Referat frå Rotarymøte
28.08.2019:
May Brit og Lone besøkte SRK
og fortalte og viste film frå Lola Day Care Center. Dette er eit førskuletilbod
til dei aller fattigaste barna ved byen Bogo på Filippinene. Vidare fekk vi sjå
frå "Little Norway", og frå besøk i det lokale fengselet.
Då president
Petter er på langtur, var det visepresident Knut Jarle som leia kvelden sitt
program.
Han opna med
å ønske alle vel møtt, og då spesielt kvelden sin to gjester: May Brit Tynes og
Lone Tynes Anderson.
Først litt
om dagen sin dato: Arthur og August
har namnedag.
I 1644 starta
det koppergruve i Røros. Bursdager: Tysk
dikter, forfatter og humanist, Johann Wolfgang von Goethe f. i 1749. Russisk
forfatter, Leo Tolstoj f. i 1828. Norsk entertainer, Sølvi Wang f. 1929. Så til
nokre mindre hyggelig: Siste dødsdom etter krigen blei fullbyrda i 1948. I 1963
heldt Martin Luther King sin legendariske tale: «I have a dream». I 1970 blei «Folkebevegelsen
mot EEC" stifta.
I trubadur
Olav sit fråver, fekk Odd det ærefulle oppdraget med å finne Rotarysong: Valget falt på «De nære
ting». Ein sang som er relativt lett å synge, og det klang fint i referent sine
øyre.
Sekretær
kunne opplyse at det er Olaf E og Odd sin tur for BUAS- besøk. Asbjørn Klokk
fylte 72 år nett på denne datoen. Forrige møte var det 28 frammøtte som gav
pene 66,7 % frammøte. Då hadde ho ikkje tatt med permisjoner og dei som er
fritekne for møteplikt.
3- minutt
var ved Ove Straumsheim. Han tok utgangspunkt i ei bok han har lånt på
biblioteket: «Absolutt Sunnmøre». Forfatter er sambygding, Kjetil Tandstad. Ove
fortel at forfatteren skriv lett og underhaldande om dei mest karakteristiske
personlighetstrekk, som det blir sagt, sunnmøringer har. Ove vil absolutt
anbefale å kjøpe boka, f.eks til julegave eller bursdagsgave. Ove har snakka
med forfatteren og han har ein halv meter med bøker igjen. Då målt med
tjukkelsen av boka.
"Prosjekt Filippinene" og Lola Day Care Center:
Etter sterk,
god Rotarykaffe og ditto kraftige sjokoladekaker, fikk kvelden sine to gjester,
May Brit og Lone ordet. Dei er
grunderene til «Prosjekt Filippinene» Ein viktig del av dette prosjektet er
finansiering og drift av førskulen Lola Day Care Center (Facebook)ved byen Bogo. I juli i
år hadde heile familien Tynes besøkt senteret, og Lone viste videofilm frå denne turen. Ho
fortalte at førskolen er for dei fattigaste, og i staden for skolepenger, betaler foreldra med dugnadsinnsats, f.eks. lage mat, sørge for reinhald osv.
Vi fekk sjå
korleis skuledagen starta. Her stilte barna opp til flaggsermoni og avspeling
av den filippinske nasjonalsongen.
Videre fekk vi sjå frå undervisning i klasserommet, der 3 lærarar underviste 30
barn i alderen 3 – 4 år. Så vidt referent forstår, hadde elevene gått på skulen eit par månader. Dei
hadde blitt utrulig flinke på den korte tida.
Opplegget er
heilt annaleis enn ved norske barnehagar. Grunnen, fikk vi forklart, er at barna
ikkje er garantert å få begynne på ordinær skule når dei blir eldre. Dersom dei
lærte seg å lese og beherske engelsk, ville det vere ein god start på vaksenlivet,
om skulegangen skulle utebli. Men om barna begynner på ordinær skule seinere,
har dei fått ein god start.
Lone kunne
fortelle at mange av barna går rundt med Tine sekker og matriell som er samla
inn i Norge.
Etter
tsunamien for nokre år sidan, blei all husbygging flytta lengre frå stranda. Vi
fekk sjå film frå «Little Norway» der det er blitt bygd opp 31 boliger.
Besøk i det
overfylte lokale fengslet høyrer med. Her er utdeling av forskjellige
hygieneartikler veldig populært og kjærkomment. Referent er sjokkert over at så
mange fanger kan leve så tett og så kummerlig.
May Brit og
Lone fortalte at dei hadde blitt kjent med Linn Hjelle frå Nordfjordeid. Ho er
blitt imponert over «Prosjekt Filipinnene». Linn bestemte seg, i denne ånda, for å starte
innsamling til ein Guttebarneheim. Vi fekk sjå video frå
grunnsteinsnedleggelsen, såkalla «Ground Braking Day». Denne barneheimen vil ha
plass til 21 gutar.
Tilslutt
blei vi vist korleis ein gut som hadde vore elev ved Lola DCC budde. Det såg
etter våre forhold ganske stusselig ut. Verst var all gjørma foran huset. Når
guten skulle til skulen, måtte faren bære han over, slik at han slapp å bli
skitten på skoa. Lone har planer om å få gjort noko med dette ved neste besøk. Ho
antyda at det beste er å få støypt ein
betongplatt.
Med så mange
«jern i ilden» trengs det fortsatt masse penger. Referent fekk følgande
Vippsnummer:
Trykk på: «Kjøp
og betal». Vipps: 119070: Då kjem «Prosjekt
Filippinene v/May Brit» fram.
Den flotte
framvisninga og foredraget blir hedra med sedvanlig gest (Bastian bed referent
få med at det er ost frå Tine). Sjå bilde!
Visepresident
Knut Jarle takka både gjester og frammøtte rotarianar, minte om Presidenten sin
time neste onsdag og ønska alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
25. mars 2017
Les referat frå Tekstilkunstner Marit Akslen sitt besøk i Sykkylven Rotaryklubb der ho presenterer sin kunst
17. mars 2017
Les referat og sjå bilder frå vårt besøk hos Torunn Kjemphol og Galleri K2 i Tusvika.
10. mars 2017
Les referat frå Rotarymøte på Kvinnedagen 8. mars og spesielt vår nye medlem Steinar Klokk sitt flotte ego/yrkesforedrag.
23. februar 2017
Les om Sykkylven Rotaryklubb sitt flotte og interessante besøk hos Ove Glas og Fasader på "Tangholmen" i Straumgjerde.
18. februar 2017
Les referat frå kommunalsjef Eli Otterlei sitt flotte og grundig foredrag om velferdsteknologi
3. februar 2017
Les referat frå Rotarymøte 1. februar der m.a. Arne Hanssen fortalte om korleis han tenker seg den planlagte Designvegen.
3. februar 2017
Rotarymøte 25. januar der bl. a. Kjell Welle fortalte oss litt om teknikken bak dei forskjellige radiosignala.
26. januar 2017
Les Olav sitt referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved Peterson Fabrikker her i Sykkylven
14. januar 2017
Les politimester Ingar Bøen sitt foredrag i Sykkylven Rotaryklubb der han orienterte om den nye Politireforma.