Rotarymøte 28.08.2019: "Prosjekt Filipinnene"

Referat frå Rotarymøte 28.08.2019:

May Brit og Lone besøkte SRK og fortalte og viste film frå Lola Day Care Center. Dette er eit førskuletilbod til dei aller fattigaste barna ved byen Bogo på Filippinene. Vidare fekk vi sjå frå "Little Norway", og frå besøk i det lokale fengselet.


Då president Petter er på langtur, var det visepresident Knut Jarle som leia kvelden sitt program.

Han opna med å ønske alle vel møtt, og då spesielt kvelden sin to gjester: May Brit Tynes og Lone Tynes Anderson.

Først litt om dagen sin dato: Arthur og August har namnedag.

I 1644 starta det koppergruve i Røros. Bursdager:  Tysk dikter, forfatter og humanist, Johann Wolfgang von Goethe f. i 1749. Russisk forfatter, Leo Tolstoj f. i 1828. Norsk entertainer, Sølvi Wang f. 1929. Så til nokre mindre hyggelig: Siste dødsdom etter krigen blei fullbyrda i 1948. I 1963 heldt Martin Luther King sin legendariske tale: «I have a dream». I 1970 blei «Folkebevegelsen mot EEC" stifta.

I trubadur Olav sit fråver, fekk Odd det ærefulle oppdraget med å finne Rotarysong: Valget falt på «De nære ting». Ein sang som er relativt lett å synge, og det klang fint i referent sine øyre.

Sekretær kunne opplyse at det er Olaf E og Odd sin tur for BUAS- besøk. Asbjørn Klokk fylte 72 år nett på denne datoen. Forrige møte var det 28 frammøtte som gav pene 66,7 % frammøte. Då hadde ho ikkje tatt med permisjoner og dei som er fritekne for møteplikt.

3- minutt var ved Ove Straumsheim. Han tok utgangspunkt i ei bok han har lånt på biblioteket: «Absolutt Sunnmøre». Forfatter er sambygding, Kjetil Tandstad. Ove fortel at forfatteren skriv lett og underhaldande om dei mest karakteristiske personlighetstrekk, som det blir sagt, sunnmøringer har. Ove vil absolutt anbefale å kjøpe boka, f.eks til julegave eller bursdagsgave. Ove har snakka med forfatteren og han har ein halv meter med bøker igjen. Då målt med tjukkelsen av boka.

"Prosjekt Filippinene" og Lola Day Care Center:

Etter sterk, god Rotarykaffe og ditto kraftige sjokoladekaker, fikk kvelden sine to gjester, May Brit og Lone  ordet. Dei er grunderene til «Prosjekt Filippinene» Ein viktig del av dette prosjektet er finansiering og drift av førskulen Lola Day Care Center (Facebook)ved byen Bogo. I juli i år hadde heile familien Tynes besøkt senteret,  og Lone viste videofilm frå denne turen. Ho fortalte at førskolen er for dei fattigaste, og i staden for skolepenger, betaler foreldra med dugnadsinnsats, f.eks. lage mat, sørge for reinhald osv.

Vi fekk sjå korleis skuledagen starta. Her stilte barna opp til flaggsermoni og avspeling av den filippinske  nasjonalsongen. Videre fekk vi sjå frå undervisning i klasserommet, der 3 lærarar underviste 30 barn i alderen 3 – 4 år. Så vidt referent forstår, hadde elevene gått på  skulen eit par månader. Dei hadde blitt utrulig flinke på den korte tida.

Opplegget er heilt annaleis enn ved norske barnehagar. Grunnen, fikk vi forklart, er at barna ikkje er garantert å få begynne på ordinær skule når dei blir eldre. Dersom dei lærte seg å lese og beherske engelsk, ville det vere ein god start på vaksenlivet, om skulegangen skulle utebli. Men om barna begynner på ordinær skule seinere, har dei  fått ein god start.

Lone kunne fortelle at mange av barna går rundt med Tine sekker og matriell som er samla inn i Norge.

Etter tsunamien for nokre år sidan, blei all husbygging flytta lengre frå stranda. Vi fekk sjå film frå «Little Norway» der det er blitt bygd opp 31 boliger.

Besøk i det overfylte lokale fengslet høyrer med. Her er utdeling av forskjellige hygieneartikler veldig populært og kjærkomment. Referent er sjokkert over at så mange fanger kan leve så tett og så kummerlig.

May Brit og Lone fortalte at dei hadde blitt kjent med Linn Hjelle frå Nordfjordeid. Ho er blitt imponert over «Prosjekt Filipinnene». Linn bestemte seg, i denne ånda, for å starte innsamling til ein Guttebarneheim. Vi fekk sjå video frå grunnsteinsnedleggelsen, såkalla «Ground Braking Day». Denne barneheimen vil ha plass til 21 gutar.

Tilslutt blei vi vist korleis ein gut som hadde vore elev ved Lola DCC budde. Det såg etter våre forhold ganske stusselig ut. Verst var all gjørma foran huset. Når guten skulle til skulen, måtte faren bære han over, slik at han slapp å bli skitten på skoa. Lone har planer om å få gjort noko med dette ved neste besøk. Ho antyda at det beste er  å få støypt ein betongplatt.

Med så mange «jern i ilden» trengs det fortsatt masse penger. Referent fekk følgande Vippsnummer:

Trykk på: «Kjøp og betal». Vipps: 119070:  Då kjem «Prosjekt Filippinene v/May Brit» fram.

Den flotte framvisninga og foredraget blir hedra med sedvanlig gest (Bastian bed referent få med at det er ost frå Tine). Sjå bilde!


Visepresident Knut Jarle takka både gjester og frammøtte rotarianar, minte om Presidenten sin time neste onsdag og ønska alle vel heim.

Referent

Jarle Svindseth

 


 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS