Referat frå Rotarymøte
06.11.2019:
Sjef i Sykkylven Energi, Per Arne Edvardsen
heldt eit time langt foredrag om Sykkylven Energi, både om stoda i dag og
korleis han ser for seg Sykkylven Energi i framtida. Han tok også for seg mange
av mytane kring energiforsyning og prising av denne.
Etter først
å ha arrangert styremøte, ønska president Petter alle vel møtt, og då spesielt
kvelden sine to gjester, Borgar Tynes og kvelden sin foredragshaldar, Per Arne
Edvardsen. Applaus!
Litt om dagens (kvelden) sin dato: Masse
bursdager: Forfatter Jonas Lie f. 1833. Amerikansk komponist og orkesterdirigent,
John Philip Sousa f. 1854. Politiker, Bjarmar Gjerde f. 1931 og sjølvaste
«Kupperen», Knut Johannessen f. 1933. Fotballspelar, Odd Iversen f. 1945.
Fotballkollega og trenerprofil, Kjetil Rekdal f. 1968. Tilslutt meteorolog og
einaste kvinne, Siri Kalvig f. 1970.
I 1632 fall
Gustav 2. Adolf i slaget ved Luzern. Sjøl om svenskene vann slaget, så markerte
fallet til kongen slutt på svenskane si stormaktstid i Europa.
I 1813
erklærte Mexico seg uavhengig frå Spania.
Så ein liten
«fun fact»til slutt: Høgste temperaturen i november i Norge blei registrert i
Tafjord, 2003 på heile 21,6 grader. Litt forskjell mot dagens temperatur.
Rotarysong:
Sidan vår
gjest er sjef for Sykkylven Energi, hadde trubadur Olav spekulert lenge på kva
rotarysong som kunne passe. Valget falt på «Kjenn ditt land». Kanskje ikkje direkte knytta til kvelden sitt tema, men i
eit av versa blei det i alle fall nemnt «fossefall».
Sekretær:
Sekretær
Kristin kunne forkynne at det er Arvid og Steinar sin tur for BUAS-besøk.
Frammøte sist var 24. Med permisjoner og fritak ga det pene 66,67 % frammøte.
Sidan E –
sjef, Per Arne Edvardsen hadde tillyst eit ganske langt og omfattande foredrag,
droppa vi 3- minutt og gjekk rett på Rotarykaffen.
Sjef for Sykkylven Energi, Per Arne
Edvardsen:
Per Arne fekk
så ordet: Han opna med å fortelle litt om både utdanning og yrkeskarrriere,
begge deler ganske omfattende. Siste jobb er som sjef ved Sykkylven Energi, der
han blei tilsatt i des. i fjor. Per Arne kalla foredraget sitt: «Gi liv til eit samfunn i utvikling».
Han var klar på at energiforsyning er ei bransje i utvikling. Det har skjedd
mykje berre dei 5 siste åra. Det er ei utstrakt grad av digitalisering, og det
er større merksemd på klima og problematikk rundt dette.
Han valgte å
dele foredraget i 3 deler: 1. Først litt tall frå selskapet. 2. Utvikling i
kraftmarkedet i eit produksjonsperspektiv, 3. Litt om Energibransjen sine
utfordringer i eit større sammenheng.
Først litt
om økonomien: 2018 hadde vore eit godt år for Sykkylven Energi med eit overskot på 18 mill. Etter skatt er resultatet 14 mill. Per Arne rekner med at 2019 blir
like godt. Deretter kan det bli meir utfordrande. Frå byrjinga av dette årtusen,
har det gått opp og ned økonomisk, alt etter mengda investeringer. Sjølsagt er
også kraftprisane utslagsgivande. Per Arne opplyste at Sykkylven Energi driv nettjeneste
og tek betalt for å leie ut nettet. Strømmen, som blir produsert, går inn på
Nordpool, og blir selt vidare derifrå.
Når det
gjeld investeringer for 2020, er fiber og distrubusjon dei største postane.
Elles blir strømforsyning til fergene ei stor utfordring. Dei vil bli forsynt
frå Trafostasjonen på Heiane, og Sykkylven Energi vil forsyne både Ørsneset og
Magerholm. Så vidt referent forstår, er det ganske formidable strømmengder som
må til for å ladde fergene i 4 minutt ved kvar stopp. (3,2 MW)
Bilder: Ve.: Diagram over investeringer: Hø: Illustrasjon av prising av straum:
Noko som mange har lurt på, er korleis prisen på straum blir fastsett. At lite vatn i magasina gjer straumen dyrare, forstår vi. Men, i følge Per Arne, er det ikkje så enkelt at det kun er vassreservane som er avgjerande. Dersom fornybar energi som sol, vatn og vind ikkje er i stand til å forsyne oss med nok energi, må vi supplere med atomkraft, kull og gass. Dette må kjøpes til, og kan vere ganske dyrt. Den fornybare energien er derimot billig, så lenge produksjonsutstyret er bygd og på plass. Eit moment er at handel med straum ikkje føler vanlig «Tilbud – Etterspørsel –kurve», men er nesten loddrett. Altså har prisen på strømmen lite å sei for etterspurnaden. Sjå kurve over:
Om vinteren
produserer vi ikkje nok straum, og må importere frå utlandet. Derimot, om
sommeren, er det kraftoverskot og vi kan eksportere. Eit lite poeng er at
E-verket no, via dei nye digitale straummålarane, kan prise straumen alt etter forbruket.
Midt på dagen er straumforbruket størst, og då er prisen høgst, medan midt på
natta er forbruket lågt, og dermed blir prisen pr. KW og lågare.
Skal Noreg
nå FN sitt klimamål om å begrense temperaturstigninga til 1 til 1,5 grader, må
det ei omfattende elektrifisering til. Mengda det er snakk om, er i storleiken 30 – 50 GWH. I Norge ser ein for seg at Kraftsektoren vil
drive oppvarming og industri ved hjelp av hydrogen (som produserer straum) og varmepumper.
Når det gjeld transportsektoren, tenker ein at hydrogen og batteri kan erstatte
bensin og diesel.
Fortsatt er
det mykje energiforsyning med olje, kull og gass. Særlig gjeld dette
transportsektoren og i sjølve olje- og gassutvinningen. Situasjonen er bedre
innan industri, bygg og næring. I transportsektoren håper ein at både
veitransport, ferger og fly skal bli elektrifisert i større grad enn i dag. Å
få utvinning av olje og gass 100 % elektrifisert, blir ikkje lett, men forbedrinspotensiale
er stort. I dag er fleire boreplattformer i ferd med å få landstraum.
I eit lengre
perspektiv, ser Per Arne for seg at det blir utvikla smarte byer, som i staden
for å forbruke straum, kan tenkast å produsere straum. Siste, plansje som blei vist,
gir oversikt over korleis elektrisiteten går frå produksjon
til sentralt nett til regionalt nett til distrubusjonsnett. Vidare til dagens
kunder, til mikronett,
ladeinfrastruktur for elbuss, ferjer og
skip. Nødaggregat og batterier
blir sjølsagt ladda elektrisk. Til slutt til byggeplasser som blir elektrifiserte og dermed utsleppsfrie.
Som ein
forstår, er det nok av utfordringer for straumforsyninga, både internasjonalt, på
landsbasis og lokalt. At Sykkylven
Energi har mykje å jobbe med framover, blei stadfesta fullt ut Per Arne. Eit
grundig og informativt foredrag som tok oss inn i ei nødvendig utvikling i
framtida.
Mange
spørsmål underveis. Saman med det grundig foredraget, føltes den halve timen på
overtid som vel anvendt tid.
Per Arne
blei takka av med sedvanlig gest. Så gjenstod det for president Petter å minne
om neste møte og ønske alle vel heim.
Referent
Jarle
Svindseth
22. desember 2016
Les om det tradisjonelle Julemøtet i Sykkylven Rotaryklubb.
1. november 2016
Les og sjå bilde frå Sykkylven Rotaryklubb sitt bedriftsbesøk 26. oktober 2016
23. oktober 2016
Sjå og les korleis SRK valgte å markere denne dagen.
22. oktober 2016
Stranda Rotaryklubb inviterte til intercitymøte på Stranda Hotel, onsdag 19. oktober, i høve guvernørbesøk frå D 2305.
22. august 2016
Les om Daniel Pedroso som har kome den lange vegen frå Brasil til Sykkylven
2. august 2016
Les meir om den nye Verdenspresidenten på Nyhendesida vår.
7. juli 2016
Ny president i Sykkylven Rotary Klubb 2016-2017 er Steven Blindheim. Presidentskiftet var 29. juni, og 6. juli leia Steven sitt første ordinære rotarymøte. Mellom anna orienterte han om klubben, som nettopp har passert sine 60 år. Charterdato er 5. juli.
4. juli 2016
Bedriftbesøk til Rico Bil AS i Ålesund sto på programmet 13. april 2016. Vi vart tekne særs godt i mot av dagleg leiar Jorunn Lundanes og noverande konsulent Fred J. Rishaug. Han grunnla bedrifta i 1988 og sto for leiinga til 2014 då Jorunn tok over.
27. juni 2016
Sykkylven Rotary Klubb: Bedriftsbesøk 15. juni 2016 hos Nyborg AS, Sykkylven. http://nyborgfan.com/ Bedrifta produserer vifter og utstyr til ventilasjon i skip, oljeplattformer og alle leveransane blir "skreddarsydde" etter kunden sine behov.