Rotarymøte 23.10.2019: Konsernsjef Olav Holst Dyrnes: Stoda ved Ekornes Fabrikker i dag.

Referat frå Rotarymøte 23.10.2019:

Konsernsjef Olav Holst Dyrnes held orientering om situasjonen ved Ekornes Fabrikker. Mange tilhøyrarar hadde møtt opp, også mange eksterne gjester. Elles nytta president Petter det gode frammøte til å fortelle kort om Rotary, både lokalt og internasjonalt.

President Petter ønska alle vel møtt, og denne gangen var det mange gjester som som var interessert i å høyre kva konsernsjef ved Ekornes Fabrikker, Olav Holst Dyrnes hadde å berette. Som solid støtte og forsterkning hadde han fått med seg Mette Toft Bjørgen, ny økonomisjef ved fabrikken. Stor applaus!


Bilde til ve.: President Petter, konsernsjef Olav,  finansminister ved Ekornes, Mette,  finansminister i SRK, John Henrik og avtroppane president Greta.

Bilde til hø.: "Stinn brakke" med ikkje mindre enn to tidligare ordførarar og ein noverande.

Men sjøl med mange gjester,  er det vanlig møterutine med dagen sin dato: Severin og Søren har namnedag. For fotballinteresserte: Den brasilianske fotballspeler, Pele blei født denne dato i 1940. Den danske sanger og musiker, Kim Larsen født i 1945. Samme dato som politiker, Jon Lilletun.

Så til samferdsel: Brua over Saltstraumen blei opna i 1978. For å redde fredsprosessen i Nord Irland, la IRA ned våpna i 2001.

Så ei lita historie: Ein innbarka ungkar  gifta seg til slutt. Men etter ei stund begynte han å mistrives og savne ungkarslivet. «Men du kan då ikkje berre tenke på skyggesidene ved ekteskapet vårt», sa kona. «Det er klart eg gjer det» sa mannen, «slik som du har ført meg bak lyset».

Rotarysong:

Så var trubadur Olav tilbake. Han hadde funne fram ein song som passa godt til årstida: «Det er lauvfallstid»  av sykkylvsdikteren, Henrik Straumsheim. Det blei eit riktig stort kor med flott gitarspel attåt.

Sekretær:

Sekretær Kristin kunne forkynne at ved forrige møte var det 23 frammøtte. Rekna med permisjoner og møtefritak, gav det 58,97 % frammøte. BUAS-besøk blir ved Steinar K. og Olav P. Komande veke er det ikkje mindre enn 3 bursdager. Per Ringdal, Øyvind Østvik og Oddbjørn Ramstad. Applaus!

Kort orientering om Rotary:

I staden for 3- minutt, heldt president Petter ei lita orientering om Rotary, både på klubbnivå og internasjonalt nivå. Først litt om møta våre på onsdager og rutinene her. Deretter orientering om klubben sine ulike prosjekt. Han nemnte at vi for kort tid tilbake var vertskap for ein utvekslingsstudent frå Brasil. Til gjengjeld sendte vi ein ungdom frå Sykkylven til Brasil. Elles nemnte han ungdomsarrangementet, Sommercamp i august i år med besøk av 12 ungdommer frå 10 ulike land. Han avslutta med at mottoet vårt er å «Gagne andre». På engelsk er mottoet: "Service above self". Sjå under!



Etter Rotarykaffe og gode sveler, var vi spente på kva adm. dir. Olav Holst Dyrnes hadde å berette.

Adm.dir Olav Holst Dyrnes: «Frå Sykkylven til Shanghai»:


Han kalla foredraget sitt for «Fra Sykkylven til Shanghai». Kina og Shanghai er aktuelt no etter at Ekornes har fått kinesiske eigere.  Dei har kjøpt opp 98 % av aksjene, og tatt konsernet av børsen. Dermed er Ekornes Fabrikker i kinesisk  privat eige.

For dei som har inntrykk av at Ekornes har stagnasjon og nedgang, kunne Olav berolige med at både omsetning og økonomiske resultat er stort sett stabile. Det har det vore dei siste 4 til 5 åra. Han fortalte at konsernet har tatt opp lån på obligasjonsmarkedet. Dette er det ingen dramatikk i. Det blei tidligere betalt ut 220 mill. kr årlig til aksjeeigere. Så vidt referent forstår, kan dette no nyttast til å betale renter. I alle fall kan ikkje eigarane stikke av med pengene, så lenge konsernet har gjeld.

Elles er Ekornes sitt motto: «Improve everyday living». Konsernet jobber for at kundane skal erfare dette. Stressless har fått ny logo: «It,s time for Stressless». Denne logoen, saman med ovenfor nemnte motto, skal få folk til å like stolen og ha den som førstevalg.

Olav presenterte på engelsk: «Commen set  of  Value and Vision across all buisness units». Dette fører med seg, i følge Olav, at ein ved Ekornes skal vere «Ærlig – Ekte – Entusiastisk og Endringsdyktig». Og ein ting kan i alle fall ingen ta frå Ekornes: Historia som begynte med at Jens Ekornes i 1934 rodde til Ålesund for å selge korgmøbler.

Olav presenterte ein del tal når det gjaldt økonomien. Dette vil ikkje (kan ikkje) referent gå i detalj i. Men det blei presentert 3 segment: Stressless, IMG og Svane-madrasser. Stressless hadde ein liten nedgang i 2018 , sjøl om dette slett ikkje er dramatisk. Det er venta ein oppgang i 2019, slik at resultatet blir som i 2017.


Bilde: Frå ve.: Stressless, Stol frå IMG og Svanemadrass.

For IMG er det venta ein liten nedgang frå 24 % fortjenste i 2018 til 18 % i 2019. Men så vidt referent forstår er dette ein nedgang som er under kontroll.

Svanemadrasser, derimot, har gått med underskot. Dette kan bli på minus 17 % i år. Det blir likevel jobba hardt med å snu denne trenden. Olav er rimelig sikker på at det vil gå i balanse innan overskuelig framtid.

Som oppsummering fortalte Olav at den overordna strategi og målsetning er 3 til 5 % vekst i 2020, med ein driftsmargin på 16 – 18 %. Dvs. den totale omsetninga skal auke  frå 3150 mill. til 3500 mill. I år er driftsresultatet på 420 mill. Referent vil tru at dette vil auke, dersom nemnte omsetningsauke slår til.

Olav fortalte at Ekornes har forbedringspotensiale når det gjeld produktutvikling. Frå Kina blei det utvikla ei rekke forslag til sofaer. Ekornes tok ut 3 som dei meinte kunne ha potensiale for produksjon og salg. Olav såg for seg  tettare samarbeid om produktutvikling i tida som kjem.

Den overordna konklusjonen, slik referent forstår, er at Ekornes Fabrikker går godt, både når det gjeld salg og økonomi. Konsernsjef, Olav virker både optimistisk og entusiastisk. Bygda, som er avhengig av konsernet reint økonomisk, kan foreløpig føle seg rimelig beroliga og optimistisk.

Etter ein del spørsmål, fekk Olav ein svært fortjent gest (kortreist ost). Så takka president Petter for det gode frammøte og ønska alle vel heim.


 Bilde til ve.: President Petter takker Olav med gest. Hø: Olav og Mette.


Bilde: Flott bilde med konsernsjef Olav, president Petter og økonomidirektør Mette.


Referent

Jarle Svindseth

.



 
Dugnad i Kyrkjeparken

3. mai 2016

Dugnad i Kyrkjeparken

Kyrkjeparken i Sykkylven, ei perle i sentrum!
Service Above Self – Å gagne andre – kjem av og til ekstra godt til syne hos medlemmene i Sykkylven Rotary Klubb. Til dømes på den årvisse dugnaden i Kyrkjeparken.

Sykkylven Næringsutvikling

24. februar 2016

Sykkylven Næringsutvikling

I dag hadde vi besøk av Jarle Strømmegjerde som heldt et interessant foredrag om SNU og aktivitetane der. Sjekk gjerne denne heimesida: http://www.skaparglede.no

InterCitymøte  på Berlihuset

20. oktober 2015

InterCitymøte på Berlihuset

Onsdag 14,. oktober hadde vi besøk av guvernør Odd Jarle Hagen og ass. guvernør John Stenes

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

9. juli 2015

Helse Møre og Romsdal Hf som hovudtema i SRK

Det opne møtet i Sykkylven Rotary Klubb sist onsdag samla fram mot førti medlemmer og gjester. Alle ville dei høyre det som konstituert administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, hadde å seie om sjukehusstruktur og spesialhelsetenesten

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

21. mars 2015

KK-Seminar/ Klubb Kompetanse Seminar, Ålesund

Distrikt 2305 inviterte tillitsvalde i klubben til seminar 21.mars 2015, på Quality Hotel Waterfront i Ålesund. Biletet viser samlinga i plenum før lunsj.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS