Rotarymøte 30.10.2019: Presidenten sin time

På kort varsel måtte bedriftsbesøket til Sykkylven Stål byttast ut med Presidenten sin time. President Petter og AG Greta Herje sørga - saman med 3-minutt-kåsør Bastian Weiberg-Aurdal, for at det vart ein mjuk overgang til eit møte med godt innhald. 


Sykkylven Rotary Klubb, klubbmøte og Presidenten sin time den 30. oktober 2019 kl. 19.

Skrivar: Olav Pileberg, vikarskrivar for Jarle S.

 

President Petter Velle ønska vel møtt til rotarymøte med Presidenten sin time. NB.: Etter som herverande skrivar var oppteken med å leite seg fram til bedriftsbesøk hos Sykkylven Stål på Vikøyra… i følgje nettsida vår, vart det heller ringsleg referat frå dei første møteminutta. Men, okke som er: i følgje presidenten sin køyreplan er Dagen i dag namnedag for Aksel (dansk), som kjem frå hebraisk Absjalom = fredens far.  Ånund/ Ove kanskje av urnordisk anu, som tyder forfader.  Av minnedagar kan ein nemne 1536, då Reformasjonen vart innførd i Danmark-Norge. I 1938 vart det omtrent panikk i USA, då radioen sende eit høyrespel av Orson Wells, om invasjon frå planeten Mars. Av nyare hendingar  vart det nemnt tragedien i Göteborg 1998, då 63 ungdommar miste livet i ein diskotekbrann.

Ord for dagen: Det er like gale å stole på alle som ikkje å stole på nokon.

Rotary-song? Sjå NB! ovanfor. Deretter: sekretær Kristin om 1) bursdagar, 2) BUAS, og 3) Frammøte sist veke.

3-minutt var ved Bastian W-Aurdal. 


Han fortalde om ein tur til Krakow i Polen tidlegare denne hausten, saman med eit vennepar. Reisa gjekk med direktefly frå Vigra til Katowice, som ligg 8 mil unna reisemålet. Krakow er kjend som ein vakker by med mange interessante objekt for ein turist. Bastian nemnde spesielt saltgruvene Wielichka, og det at byen står på UNESCO si verdsarvliste. Hovudfokus i dei 3 minutta fekk likevel utryddingsleirane Auschwitz og Birkenau. Desse anlegga var dei største og mest effektive som naziregimet oppretta medan dei hadde makta i området, 1938-1945. «Den endelege løysinga» let etter seg rundt 6 millionar døde fangar; hovudsakleg jødar, men òg sovjetiske, polakkar og sigøynarar. Sidan 1992 har Stiftelsen Hvite Busser til Auschwitz arrangert kunnskapsreiser for norsk skoleungdom, til Polen og til andre land med liknande leirar. Bastian peika til sist på at trass i all dokumentasjon og informasjon om alt dette vonde frå 2. verdskrigen, ser vi likevel i dag oppblomstring av nynazisme i Europa. Det er skremmande!

Etter kaffipausen med Vinlotteri tok President Petter ordet, og fortalde om ei gransking den 2. oktober i klubben der ein stilte spørsmålet: Korleis kan klubben vår verte meir synleg i lokalsamfunnet, og elles til ei kvar tid halde aktivt nettverk ut til medlemmene best mogeleg. Mellom svara som kom inn var nokre stort sett fornøgde som det er, nokre ville samarbeide med andre om kulturarrangement, andre ville samle folk frå andre nasjonar, atter andre ville ta del ved tilskipingar i sentrum… t.d. Sykkylvsdagane, Polio+. Nettverk til medlemmer og folk elles, vert teke i vare gjennom nettsida vår www.sykkylven.rotary.no  og på Facebook: Sykkylven Rotaryklubb. Det er viktig at den informasjonen som står på desse sidene er oppdatert og korrekt; til å lite på. Skrivaren vil også poengtere kor viktig det er at meir enn ein kan kunsten å legge inn nytt stoff og redigere desse sidene. Rett som det er vil det vere bruk for ein vikar. «Sida er interessant!» sto det på skjermen.

Presidenten gav så ordet til vår nye Assisterande distriktsguvernør,

  AG SØRE SUNNMØRE Greta Kristi Herje, Sykkylven RK Mob. 917 37 973
E-post: gr-k-her@online.no
 (Klipt frå KONTAKTINFORMASJON frå DISTRIKTSORGANISASJONEN på Facebook)

Altså, enkelt sagt: Greta fekk ordet, og ho hadde vore i lag med distriktsguvernør i D2305 Vigdis Osbak, Alvarheim RK, på rundtur mellom klubbane på Søre Sunnmøre. Dermed hadde ho tileigna seg informasjon og inntrykk av korleis klubbane driv. Med unntak av Stranda RK og Sykkylven RK – som vi frå før kjenner rimeleg bra – fortalde ho om korleis dei driv, - drivnad og trivnad - både  «ute på øyane» og i nabolaget her på fastlandet. Det er ikkje snakk om store skilnader, men Ulstein Rotary Klubb fekk ekstra kudos og kredit for ein flott video om kommunen, og for gode fokusområde lokalt og internasjonalt. Hareid RK, Herøy RK, Volda RK og Ørsta RK fekk også heiderleg omtale. Vi reknar sjølvsagt med Stranda RK og Sykkylven RK også, sjølv om dei som før skrive ikkje fekk eigen omtale i kveldens møte. Etter dette informerte presidenten litt om ein kommande Ølfestival 16. nov. i regi av Sula RK, før lotterigevinstane vart delte ut og møtet vart avslutta med presidenten sitt varme ønske om «Vel heim!».

 

 
Presidenten sin time

18. mai 2019

Presidenten sin time

President Greta leia Presidenten sin time på beste vis, og fordelte orda mellom Geir Løseth, 3-minutt, og innkommande president Petter Velle, som orienterte om kommande Rotary-år 2019-2020

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

22. januar 2019

Med Terje Aurdal gjennom tre land, frå Grense - Jakobselv til Lindesnes.

Friluftsmannen Terje Aurdal besøkte Sykkylven Rotaryklubb og tok medlemmene med på ein forvitneleg tur på ski, på sykkel og i kano frå Grense - Jakobselv i Finnmark, gjennom Finland og Sverige til Sulitjelma og heilt til Lindesnes.

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

10. februar 2018

Presidenten sin time: Bastian fortel om besøk av 60 framtidige bønder.

Les referat frå Presidenten sin time med Vinlotteri.

Rotarymøte 10 . januar 2018:

11. januar 2018

Rotarymøte 10 . januar 2018:

Les referat av ordfører Odd Jostein si orientering om stoda i Sykkylven Kommune.

Presidenten sin time med Vinlotteri

6. januar 2018

Presidenten sin time med Vinlotteri

Les Olav sitt flotte referat frå Presidenten sin time 3. januar.

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

6. januar 2018

Julemøte i Sykkylven Rotaryklubb.

Referat frå koselig julemøte 20. desember 2017

Rotarymøte 13.desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 13.desember 2017

Les Olav sitt flotte referat med m.a. Lars Einar Riksheim sitt foredrag om Amtec.

Rotarymøte 6..desember 2017

6. januar 2018

Rotarymøte 6..desember 2017

Les Ragnar Kaland sitt foredrag om arbeidsplassen sin Laader Berg.

28. desember 2017

Presidenten sin time med Årsmøte

Les referat frå Årsmøtet

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

28. oktober 2017

Utvekslingsstudent Benjamin Stuen via skype frå Stord:

Les kva vår utvekslingsstudent frå Brasil hadde å berette via skype.


 
Ingrid van der Velde:

9. september 2017

Ingrid van der Velde:

Les referat frå Ingrid sitt flotte foredrag: "Frå Norge til Nederland: Sykkylven på godt og vondt".

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

5. september 2017

Landsspeiderleiren i Bodø 2017:

Les kva speidarane hadde å fortelle frå Landsspeiderleiren i Bodø 2017.

Besøk ved den nye Brannstasjonn

5. september 2017

Besøk ved den nye Brannstasjonn

Les referat frå Sykkylven Rotaryklubb sitt besøk ved den nye Brannstasjonen.

Presidentskifte.

29. juni 2017

Presidentskifte.

Les og sjå bilder frå presidentskifte i Sykkylven Rotaryklubb. Bastian tek over som president etter Steven.

May Britt og Prosjekt Filippinene:

26. juni 2017

May Britt og Prosjekt Filippinene:

Les siste Infobrev nr. 20 frå Prosjekt Filipinnene.

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

17. juni 2017

Utvekslingsstudent Daniel heldt foredrag på norsk om sitt opphald her i Sykkylven.

Les kva Daniel hadde å fortelle frå sitt opphald her i Sykkylven. Sjå også bilder frå "avskjedsfesten".

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

13. juni 2017

Kjell Løseth fortel om identitetstjuveri.

Les referat frå møte i SRK der Kjell fortel om identitetstjuveri og mester -identitetstjuv Viggo Johan Ørbak.

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

22. april 2017

Vårt nye medlem Sindre Stuen heldt sitt Egoforedrag 19. april.

Les Sindre sitt foredrag frå eit spennende liv både til lands og til vanns.

Visepresidenten sin time 5. april.

8. april 2017

Visepresidenten sin time 5. april.

Les kva visepresident Bastian hadde å fortelle frå Presidentkurset (PETS) på Dombås 1. og 2. april. Les også kva sokneprest Helge fortalte om sin situasjon etter oppseiinga av sin jobb som prest.

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

1. april 2017

Fredrik Støyva Emblem frå Ålesund Kunnskapspark (åkp)besøker Sykkylven Rotaryklubb

Les referat frå det interessante og framtidsretta foredraget som Fredrik heldt 29. mars i Sykkylven Rotaryklubb.

Sosiale medier

Møteinformasjon

Møtested: Bibliotekjelleren
Adresse: Pilgata 10, 6230 Sykkylven
Postnummer: 6230
Sted: Sykkylven
Land: NO
Møtedag: Onsdag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no

Place content here

Møtearkiv fra
før August 2022



rotary lenker

Nyheter fra
rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

District - Rotary RSS