Rotarymøte 11.09.2019: Ole Bjørn Roald.

Referat frå Rotarymøte 11.09.2019:

Ole Bjørn Roald held foredrag om dei arkeologiske funna på Auremarka. Han ser for seg at ein kan lage ei opplevingsreise for turister der ein kombinerer vikingkultur og arkeologi med kulinariske opplevinger.

President Petter ønska alle vel møtt, og særleg kvelden sin gjest, Ole Bjørn Roald. Han ville halde foredrag om korleis ein kan utnytte dei arkeologiske funna på Auremarka. Applaus!

Som vanleg litt om dagen sin dato: Dagny og Dag har namnedag.

I 1938 blei Sondre Bratland født.

I Chile var det militærkupp denne dato i 1973. President Salvador Allende blei drept.

I 1988 demonstrerte 300 000 mennesker i Tallinn med krav om sjølstende frå Sovjetunionen.

I 1989 erklærte Ungarn seg sjølstendig frå Sovjetdominansen.

Til sist: Noko som har gjort denne datoen til eit dystert begrep: Terroristangrepa i USA som kosta 2800 mennesker livet.

Rotarysong:

I etterkant av kommunevalget, der dei «grøne» partia hadde god framgang, synes trubadur Olav at «Himlajord» av Evert Taube passa godt. Den var lett å synge med Olav sitt flotte gitarspel.

I sekretæren sitt fråver, forkynte president Petter at Geir B har bursdag 17. september og fyller då 66 år. Om det er noko symbolsk i det, veit ikkje referent, men den same Geir står for tur til BUAS- besøk saman med Greta.

3- minutt:


3 minutt var Roald Mork. Han viste flotte bilder frå ferieturen i sommer til dei greske øyer, nærare bestemt Kykladene. Særleg imponert blei referent over den flotte solnedgangen frå hotellrommet som Roald budde på.

Ymse frå presidenten:

President Petter fortalte at han hadde ein eller to kandidater til RYLA.

Styret hadde bestemt å sponse deltaking ved Stranda Rotary sitt 60 års jubileum med kr. 300,-. Dette for å få opp interesse for jubileumsfesten. Styret i SRK ville ha møte med Guvenøren kl. 16:00 her i Sykkylven.

Då Poliodagen på Fagrefjellet har hatt ein tendens til å bli ramma av dårleg ver, bestemte Styret å flytte ned til sentrum, laurdag 5. oktober. Som vanleg i samarbeid med Speidarane. Petter etterlyser fleire som kan ta del i planlegginga av denne dagen.

Ole Bjørn Roald: Ei kulinarisk historiereise:

Etter rotarykaffe med eplekake som smelta på tonga, fekk Ole Bjørn ordet: Han er medlem av «Styret for Aure-Pål sine Vener». Han held eit langt og grundig foredrag om dei arkeologiske funna på Auremarka. Referent verken kan eller vil gå i detalj om dette. For meir detaljert info, klikk på: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Auremarka_-_fornfunn.


Ein raud tråd i Ole Bjørn sitt foredrag er korleis ein kan utnytte desse funna til å skape verdier i Sykkylven. Det er eit faktum at mange møbelfabrikker balanserer på ein knivsegg, reint økonomisk. Ekornes går endå bra, men det er for risikabelt å basere økonomien kun på eit bedrift. Det har elles, fortel Ole Bjørn, aldri vore så stilt på Aure etter butikkstengetid og med fleire ledige forretningslokale. Derfor meiner han at Sykkylven knapt har råd til å la sjansen gå frå seg til å utnytte funna økonomisk.

Foredragshaldaren viste til korleis andre kommuner med fornfunn har utvikla desse til ei inntektskilde: Borg i Lofoten, Torvsteinen i Sandnes, Øyna i Inderøy (Privat), Kaupang Vikingby i Tønsberg, Borre i Vestfold (Gildehallen), Landa Park (likner oss mest) og til sist, men ikkje minst Sagastad i Nordfjord. Her er det blitt investert 60 mill. kroner i ein Kunnskapspark.

Slik referent forstår Ole Bjørn, tek han utgangspunkt i Designvegen, der turisten blir leia gjennom kommunene Sykkylven – Stranda og Stryn.  Etter å ha bygd ein Gildehall og Kulturpark, tenker Ole Bjørn at ein, for det første, kan formidle kultur og historie frå steinalder til vikingtida. Deretter, kjem vi til det kulinariske: Gjere synlig gamal kokekunst og mathistorie frå sjø, elv og fjell. Og med bakgrunn i dei historiske funna, servere kjøtt, fisk og øl.

Dette er byrjinga på ei kulinarisk reise som går vidare til Stranda og den solide mattradisjonen dei har. Her blir det formidling av den industrielle sida av matproduksjon med både smaksprøver og salg av mat.

Vidare til Hellesylt med formidling av historie og servering av mat også her. Ein kuriositet er orientering om Åkernesrenna. Til slutt går turistane om bord i ferja til Geiranger der dei kan oppleve kultur ved Fjord Senteret og omvisning i Unesco sitt verdensarvområde. Her er fleire hotell som kan servere lokal og kortreist mat. Turistane treng ikkje reise svoltne herifrå heller.

Ole Bjørn minte om at det er eit stort potensial dersom ein får til ei djupvasskai ved Aure. Her kan turistbåter legge til. Det kan tenkast at turistane kan bli leia same ruta som beskreve ovanfor.

Men for å få dette til må ein samarbeide: Mellom kommunene, og fylket må kome på bana. Likeleis med private aktører. For å fortgang i prosessen må det utarbeidas ein profesjonell prosjektplan og ein økonomisk driftsplan.

Ole Bjørn avslutta foredraget med at for å lykkas må ein tørre å satse, og kvaliteten må vere god.  

Det store spørsmålet er om Sykkylven har råd til å la vere.

Som vanlig ein del spørsmål etter foredraget. At mange var interesserte i temaet, viste frammøte: Det var flotte 31.

For å videreføre det kulinariske ved kvelden sitt tema, fekk Ole Bjørn overrakt ei kortreist fårepølse av president Petter.


Så takka Presidenten for møtet, minte om neste onsdag sitt tema og ønska alle vel heim.

 

Referent

Jarle Svindseth



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS