lag. Sykkylven Idrettslag (SIL) og fotballgruppa her vil at alle skal bli medlem av SIL, også overbygningsklubben FK Sykkylven. Dette, forstår referent, er det ikkje den heilt store entusiasmen for, særleg utkantane av bygda. Fotballfolket har forholdsvis kort tid til å bli samde om ei løysing: 1/1 – 2020.

Ymse frå presidenten: Petter rosa dei som hadde vore med å gjere Summercamp, og besøk av dei 12 flotte ungdomane, til ein suksess. Særleg fikk CYEO, Ingjerd stor og velfortjent fagnad.

Bilde under: Ve.:  Frå pizzamiddag på Berlihuset, og til hø.: Ved Pavilliongen på Roalden.


Når det gjaldt transport, kom SRK billig frå det. Turen blei sponsa av FRAM. Vi betaler kun ferjebillettene.     

Forrige president Greta har fylt 70 år sidan sist, og klubben spanderte blomster. Greta nytta høvet til å takke for buketten.

Stranda Rotaryklubb fyller 60 år i år. Feiringa blir 28. september. SRK er fadderklubb, og det er vel naturleg at vi gjer ære på strandarane med godt frammøte. Vi kjem tilbake til denne saka ved Styremøte, 4. september.

Så var det rotarykaffi med gode rundstykker til.

Kreftkoordinator Tone Tandstad:

Kvelden sin gjest, Tone Tandstad fortalte at ho har 50 % stilling som «vanlig» heimesjukepleier og 50 % som kreftkoordinator i Sykkylven. Den siste stillinga er relativt ny, så vidt referent husker, 6 år. Første åra blei halvparten av løna betalt av Kreftforeninga og halvparten av kommunen. No betaler kommunen heile løna.  Ho håper at kommunen fortsatt vil betale for stillinga, for dessverre er ikkje dei ulike kreftformene noko uvanleg. Det er 200000 menneske i Norge som har ei eller anna form for kreft. Det kjem 27000 nye tilfelle til kvart år.

I Sykkylven blei det i 2017 oppdaga kreft hos 25 menn og 22 kvinner. For øyeblikket har 211 menn og 214 kvinner ei kreftdiagnose eller har hatt det. Desse tala skulle vel indikere at det er behov for Tone sin jobb.

Kva vil det seie å vere kreftkoordinator?: Overordna er jobben ein forlenga arm frå sjukehus til heimstaden. Ein vanlig dag kan bestå av møte med andre faginstanser. Morgenmøte og planlegging av dagen. Heimebesøk er ein viktig del av jobben både med samtale og med reint fysisk pleie som sårskift og å gi medikament.

Ei krise kan oppstå dersom pasienten får beskjed om spredning eller at den har tatt seg opp igjen (residiv). Då er det sjølsagt viktig at Tone er tilstades for både behandling og trøst.

Ein kreftsjukdom angår ikkje berre pasienten, men også dei pårørande. Etter evt. dødsfall er ein viktig jobb for Tone å vere både til hjelp og støtte for dei etterlatte.

Dersom pasienten treng meir konsentrert behandling og trening, vil behandlingstader som Muritun, Røros og Montebello bli anbefalt, og Tone syter for at pasienten kjem i kontakt med desse stadane.

Tone har ikkje lov til å ta kontakt med ein pasient med nyoppdaga kreft. Det må pasienten sjøl gjere. Det er derfor viktig at ein veit at kreftkoordinator finst. Foredrag i Rotary er sjølsagt eit fint høve til å spreie denne opplysninga.

Eit grundig og strukturert foredrag. Sjøl om temaet er dystert, var det tydelig at det fenga forsamlinga. Mange og engasjerte spørsmål etterpå.

Tilslutt vanlig gest til foredragshaldar frå Presidenten. Så takka han for kvelden sitt møte, minte om neste møte om Lola Day Care Center, og ønska alle vel heim.


I etterkant av foredraget ber Tone meg om å legge ut linken til Kreftforeninga. Her er veldig mykje opplysninger om temaet.

 

Referent

Jarle Svindseth

 


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS